Hopp til innhold

Oppussing har gitt møbelgigant salsboom

Noregs største møbelkonsern har snudd produksjonen frå nesten ingenting då koronaen stengde ned landet, til at arbeidarane no må utsetje ferien på grunn av stor etterspurnad.

Lagar Stressless på Ekornes

STRESSLESS: Her er dei i full gang med å produsere stolen stressless.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Sykkylven kommune på Sunnmøre var ein av kommunane med høgast arbeidsløyse i landet på grunn av koronapandemien.

– Vi hadde rekna med å gå arbeidslause ut året, seier produksjonsmedarbeidar i Ekornes, Robert Sogge.

Men det slepp dei. Om tre veker skulle dei gått ut i ferie, men i staden har nesten alle av dei 800 tilsette i møbelgiganten Ekornes sagt ja til å bruke ei veke av ferien sin til å jobbe.

– Når bedrifta verkeleg ønskjer det, så må vi nesten stille opp, seier Sogge.

Det var frivillig om dei tilsette ville stille opp, men syoperatør Anne Britt Hammer, seier det var lett å seie ja.

– Vi vil gjerne hjelpe til når vi har så mange ordrar som vi har no. I desse koronatider har vi uansett ikkje andre planar i ferien.

Ferie Ekornes

STILLER OPP: Ho jobbar som syoperatør i Ekornes. I mars sto ho utan jobb. No er det fulle ordrebøker og overtid som gjeld.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

Oppussing gir fulle ordrebøker

Ekornes er mest kjend for sin ikoniske stol stressless. No går dei frå nesten stopp i produksjonen til å produsere 1300 stresslessar kvar dag.

– Vi ser at dei marknadane som har opna opp igjen etter koronakrisa, opplever ein auke i salet. Spesielt Tyskland, Norden og Australia har svært gode tal, seier HR-direktør i Ekornes, Øystein Vikingsen Fauske.

Han peiker også på at mange brukar tida til å pusse opp, og då vil dei gjerne ha nye møblar også. Dei tilsette på Ekornes jobbar no overtid og ekstra på laurdagar for å få unna bestillingane.

Øystein Vikingsen Fauske, HR-direktør.

SNUDD: Ekornes rosar dei tilsette for at dei tar i eit tak når bedrifta trenger det.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Her stiller folk verkeleg opp. Eg vil rose dei tilsette for korleis dei har handtert denne koronakrisa. Og at dei no stiller opp for selskapet.

Ei anna møbelbedrift i kommunen, LK Hjelle, opplever også auke, men ikkje i like stor grad.

– Salet har auka, men vi er ikkje i full drift enda. Vi jobbar med 60 prosent kapasitet no, seier dagleg leiar i LK Hjelle, Jens Peter Brunstad.

Gode nyheiter

NHO meiner Ekornes har handtert koronakrisa på ein god måte, slik at dei no kan jobbe for fulle maskiner igjen.

– Det er veldig gledeleg, seier Espen Remme i NHO Reiseliv i Møre og Romsdal.

Han seier at bransjar innanfor handel og service, og delar av reiselivet opplever god aktivitet. Mens andre delar av næringslivet ikkje har så mykje å juble for.

– For delar av næringslivet så ligg det verste framfor oss. Derfor er det veldig viktig at vi har fokus på dei tiltaka som regjeringa legg fram. Det er viktig at vi får berga desse bedriftene også.

Også handverkarar merkar oppussingsiveren blant nordmenn. Nettstaden mitt anbod har aldri hatt så stor pågang som no.