Heile flokken på 25 dyr blei redda opp i båt og er no frakta tilbake til Hjertøya.
Det var Odd Terje Heimen som oppdaga sauene som stod fast på eit skjer ved Hjertøya i Molde, då han skulle ut i båt og sjå på den store vasstanden.
– Fleire av sauene stod med vatn til knea, seier Heimen til Romsdals Budstikke.
Det var fleire som drog ut for å berge sauene i båt.
Foto: Pål GaasøySette i gang ein redningsaksjon
Det blei starta ein redningsaksjon for å få sauene på trygg grunn. Seks stykker drog ut for å ta sauene tilbake til øya. Sauene skal ikkje ha vore vanskeleg å få med seg.
– Vi brukte båtar som er bygd for å frakte sau. Vi hadde med oss noko mat til dei, så dyra gjekk om bord i båten sjølv, seier Gaasøy, som var blant dei som hjelpte til.
Sauene stod på eit skjer, som ein kan gå tørrskodd til på fjøre sjø.
– Dei har blitt overraska av floda, seier Gaasøy.
Dei 25 sauene er no trygt tilbake på Hjertøya, der dei skal vere.
Foto: Pål Gaasøy– Vi er sjeleglad
Saueeigar Kjell Paulsen skulle eigentleg sjå til dyra på måndag, men dårleg vêr gjorde at dei utsette det. Han er glad for at dei blei varsla om at dyra var i fare.
– Vi er sjeleglad for at folk seier frå når det skjer noko med dyra, så vi kjem oss ut med ein gong og får tatt affære, seier Paulsen.
Det var heile flokken hans som stod flod-fast.
– Det ville vore forferdeleg viss det skulle skje noko med dyra.
Venta meir høg vasstand
Paulsen seier det er sjeldan dyra går ut på skjera på vinteren, og blei overraska over at dei stod på akkurat dette skjeret.
– Viss det hadde blitt ein halvmeter-meter høgare springflod i natt, spørst det korleis det hadde gått, seier Paulsen.
Det er høg vasstand langs heile kysten, frå Østfold til Møre og Romsdal. Det er venta ein topp etter midnatt og ein ny topp onsdag ettermiddag.
Varselet er raudt i Agder, Rogaland og Sunnhordland, oransje på Aust- og Vestlandet og gult i Trøndelag.
Grafikk: Meteorologisk institutt