Hopp til innhold

– Folk har høyrt på tilrådingane våre

På Nordmøre var det meldt vind opp mot orkan i styrke i ettermiddag, men dei meir alvorlege hendingane uteblei.

Ekstremvêret Ivar i Kristiansund

Ekstremvêret Ivar trefte Kristiansund og Nordmøre torsdag ettermiddag.

Foto: Frode Berg / NRK

Ekstremvêret Ivar har herja i Møre og Romsdal. Vinden starta sterkast på Sunnmøre tidleg torsdag ettermiddag, men har utover dagen bevega seg stadig lengre nord og skapt store problem i heile fylket. På Nordmøre var det meldt vind opp mot orkan i styrke.

– Snart som normalt

– Vi gjekk tidleg ut med alle naudetatar samla. Vi trur av den grunn at vi har hatt så god kontroll, seier politioverbetjent Geir Kristoffersen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

– No går vi inn i normaliseringssituasjon. Bruane er opna, men folk må ta omsyn, seier han til NRK i 19-tida.

– Mitt inntrykk er at folk har høyrt på dei tilrådingane som har kome, legg han til.

Lærte av Dagmar

Trass i sterk vind, har det ikkje skjedd alvorlege hendingar. Kristiansund kommune meiner dei har lært av ekstremvêret Dagmar som raste for to år sidan.

– Eg føler at vi hatt veldig god kontroll. Vi har hatt ein del utfordringar. Faktisk hadde vi tømt alle skulane før uvêret, seier Torbjørn Sagen som er beredskapsleiar i Kristiansund Kommune.

Klokka 18 vart kriseleiinga i Kristiansund kommune permittert og sett i kvilande beredskap. Framleis er beredskapen høgare enn elles, står det på heimesidene til Kristiansund kommune.

Framleis straumlause

Svært mange mista straumen på i Romsdal og spesielt på Nordmøre torsdag ettermiddag.

– Det har vore mange som har vore straumlause, men det blir færre og færre no, seier Ole Erlend Gaupseth i Nordmøre Energiverk AS (NEAS) til NRK i 19.30-tida.

I Aure er fleire hundre menneske straumlause. På Smøla og i Tingvoll er om lag 150 personar utan straum, medan Averøya har rundt 50 personar utan straum. Også på Åfarnes i Rauma er dei framleis straumlause.

– Vi er i gong med å få i gong att ting på Tingvoll, og det kjem snart på plass andre stader også, seier Gaupseth.

SISTE klokka 21.34: Smøla og Averøya har fått att straumen, men NEAS har framleis trøbbel på Aure og Tingvoll. Åfarnes i Rauma har fått att straumen.

Ekstremvêret Ivar raste torsdag ettermiddag gjennom Møre og Romsdal før ferda gjekk vidare til Trøndelag.

  • Sjå TV-reportasje:
    Ekstremvêret Ivar har herja i fylket vårt i dag. Vinden starta sterkast på Sunnmøre tidleg i ettermiddag, men har utover dagen bevega seg stadig lengre nord og skapt store problem i heile fylket

Foto/redigering: Roar Halten