Hopp til innhold

Her køyrer sørlendingane fortast

NRK.no har fått tilgang til fotoboksstatistikkane til politiet. Flekkerøytunnelen og Baneheitunnelen i Kristiansand er verstingane på Sørlandet.

Fotoboks

FOTOBOKS: Fotoboksane i Baneheitunnelen og Flekkerøytunnelen i Kristiansand har dei høgste fartsmålingane på Sørlandet så langt i år. (Arkivfoto)

Foto: Vigidis Wågø-Wares / NRK

Statistikkane viser at ei 18 år gammal kvinne vart teken i 136 kilometer i timen i Flekkerøytunnelen. Her er det 70-sone. Seks av dei ti grovaste fartssyndarane er tekne i Flekkerøytunnelen.

I Baneheitunnelen vart ein 46 år gammal mann teken i 118 kilometer i timen i 60-sona.

Menn dominerer statistikkane

Det er menn som dominerer den nasjonale statistikken. Oversikta viser at nesten ni av ti som blir tekne er menn. Unge sjåførar mellom 20 og 40 år er i fleirtal.

Ei oversikt tidlegare i år viste at færre sørlendingar vert tekne i fotoboksane. Første halvår i år var det ein nedgang på 30 prosent i talet på personar som vart tekne i fotoboks.

– Fotoboksane er eit suplement til andre trafikksikkerheitstiltak. Vi ser det som veldig viktig at dei bidreg til å dra ned talet på alvorlege ulykker, seier leiar av ATK-senteret, Kjell Arne Hestad.

Versting

E18 gjennom Vestfold og Telemark vert trekt fram som ei av dei verste strekningane med uvettig køyring. Ein 37 år gammal mann vart fotografert i 164 kilometer i timen på vinterføre i februar i natt.

I hovudstaden vart ein 63-åring teken i morgonrushet i 121 kilometer i timen. Berre sidan opninga av den nye Operatunnelen har politiet inndrege 31 førarkort etter fotoboks-avsløringar der.

De ti verste fotoboksavsløringene i Agder politidistrikt

Sted

Hastighet

Fartsgrense

Over fartsgrensa

Kjønn

Alder

Fv 457, Flekkerøytunnelen

136

70

66

Kvinne

18

E 18 Dalen i Arendal

129

70

59

Mann

22

E 18 Baneheitunnelen

118

60

58

Mann

46

Fv 457, Flekkerøytunnelen

127

70

57

Ukjent

Under etterforskning

E 18 Våje i Arendal

115

60

55

Mann

45

E 39 Lehnebakken i Lyngdal

115

60

55

Mann

43

Fv 457, Flekkerøytunnelen

124

70

54

Mann

58

Fv 457, Flekkerøytunnelen

121

70

51

Mann

49

Fv 457, Flekkerøytunnelen

118

70

48

Ukjent

Under etterforskning

Fv 457, Flekkerøytunnelen

114

70

44

Mann

23

Ekspander/minimer faktaboks

FOTOBOKS: Ei ny oversikt viser kva fart sørlendingane har hatt i 'verstingtilfella' ved passering av fotoboksar.

null
Spiller nå
NRK Forklarer: Baneheia-saken 01:05
Neste

Økonomistatus

Strømpris i dag

Inkludert avgifter

Billigst kl. 14 1,31 kr
Dyrest kl. 08 1,56 kr

Strømkostnader nå

  • Steke pizza 0,5 kr 25 min.
  • Dusje 5,3 kr 10 min. / 100 liter vann
  • Vaske klær 0,7 kr En vask
  • Varmeovn 1,3 kr 1000w, en time

Styringsrenta i prosent

Høyere styringsrente betyr økte utgifter dersom en har boliglån

Økte matpriser

Hvor mye matprisene har økt det siste året, sammenlighet med lønnsutvikling

  • Matvarer Mars 2023 – mars 2024
    + 6,1 %
  • Lønnsutvikling Anslag for 2024
    + 4,9 %