Hopp til innhold

Freiberg: – Vindkraftkonsesjon er som førarkort, du kan ikkje berre trekke det tilbake

– 150 meter høge vindturbinar på fjellet er eit overgrep, meiner folk på Haramsøya. Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg (Frp) seier at styresmaktene ikkje utan vidare kan trekke tilbake konsesjonen.

Kjell-Børge Freiberg på synfaring på Ulla på Haramsøya

Olje- og energiminister Kjell-Børge Freiberg møtte bygdefolket, for å lytte til argumenta deira mot utbygging.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Det er 10 år sidan Olje- og energidepartementet gav endeleg konsesjon for bygging av vindturbinar på Haramsfjellet på Sunnmøre. Lokalbefolkninga er rasande over å få åtte 150 meter høge turbinar på det 300 meter høge fjellplatået. Dei vil ha bygginga stansa. Olje- og energiministeren er den einaste som kan hjelpe dei.

Anders Fjørtoft protesterar mot Haram vindkraftanlegg

Anders Fjørtoft meiner bygginga av vindkraftanlegget bør stansast.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

– Ingen vil ha dei

Tysdag var statsråden og embetsverket invitert til øya i kraftig vind og regnvêr. Folket hadde eitt einaste krav.

– Mitt høgste ynskje er at styresmaktene går tilbake på vedtaket. Det er ingen som vil ha desse vindmøllene her. Verken her eller i landet, seier ein opptrekt Anders Fjørtoft.

Han har på seg raud lue, slik motstandsrørsla brukte under 2. verdskrig.

Bygginga av Haram vindkraftanlegg låg på is i fleire år etter at konsesjonen vart gitt i 2009, men plutseleg vart det fortgang i utbyggingsplanane frå energiselskapet Zephyr og dei finske eigarane Taaleri Energia. På åra som gjekk endra teknologien seg. Vindturbinane som skal byggast er no færre, men høgare.

Zephyr stod klare til å sette spaden i jorda i haust, men kommunen og 30 andre klaga på detaljplanane og bygginga vart stansa.

Visualisering av vindkraft på Haramsfjellet

Slik meiner utbyggar Zephyr at vindkraftanlegget kjem til å sjå ut.

Foto: Haram kraft

Fryktar for fuglelivet

– Å bygge vindturbinane er eit overgrep mot lokalbefolkninga, seier Jørgen Åkre i aksjonskomiteen. Den eine turbinen er plassert i nærleiken av eit naturreservat. I tillegg til frykt for at anlegget skal gå utover raudlista artar, naturen og friluftsområde er folk bekymra for støy, iskast og det visuelle. Haram kommune meiner det er gjort fleire saksbehandlingsfeil, og eit samrøystes kommunestyre vil stoppe utbygginga.

Kjell-Børge Freiberg og Jørgen Åkre på synfaring på Ulla på Haramsøya

Jørgen Åkre i aksjonsgruppa fryktar både at naturen skal bli øydelagt og at vindkraftanlegget skal gå utover livskvaliteten til lokalbefolkninga.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Ikkje berre å trekke konsesjonen

Saka ligg no på bordet til Olje- og energidepartementet. Kjell-Børge Freiberg seier at han ikkje berre kan stanse utbygginga.

– Når du har fått ein konsesjon på vindkraft har du fått ein rett. Styresmaktene kan ikkje utan vidare trekke denne tilbake fordi ein ikkje likar det ein sa ja til ein gong, seier Freiberg.

Han samanliknar konsesjonen med å få førarkortet og retten til å køyre bil. For å bli fråteken førarkortet må ein bryte vegtrafikklova. Dei som får vindkraftkonsesjon må altså halde seg innan rammeverket.

Olje- og energidepartementet skal no gå grundig gjennom saka og sjå om alle reglar er følgt i prosessen.

Har protestane til lokalbefolkninga noko å seie?

– Eg er komen for å lytte og det er viktig, seier Freiberg.

Endrar systemet

Styresmaktene har ikkje konsesjonsbehandla nye vindkraftanlegg sidan i april. Dei har også varsla at ingen anlegg som har gyldig konsesjon får utsette bygginga til etter 2021. Statsrådet erkjenner at det som har skjedd på Haramsøya er eit problem.

– Vi er i gang med å endre konsesjonssystemet nettopp fordi det er utfordrande dersom det går for lang tid frå konsesjonen blir gitt, til bygginga startar, seier Freiberg.

Han ventar at det kjem fleire protestar frå andre stadar, der konsesjonen er gitt for mange år sidan.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL