Hopp til innhold

Fotoboks hindrar ikkje grisekøyring i Eiksundtunnelen

Eiksundtunnelen er den verste fartsstrekninga i landet. Også fotoboksa ved Omsundet har teke mange fartssyndarar. Fotoboksar ser ikkje ut til å hindre grisekøyring.

Video Eiksundtunnelen

Den høgste farta som er målt i Eiksundtunnelen er 165 kilometer i timen. Det viser statistikken frå politiet. Fem ungdommar omkom i ei alvorleg ulukke i tunnelen for eit og eit halvt år sidan. Ordførar i Ørsta, Gudny Fagerhol, er overraska over at fartsgalskapen held fram.

Gudny Fagerhol

Gudny Fagerhol er ordførar i Ørsta.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg hadde faktisk ikkje trudd at dette skulle halde fram etter ulukka. Eg hadde ikkje trudd at det framleis var ei slik enorm fart. Når farta kjem opp i over 160 kilometer i timen, då er det nokså fort, seier ho.

De ti verste fotoboksavsløringene i Sunnmøre politidistrikt

Sted

Hastighet

Fartsgrense

Over fartsgrensen

Kjønn

Alder

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Ulstein

165

80

85

Mann

26

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Ulstein

128

80

48

 

 

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Ulstein

125

80

45

Mann

26

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Ulstein

125

80

45

Mann

21

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Volda

121

80

41

Mann

26

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Volda

121

80

41

Mann

39

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Volda

120

80

40

Mann

28

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Volda

120

80

40

Mann

39

Rv. 653 Eiksundtunnelen i Volda

117

80

37

Mann

53

Rv. 61 Bigset i Hareid

110

70

40

Mann

26

Ekspander/minimer faktaboks

Ikkje berre Eiksundtunnelen

Men det er ikkje berre i Eiksund-tunnelen det blir køyrd fort. I Nordmøre og Romsdal politidistrikt er det Elnesvågen i Fræna som toppar lista. Men flest fartssyndarar er tekne av fotoboksa ved det farlege krysset ved Omsundbrua.

De ti verste fotoboksavsløringene i Nordmøre og Romsdal politidistrikt

Sted

Hastighet

Fartsgrense

Over fartsgrensa

Kjønn

Alder

Rv 663 i Elnesvågen

123

60

63

Mann

26

Rv 70 Omsund

89

70

19

Mann

21

Rv 70 Omsund

84

70

14

Kvinne

43

Rv 70 Omsund

82

70

12

Mann

58

Rv 70 Omsund

80

70

10

Mann

53

Høg fart trass i fotoboksane

Ved Shell i Ørsta møtest bilglad ungdom frå heile Søre Sunnmøre. Skuleelev Erlend Kragset fortel at ein kan køyre fort i Eiksundtunnelen sjølv om der er fotoboksar.

Erlend Kragset

Erlend Kragset stadfester at det ikkje er uvanleg å køyre med 'full guffe' i Eiksundtunnelen.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vi køyrer vel i full fart ned til området der fotoboksa står. Men der slakkar vi ned. Og så er det full guffe etterpå, seier Erlend Kragset.

– Fart gir status

Eiksundtunnelen er den strekninga i landet som toppar statistikken over fartsstrekningar på landsplan. Dette er også den djupaste undersjøiske tunnelen i verda. Han er bratt både ned og opp, og farta er ofte høg blant dei som køyrer gjennom. Fart gir status, seier skuleelev Amanda Holsvik.

– Mange tykkjer at fart og spenning er gøy. Det er vel for å vise seg fram og framstå som kul. Men eg tykkjer ikkje det er noko sån ..., seier Holsvik.

– Folk har nok skjerpa seg

Nokre av ungdommane meiner likevel at fleire har redusert farta etter ulukka for halvanna år sidan.

Amanda Holsvik

Amanda Holsvik trur mange har skjerpa seg etter ulukka.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Eg trur at folk har skjerpa seg etter ulukka som var der. Men der er framleis folk som rasar gjennom tunnelen. Det er flotte vegar og det går beint fram. Men eg trur ikkje folk tenkjer over kva fare som er der, seier Elisabeth Måløy.

Har du kommentarar til denne saka? Skriv gjerne i kommentarfeltet nedanfor:

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL