Fleire aktørar satsar stort for å gjere Hjørundfjorden attraktiv for turistane.
Rekkedal Gjestehus satsar på god mat og opplevingar.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKRekkedal Gjestehus i Bondalen er ei av fleire bedrifter som gjennom eit to-årig satsingsprosjekt, skaper aktivitetar og opplevingar for turistar frå inn- og utland. Lokalprodusert mat og gode historier er konseptet på Rekkedal.
Samarbeid viktig
Marianne Øye-Mork rosar samarbeidet i regionen.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKHotel Union på Øye utfyller opplevingane frå gjestehuset i Bondalen. Hotellet har sidan 1880-åra vore lokomotivet i reiselivet i Hjørundfjorden og er sjølvsagt med på oppturen i turismen. Samarbeidsprosjektet betyr mykje seier Marianne Øye-Mork som er direktør på Hotel Union.
- Samarbeidet mellom bedriftene er positivt for alle sjølv om vi er konkurrentar, seier Øye-Mork. Alle får ringverknader av kvarandre og vi er alle gode samarbeidsparnarar.
Utbygging i småskala
Småskalautbygging er tingen meiner Kjetil Aarseth.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRKKjetil Aarseth er Produkt- og destinasjonsutviklar for Destinasjon Ålesund & Sunnmøre.
- Vi har satsa rett ved å bygge ut i småskala og gi turistane unike opplevingar som varer lenge.
Og tilbakemeldingane frå gjestane har vore overstrøymande.
Naja og Lars winding skryter uhemma av opplevingane.
Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK- Vi har ikkje prøvd noko slikt før. Difor synes vi det er heilt utruleg. Naturen er storslått og superflott! seier Naja og Lars Winding. Vi skal nok prøve å selje dette også viss vi kjem oss heim att...