– Med litt meir dritvêr i haust og til vinteren så kan dette bli ei stor utfordring.
Torgeir Dahl (H) var tydeleg då han tok ordet. Noko må skje i ferjesambandet Dryna-Brattvåg, meiner han. Ferja «Haram» er frå 1979. Næringslivet og folk som bur i Midsund krev ei ny og betre ferje. Dei meiner at situasjonen er uhaldbar.
Næringslivet på øya er avhengig av at ferja går dersom dei skal levere varer og tenester.
Kanselleringane i ferjesambandet Dryna-Brattvåg i vinter førte til opprør i Midsund.
Foto: Live KorsnesKanselleringar
I vinter fekk øyfolket nok etter at det hopa seg opp med kansellerte avgangar. Over 1200 skreiv under på eit opprop om å skifte ut den 45 år gamle ferja.
I august hamna ferja på verkstad. Ei like gammal reserveferje blei sett inn. Igjen blei det kanselleringar. Og nok ein gong kokte det på øya.
Under møtet i samferdselsutvalet blei det lagt fram tal som viser at det ikkje har vore mange kanselleringa frå i vinter og fram til i sommar. Men spørsmålet er om den gamle ferja vil tole ein haust og ein vinter med mykje dårleg vêr.
– Det er illusorisk å tru at dette vil gå bra framover. Dette må vi finne ei løysing på, sa Torgeir Dahl.
Torgeir Dahl (H) har gått i bresjen for å finne ei løysing for ferjesambandet Dryna-Brattvåg.
Foto: Trond Vestre / NRKOmdømme
Onsdag fremma han eit forslag i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal der fylkeskommunedirektøren blir bede om å gå i forhandlingar med Torghatten som er ansvarleg for sambandet. Det fekk samrøystes støtte
Kontrakten inneheld ein opsjon som opnar for at ei yngre ferje kan bli sett inn i sambandet i løpet av kontraktperioden. No vil politikarane ha ei ferje som er bygd etter 1992.
– Torghatten vil stå seg på å imøtekome dei ønskja som har kome fram. Dette meiner eg er eit spørsmål om omdømme, seier Pål Farstad (V).
Pål Farstad (V) forventar at Torghatten er imøtekomande.
Foto: Trond Vestre / NRKPengar
Men det vil koste pengar. Og Møre og Romsdal fylkeskommune har ikkje pengar. Det er usikkert kva prislappen blir.
Lisa Alvestad (Sp) meiner det er heilt nødvendig å få på plass ei ny ferje i sambandet Dryna-Brattvåg. Men ho trur det politiske fleirtalet vil få problem med å finne pengane.
– Eg trur ikkje dei klarer å omprioritere godt nok i fylket slik at dei kan leggje inn dei pengane. Det kan dei gjerne prøve på, men eg har ikkje noko tru på at dette vil skje.
Fleire av politikarane i samferdselsutvalet understreka at dette ikkje måtte gå utover andre ferjesamband. Dei peika på Larsnes-Åram-Voksa-Kvamsøya på Søre Sunnmøre på som har hatt store utfordringar.
– Økonomien er veldig krevjande. Her må ein prioritere. Når vi får sakene tilbake så får vi sjå på det i forhold andre oppgåver som vi har. Men viljen er absolutt til stades, seier leiar i samferdselsutvalet Hans Olav Myklebust (Frp)
Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal diskuterte ferjesambandet Dryna-Brattvåg onsdag.
Foto: Trond Vestre / NRK