12. april 2007 kantra Bourbon Dolphin medan dei sette ut anker på 1100 meters djupne ved Shetland. Interesseorganisasjonen «Stiftelsen Skagerak» meiner det er gjort lite for å hindre liknande ulukker.
Styreleiar i «Stiftelsen Skagerrak», Jan Harsem, etterlyser strengare krav for ankerhandteringsfartøy.
– I situasjon som er i grenseland av kva eit skip kan yte, kan dette bli veldig farleg, seier styreleiar for stiftinga, Jan Harsem.
Dei som opererte Bourbon Dolphin hadde grunn til å tru at dei hadde ei kontinuerleg slepekraft på 180 tonn under operasjonen. Då dei kompenserte med sidepropellar og vinsjar vart krafta langt lågare.
Vil ha strengare krav
Etter «Bourbon Dolphin»-ulykka kom det krav om skjerpa tryggleik. Det førte til nye reglar frå FN sin sjøfartsorganisasjon IMO i februar i år. Harsem meiner dei nye reglane er for vage.
– Retningslinjene gjeld ikkje spesifikt ankerhandtering. Dessutan er endringane frivillige.
«Bourbon Dolphin» vart kantra då ankerhandteringsoperasjonen gjekk gale.
Foto: NRKBrev til Sjøfartsdirektoratet
Odd Rune Malterud er fagsjef i Det norske maskinistforbund med ansvar for fagspørsmål knytt til blant anna HMS, bemanning, sertifisering, utdanning og kompetanse og deltar fagleg på tekniske møter i blant anna IMO.
Foto: Mikael HussI eit brev til Sjøfartsdirektoratet ber dei om tydelegare krav, og får støtte frå fagsjef Odd Rune Malterud i Maskinistforbundet. Han meiner staten vegrar seg mot å innføre høgare krav enn det som er minimum, av konkurranseomsyn.
– Problemet med internasjonale reglar er at dei skal ta omsyn til alle dei 180 medlemslanda, der mange ikkje har den same HMS-kulturen som vi har.
Redd for utflagging
Avdelingsdirektør Dag Alvestad i Sjøfartsdirektoratet er usamd.
Lars Alvestad i Sjøfartsdirektoratet fryktar utflagging dersom reglane vert strengare.
Foto: Leiv Våge / Våge Foto AS– Det er brei internasjonal semje om retningslinjene og vi meiner dei er det beste vi kan få til no, seier han.
Han meiner strenge særnorske reglar kan føre til massiv utflagging.
– Då har vi ikkje ein flåte å regulere lenger. Det må vere likt for alle.
«Stiftelsen Skagerrak» håper styresmaktene vil snu.
– Det må vere større vilje til å gå fremst med nasjonale særkrav. Risikoen for eit nytt Bourbon Dolphin-forlis er der framleis, seier Harsem.
– Positivt arbeid
Reiarlaget Bourbon Offshore Norway meiner det er positivt at det blir sett fokus på saka, men vil ikkje svare på om reglane bør endrast.
– Stiftinga har stor kompetanse, som kjem ei heil næring til gode, seier administrerande direktør, Bjørn Remøy.
Han presiserer at bransjen har lært mykje av tragedien.
– Heile bransjen planlegg operasjonar betre i dag, seier han.
Foto: Frode Berg