Hopp til innhold

Går berserk med barbermaskina for å setje i gang praten

Først brukte han barbermaskina på hårmanken. Så gjekk han laus på augebryna, og straks skal han vokse den hårete brystkassa. Og han stoppar ikkje der.

Einar Ellingsen

Einar Ellingsen (46) går drastisk til verks for å samle inn pengar til arbeid for menns psykiske helse. Han har endå større planar for hårsveisen dersom han klarer å samle inn 50 000 kroner.

Foto: privat

Einar Ellingsen (46) har snart ikkje meir hår igjen i ansiktet. Ein liten bart og nokre nøye utvalde skjeggstubbar er det einaste som står igjen i det fregnete ansiktet hans.

Endeleg slepp eg at sønene mine seier eg har monobryn, ler sunnmøringen.

Einar Ellingsen utan augnebryn

Slik ser han ut med nybarberte augnebryn.

Foto: privat

Første gang utan augnebryn

Begge dei velvaksne augebryna forsvann med barbermaskina sist veke, dagen etter at han resolutt hadde fjerna den brune mårmanken. Alt er nøye dokumentert og lagt ut på Facebook, for å skape merksemd om den psykiske helsa til norske menn.

– Hovudfunksjonen til augebryna skal visst vere å transportere bort sveitte? Det får eg svaret på allereie på fotballtreninga i morgon tidleg. Kanskje hamnar panneband på ønskelista til jul, seier 46-åringen nøkternt.

Vil at fleire menn skal snakke om psykiske problem

Einar Ellingsen barberer av håret

Det starta med at han barberte håret. Så måtte han ta augebryna og håret på brystkassa. Han stoppar ikkje der.

Foto: privat

Det starta med at tobarnsfaren og ingeniøren, som til dagleg arbeider for TINE i Trondheim i Sør-Trøndelag, ville setje fokus på menns psykiske helse gjennom organisasjonen Movember, som fokuserer på helsa til menn. Han oppretta ei nettside der folk kan gje pengar, og for å få fart på pengegåvene lovde han å fjerne håret. Og for ei god sak, tok det litt av.

Eg har aldri møtt veggen ordentleg sjølv, men har hatt fleire rundt meg som har slite psykisk, også utan at eg har forstått det, seier han og legg til:

– Kva gjer du dersom ein kollega endrar seg og blir hissig og lite samarbeidsvillig? Tenkjer du då over kva som kan ligge bak? undrar Ellingsen.

Lovar grøn hårmanke

Einar Ellingsen og kona Laila Frøseth Ellingsen

Einar Ellingsen saman med kona Laila Frøseth Ellingsen.

Foto: privat

Via nettsida si klarte Ellingsen raskt å samle inn 2500 kroner, som var det første målet. Deretter auka han målsetjinga gradvis, og no er det kome inn over 30 000 kroner. Ellingsen er overvelda over responsen frå nære og fjerne.

– Alt for mange menn bit tennene saman, held kjenslene for seg sjølv og slit i det skjulte. Mykje viktigare enn dei pengane eg samlar inn, er at folk tør å snakke saman og vere litt opne, seier han.

Torsdag forsvinn alt håret på brystet, slik han lovde ved passerte 25 000 kroner.

Før november er ute er målet å få inn 50 000 kroner. Då lovar Einar Ellingsen å gro hanekam på toppen av hovudet. Og deretter farge han knallgrøn.