Hopp til innhold

Digitale verktøy i skulen krev vidareutdanning av lærarar

Forskar fryktar at skular kjøper digitalt utstyr utan at lærarane får naudsynt opplæring. I Ulstein har dei gått motsett veg.

Programmering ved Ulstein ungdomsskule

VIDAREUTDANNING: Ulstein kommune har tatt grep og er den einaste kommunen i landet som har bestemt at alle elevar skal lære å programmere heilt frå første til tiande klasse. I tett samarbeid med eit forskingsmiljø ved Høgskulen i Volda arbeider dei no med å vidareutdanne lærarane i kommunen for å få til dette.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

I klasserommet ved Ulstein ungdomsskule i Ulsteinvik på Sunnmøre prøvar elevane å programmere ei robotarm til å kunne plukke opp eit viskelêr. Lydane av robotarmar som går i utakt set sitt preg på den elles konsentrerte stemninga i rommet.

– Same kva jobb dei får, så kjem dei til å møte på programmering.

Sveinar Kleive, lærar på Ulstein ungdomsskule
Sveinar Kleive

LÆRAR: Sveinar Kleive er lærar ved Ulstein ungdomsskule.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Han er del av ei større teknologisatsing i Ulstein kommune der dei fokuserer på å lære opp lærarane i bruken av digitale verktøy. Kleive har fått kunnskapen som trengst for å lære elevane å programmere. Men dette gjeld ikkje alle lærarar.

Rask utvikling

I rundt 80 prosent av skulane som Senter for IKT i utdanninga har undersøkt er teknologi ein viktig del i skuleplanen. Likevel svarar 59,4 prosent av skulane at dei ikkje har fått på plass ei systematisk satsing på vidareutdanning av lærarane.

– Utviklinga går veldig raskt og det kjem nye digitale læringsverktøy heile tida. Då er det naudsynt at lærarane veit i kva situasjonar dei har nytte av digitale verktøy og i kva situasjonar dei ikkje har det, seier Synnøve H. Amdam, forskar ved Høgskulen i Volda.

Synnøve H. Amdam

FORSKAR: Synnøve H. Amdam er forskar og prosjektleiar ved Høgskulen i Volda.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Ho er uroa over at det har vore for stort fokus på investering i utstyr og ikkje i tilstrekkeleg grad fokus på korleis ein faktisk skal bruke utstyret i ein læringssituasjon.

I haust har Høgskulen i Volda, som ein av fem høgskular i landet, fått utviklingsmidlar som blant anna skal brukast til å finne ut kva moglegheiter digitale verktøy gir og når dei fungerer godt i læringa.

– Digitale verktøy er ikkje løysinga på alt, men det kan gi lærarane eit større arsenal av verkemiddel og fleire tilnærmingar til læring.

Synnøve H. Amdam, forskar ved Høgskulen i Volda
Lærarar i Ulstein kommune tilbake på skulebenken

VED SKULEBENKEN: Teknologisatsinga til Ulstein kommune sender lærarane tilbake på skulebenken. Eit viktig fokus er at alle skal med. Dei har fleire samlingar i året og tek 5 studiepoeng i halvåret.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Lærarane tilbake på skulebenken

Knut Erik Engh

ORDFØRAR: Knut Erik Engh er ordførar i Ulstein kommune.

Foto: Nils-Atle Sundnes / NRK

Høgskulen i Volda gjer dette i tett samarbeid med mellom anna lærarane i Ulstein kommune. Ulstein er langt framme når det gjeld teknologisatsing i skulen. Faktisk er kommunen den einaste i landet der ein har bestemt at alle elevar skal lære å programmere heilt frå første til tiande klasse.

– Skal vi få til ei skikkeleg satsing, nyttar det ikkje å putte mykje utstyr inn i skulen. Vi er også nøydd til å heve kompetansen til lærarane, seier Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein.

Den digitale satsinga til kommunen sender lærarane tilbake til skulebenken. Utviklingsmiljøet ved Høgskulen i Volda vidareutdannar alle lærarane i kommunen og dei har fleire samlingar i løpet av året. Lærarane skal lære å bruke nettbrett, appar og Youtube i undervisninga. Dei må også lære seg å programmere.

Torgeir Waterhouse

SKRYT: Torgeir Waterhouse i IKT Norge skryter av teknologisatsinga til Ulstein kommune.

Foto: Pressefoto / IKT Norge

Direktør for internett og nye medium i IKT Norge, Torgeir Waterhouse, skryter av initiativet til Ulstein kommune.

– Tilnærminga til Ulstein er god fordi dei tenker heilskapleg. Det handlar om å få teknologiforståinga inn i heile undervisingsløpet i kommunen og dei gjer det på ein måte som sikrar at ein jobbar pedagogisk og til det beste for elevane, seier Waterhouse.