Hopp til innhold

Fartsgalskapen held fram i dødstunnelen

Her omkom fem personar i ei bilulukke for halvanna år sidan. Så kom fotoboksen. Det hjalp lite, for strekninga er framleis ein «fartsetappe» for mange unge. Den verste i år blei tatt i 165 km/t.

Video Eiksundtunnelen

Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol køyrer Eiksundtunnelen, der fem personar misste livet i ei bilulukke for halvanna år sidan.

Eiksundtunnelen

Mange møtte opp då Eiksundtunnelen opna 23. februar 2008.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX
Vrak fra Eiksundtunnelen

28. juni omkom fem personar då denne bilen krasja i tunnelen i høg fart.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / SCANPIX
Minnemarkering etter ulykka i Eiksundtunnelen

Mange møtte opp for å minnast dei omkomne. Halvanna år etter køyrer folk framleis fort gjennom tunnelen.

Foto: Gunnar Wiik

NRK.no kan i dag legge fram oversikten over dei ti verste fartssyndarane som er avslørt av fotoboksar i alle politidistrikta hittil i år.

Unge menn dominerer verstingtoppen på listene som Politiet sitt ATK-senter (Automatisk Trafikkontroll-senter) har utarbeidd for NRK. Slik er det også i ulukkestunnelen på Sunnmøre der seks av dei ti verste sjåførane er under 30 år. Berre ein av dei ti verste der var over 50.

Eiksundtunnelen på Sunnmøre er den djupaste undersjøiske tunnelen i verda. Han er bratt både ned og opp, og farten er ofte høg blant dei som kjører gjennom.

Etter at fem personar omkom i ei bilulykke her , kom fotoboksane. Men dei avsslører at fartsgalskapen held fram.

Fryktar nye dødsfall

Mange unge fartssyndarar i Møre og Romsdal blir tatt her.

– At det skulle vere slik enorm fart, hadde eg aldri trudd. Når det er fortare enn 160 km/t, så går det nokså fort, seier Ørsta-ordførar Gudny Fagerhol når ho får presentert tala.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Etterforskinga av dødsulukka i Eiksundtunnelen, har vist at bilen hadde ein fart på 198 km/t då det small . No fryktar ho at det skal kome fleire stygge ulykker i tunnelen.

– Ja, det fryktar eg. Absolutt, seier Fagerhol.

Unge menn verst

Statistikk over dei verste fartsoverskridingane viser at menn dominerer. Oversikta viser at nesten ni av ti som blir tatt, er menn.

Unge sjåførar mellom 20 og 40 år er i fleirtal, og farten er til del ekstremt høg – også i tettbygde strok.

165 km/t viste det verste tilfellet i dødstunnelen i Ørsta. I alle dei ti verste tilfella i denne tunnelen, sat menn bak rattet.

Ikkje berre Eiksund

Men tilfellet i Eiksund-sambandet på Sunnmøre er langt frå eineståande.

Fotoboksane har foreviga bilførarar som kjører fortare enn 190 km/t i både Bømlafjordtunnelen i Hordaland, i den 25 km lange Lærdalstunnelen i Sogn og Fjordane og på Romerike.

Den sterkt trafikkerte E18 gjennom Vestfold og Telemark er utsett for mange alvorlege bilulukker, og fotoboksane avslører i tillegg uvettig kjøring som då ein 37 år gamal mann blei fotografert i 164 km/t på vinterføre i februar i år.

31 førarkort i ein tunnel

Den nye Operatunnelen i Oslo er også blitt ein fartsetappe i hovedstaden, trass i at fotoboksar overvakar bilistane.

Ein 63-åring ble fotografert i 121 km/t i det trafikktette morgonrushet midt i hovudstaden.

Berre sidan opninga av tunnelen i september, har politiet inndrege 31 førarkort etter fotoboks-avsløringar der.

Snarveien under Oslofjorden er freistande for mange, og det går svært ofte altfor fort. Sju av ti i Follo er tatt der med fart på mellom 127 og 148 km/t.

Verstingar

Tunnelane ser ut til å ha blitt fartsetappar for mange.

I Sogn og Fjordane er sju av dei ti verste tilfella fotograferte i Lærdalstunnelen, og høgaste fart målt av alle fotoboksane var ein mann som pressa bilen opp i 193 km/t.

I Haugaland og Sunnhordland er alle verstingane tatt i Bømlafjordtunnelen, dei fire verste med fart på over 170 km/t, alle ti blei tatt i over 130 km/t.

Rælingstunnelen på Romerike er også sterkt representert i statistikken, også her har ein ung sjåfør på under 20 pressa bilen opp i 190 km/t.

Høg fart i Gudbrandsdalen

Det kanskje aller verste tilfellet er frå E6 i Kvam i Gudbrandsdalen der ein 40 år gamal mann blei tatt i 146 km/t i 50-sona klokka åtte om morgonen 1. mai.

Heller ikkje den 36 år gamle mannen som blei tatt i 116 km/t i tettbygde Kleppe i Rogaland har brydd seg særleg om 50-skiltet.

UP-sjef i Hedmark og Oppland, Ulf Erik Storbæk, seier all statistikk viser at mannfolk er hardare på pedalen enn kvinner. Dei er også meir utsette for trafikkulukker.

– Mange oppgir kranger med ektefellen eller jobben som årsak til at dei kjører for fort. Tankane forsvinn og folk gjer andre ting enn å kjøre bil, sier Storbæk.

Dårlige haldningar

Han synest det er egoistiske og dårlege haldningar blant folk når det gjeld trafikk.

– Når folk blir tatt i promillekjøring, seier andre at dette var som fortjent. Men når folk mister lappen fordi nokon til dømes har kjørt i 150 km/t gjennom Østerdalen, så seier folk at "han var uheldig". Det seier noe om haldningene våre, meiner UP-sjefen.

AKTUELT NÅ