Fjellet reagerer kraftig trass i mindre nedbør

NVE oppjusterte onsdag kveld farenivået ved fjellet Mannen i Rauma til raudt, og bevegelsane natt til torsdag har vore svært store.

Mannen

Det rasutsette fjellpartiet ved Mannen reagerer kraftig på nedbøren.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Rasfaren er stor, og fjellet har reagert kraftig, slår sjefgeolog Lars Harald Blikra fast tidleg torsdag morgon.

Han fortel at det var store bevegelsar i fjellet onsdag kveld og natt til torsdag. Bevegelsane i den øvre delen av fjellpartiet har no ei døgnhastigheit på 60 centimeter. Også i den nedre og kritiske delen av fjellet har bevegelsane vore store i natt.

– Bevegelsane er større no enn dei var i sommar, då det også var raudt farenivå, seier Blikra.

Oppjusterte farenivået

Det var i 22.40-tida onsdag kveld Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) oppjusterte farenivået ved Mannen i Rauma på grunn av store bevegelsar i det rasfarlege fjellpartiet.

Ni personar har blitt evakuert. Dette er sjuande gang bebuarane under fjellet blir evakuert. Sist gong var 10. august 2018. Politiet har innført ferdsels- og opphaldsforbod under fjellet. I tillegg er Raumabanen stengt. Også Sivilforsvaret er på plass for å halde vakt gjennom natta.

Fjellet reagerer raskare enn tidlegare år

Hastigheita på bevegelsane er no på over 10 cm i døgnet i den i øvre delen og rundt 1,5 cm i døgnet i den nedre delen av det rasfarlege partiet ved Mannen. Det har regna mykje i Rauma det siste døgnet, og det er også venta mykje nedbør utover natta. Dei siste timane har det blitt høyrd buldring frå fjellet. NVE vil følgje situasjonen tett utover natta.

– Vi overvaker bevegelsane nøye. Det har kome mindre nedbør enn det som var varsla, men likevel har vi fått ein ganske kraftig reaksjon, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra til NRK klokka 23.00.

Lars Harald Blikra

Arkivfoto: Sjefgeolog Lars Harald Blikra seier at det rasfarlege partiet ved Mannen har blitt svakare dei siste åra. Det er likevel vanskeleg å kunne spå når eit ras frå fjellet kan komme.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

Det har tidlegare år vore større bevegelsar ved Mannen enn det er no, men Blikra fortel at fjellet har blitt svakare dei siste åra.

– Det er varsla mykje nedbør utover natta. Fjellet er mykje meir sensitivt og reagerer raskare på nedbør enn det har gjort tidlegare. Så vi er på tå og hev når vi får slike nedbørsmengder.

Det er likevel vanskeleg å seie noko om når fjellpartiet kan rase, fortel Blikra.

– Det kan sjå ut som fjellet toler store bevegelsar, men det blir svakare og svakare. Det er fronten av fjellpartiet som ser ut til å vere den sterkaste delen, så denne må brytast ned tilstrekkeleg for at det skal kome eit ras. Eg håper i alle fall at vi slepp å oppjustere farenivået sju gonger til., seier sjefgeologen.

Mykje nedbør

NVE heva først farenivået for Mannen til oransje onsdag ettermiddag. Då var det store bevegelsar ved Mannen og varsel om mykje nedbør i området som gjorde at farenivået blei oppjustert.

Så langt i år har det vore ei forskyving på to meter i den mest aktive delen av fjellpartiet og ni cm i den nedre delen. Totalt har fjellpartiet bevegd seg om lag fem meter dei siste fire åra. Det rasfarlege partiet har et volum på rundt 120 000–180 000 kubikkmeter, noko som er rundt éin prosent av det totale volumet av Mannen.

NVE kjem til å ha ei pressekonferanse i Rauma torsdag klokka 10.00 for å gi ei oppdatering på utviklinga ved Mannen.

Mannen dagkamera.

Krevjande situasjon

Gunn Walstad Sogge er ein av dei som bur under Mannen. Ho fortel at situasjonen under fjellet er krevjande.

Mannen

Sju gonger har bebuarane under fjellet Mannen i Rauma blitt evakuert.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Vi er lei og søv dårleg på netter når det regner mykje. Vi kan ikkje legge planar eller reise vekk på hausten, sa Sogge til NRK i 19.40-tida onsdag.

Ordførar i Rauma, Lars Olav Hustad, har forståing for at bebuarane under Mannen er frustrerte.

– Alle er sjølvsagt lei av situasjonen, først og fremst dei som bur under Mannen. Men denne gongen har vi evakueringsbustader som står klar, så vi håper at det hjelper litt på.