Hopp til innhold

- Vi gløymer det aldri

Det var eit sjokk for brannmannskapa å kome til ulykkesstaden. I dag er det eitt år sidan Fjelltunulykka.

Brannmannskap

Dei var på vakt den katastrofale natta. F.v.: Utrykningsleiar Øyvind Seth og brannkonstablane Leif Magne Andreassen, Nils Ottar Sandø og Sindre Egenes.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

Det er tid for lunch, og det blir dekt til på bordet ved brannstasjonen i Ålesund.

Denne dagen er det det same vaktlaget som er på jobb som den natta alarmen gjekk.

Utrykningsleiar Øyvind Seth gløymer aldri den heilt spesielle ulykka i Fjelltunvegen natt til 26.mars i fjor:

- Det var ein veldig kompleks situasjon. Då vi hadde parkert bilen var det mange omsyn å ta. Det var sakna personar. Nokre var fast inne. Nokre var på verandaane. Det var ras, brann og propanlekkasje.

Øyvind Seth

- Vi har lært svært mykje av ulykka i Fjelltunvegen, seier utrykningsleiar Øyvind Seth i Ålesund brannvesen.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

- Eit sjokk å kome dit

Seth meiner brannmannskapa lærte mykje i Fjelltunvegen som er bra å ha med seg vidare.

Det er litt rolegare denne marsdagen enn kva det var natt til 26.mars i fjor. Ulykka var så spesiell at det gjorde inntrykk på garva brannmenn.

Brannkonstabel Leif Magne Andreassen var ein av dei første som kom til ulykkesstaden:

- Det var eit sjokk å kome dit. Vi prøver ofte å bu oss på at det er verre enn det eigentleg er. Men det kunne vi ikkje denne gongen. Alt var mykje verre enn vi hadde forestilt oss.

Leif Magne Andreassen

Brannkonstabel Leif Magne Andreassen var ein av dei første som kom til ulykkesstaden.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

- Viktige erfaringar

Andreassen meiner han og kollegaene har kome styrka ut av dette i jobben.

- Erfaringane er gull verd i andre samanhengar, seier han.

Brannfolka i Ålesund er klare til å rykke ut på alle slags ulykker. Men utrykningsleiar Øyvind Seth må vedgå at jobben i Fjelltunvegen var heilt spesiell:

- Vi såg heilt tydleg kor fort det kan gå. Vi veit ikkje kva som ventar bak neste sving.

Øyvind Seth trur han aldri meir i yrkeskarrieren kjem til å rykke ut på ein så spesiell jobb som operasjonen i Fjelltunvegen.