Hopp til innhold

Slik skal dei unngå ny «kaos-sommar»

LODALEN (NRK): Villcamping og søppel og avføring på avvege gjorde livet utriveleg for bygdefolket i Lodalen i fjor sommar. No tar kommunen grep.

Breng i Lodalen

EIT IKON: Dette fotomotivet er ynda blant turistar. Med nye reglar og tiltak håpar Stryn kommune å unngå forsøpling og villcamping i området, slik dei opplevde i fjor sommar.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Gamle stølshus, blikstille vatn og majestetiske fjell. Idyllen dreg turistar og friluftsfolk til Lodalen i Stryn kommune. Men folk i bygda reagerte då turistane i fjor lét etter seg søppel, brukte naturen som toalett og dreiv villcamping langs vegane.

Særleg er setra Breng ein ynda tilhaldsstad og fotomotiv. Det merka ein godt i fjor.

– Det var opptil 40 bilar parkerte her, og folk låg i telt og hengekøyer langs heile vegen forbi Breng, fortel Odd Rønningen, miljøvernleiar i Stryn kommune.

No har kommunen teke kraftige grep for å verne om naturperla. I tillegg til å setje opp avfallsconteinarar og toalett to stader i Lodalen, har kommunestyret også vedteke ferdselsrestriksjonar for Breng-området.

Odd Rønningen, miljøvernleiar i Stryn kommune

STOR INTERESSE: Odd Rønningen har jobba i Stryn kommune sidan 1990-talet. – Interessa er stor, Breng er nærast blitt eit ikon, seier han.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Det inneber å avgrense ferdselsretten i dette utmarksrområdet, både når det gjeld parkering av bil dels utanfor vegskulder, og det med bruk av open eld og telting, seier Rønningen.

Ikkje redd for å skremme turistane

Dette inneber eit forbod mot å parkere på vegskuldra ned mot Lovatnet i det aktuelle området. Overnatting i telt, hengekøyer og campingvogner på setra blir det også slutt på, og grunna brannfaren for dei gamle trebygningane er heller ikkje bål eller grill lov.

Rønningen påpeiker at restriksjonane berre gjeld for eit lite område på og ved setra.

– Det er ein liten bit av Noreg. Utanfor denne sona gjeld ikkje reglane. Så rett opp i skogen her går det an å setje opp telt alle vegar, seier han.

Avføring i Lodalen

AVFØRING: Syn som dette fekk bygdefolket i Lodalen til å reagere i fjor sommar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Trass i restriksjonane er ikkje Stryn-ordførar Sven Flo (H) redd for at forboda skal skremme vekk turistane. Han peiker på at kommunen ønskjer å unngå ein reprise av fjorårssommaren.

– Vi synest vi har gode tiltak for å hindre det vi har opplevd, men som også gir rom og opning for at Breng skal brukast og at folk skal få den gode opplevinga vi vil dei skal ha her, seier Flo.

Breng er nærast eit ikon for tilreisande – så populært at vi ikkje har råd til å skitne det til slik vi gjorde i 2018

Frå sak i Stryn formannskap 13.mars 2019

Har sett ut toalett og avfallscontainerar

Kommunen har også sett ut midlertidige toalett og avfallscontainerar på Breng og Tyva i Lodalen, og ser også på korleis dei kan legge til rette for parkering. Flo håpar dei samla tiltaka vil ha effekt.

– No skal vi prøve dette, så får vi etter sesongen i år gjere oss opp ei meining om vi lukkast, eller om vi må gjere andre tiltak før neste sesong, seier han.

– Alternativet hadde vore å lene seg tilbake og håpe det går over. Men det gjer det ikkje. Turistane kjem og talet kjem til å auke i åra framover, seier Flo.