Hopp til innhold

Campingbil køyrde inn i ein lem på ferja

Ein lem vart feilaktig opna under ombordkøyring på B/F «Sogn» laurdag ettermiddag. Ein campingbil hadde ingen sjanse til å stoppe og køyrde rett inn i lemmen.

Campingbil kræsja inn i lem på BF Sogn

Ein campingbil køyrde inn i ein lem på Fjord1-ferja B/F «Sogn».

Foto: John Harald Haddal

I dag laurdag vart Fjord1-ferja B/F «Sogn» sett inn i sambandet Hareid-Sulesund som reserveferje for B/F «Ullensvang», som er til reparasjon etter at ein propell slo seg ut og ho køyrde ukontrollert inn i ferjelemmen på Sulesund denne veka.

Campingbil kræsja inn i lem på BF Sogn

Campingbilen fekk store skadar.

Foto: John Harald Haddal

Denne gongen var det på B/F «Sogn» at eit uhell oppstod.

Eva Marianne Nørve og sambuaren Jon Harald Haddal skulle ta fire-ferja frå Hareid då dei oppdaga campingbilen.

– Den stod alt om bord då vi køyrde på ferja, og såg ut til å ha køyrd rett inn i ein lem. Skadane var ganske store, og det var glas overalt, fortel ho.

Vart henta av bergingsbil

Campingbil kræsja inn i lem på BF Sogn

Campingbilen fekk store skadar.

Foto: John Harald Haddal

Nørve fortel at når B/F «Sogn» kom i land på Sulesund klokka halv fem, stod ein bergingsbil frå Falken klar for å taue campingbilen av ferja. Regionsjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker, fortel at ulukka skjedde då campingbilen køyrde på ferja på Sulesund.

– B/F «Sogn» har i likskap med B/F «Ullensvang» eit underdekk som blir opna opp for bilistane. I den samanhengen har ferja også ein mindre lem som blir opna for å forhindre at bilar skal køyre ned, seier han.

Utåker fortel vidare at denne fall-lemmen skal ha blitt opna med eit uhell medan bilane køyrde om bord i ferja.

– Her har mannskapet gjort ein feil, og luka har enten blitt lukka for seint eller opna for tidleg. Campingbilen var i ferd med å køyre på ferja og hadde ingen sjanse til å stoppe. Heldigvis var det ingen som fekk personskadar i uhellet, seier han.

Det vart derimot store materielle skader på campingvogna, og Utåker fortel at kostnadane vert dekka av reiarlaget.

Uhellet skal ikkje ha ført til store forseinkingar på ferjesambandet.