Hopp til innhold

Passasjerar rasar mot problem-ferje

Det vart heitt i mange av bilane då Ullensvang igjen gjekk på ein smell onsdag morgon. No har passasjerane fått nok.

Montasje

LEI: Passasjerane (f.v.) Reijo Lohela, Solveig Solvang og Ståle Rasmussen er leie av forseinkingar og køar ved ferjesambandet Hareid-Sulesund.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Det er veldig leitt for dei som er avhengige av dette ferjesambandet. Det er ei stor belastning for dei som blir ramma, seier ferjepassasjer og administrerande direktør ved Kleven verft, Ståle Rasmussen om bord i ferja onsdag ettermiddag.

administrerande direktør ved Kleven verdt, Ståle Rasmussen

Administrerande direktør ved Kleven verdt, Ståle Rasmussen, brukar ferjesambandet ofte. No vil han ha betring.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Han fortel også at mange av dei tilsette ved verftet ofte blir ramma av problem ved sambandet Hareid-Sulesund. Det er eit av dei største og mest trafikkerte sambanda i landet, og det skjer tidt og ofte at passasjerar ikkje kjem med.

Det er ikkje berre dei tilsette ved Kleven som vert ramma, også dei som leverer til verftet slit med sambandet.

– Her går det mykje transport av varer til heile industrien. Det er for dårleg slik det er no, seier han.

Onsdag morgon smalt ferja Ullensvang rett i kaia då den skulle legge til på Sulesund. Kapteinen forklarte då at den eine propellen, som dei brukar til å bakke, hadde slått seg ut.

Ullensvang smalt inn i ferjekaia på Sulesund

Lemmen på Sulesund ferjekai fekk seg ein ordentleg smell onsdag morgon då eine propellen slo seg ut, og Ullensvang smalt rett i kaia.

Foto: Berge Myrene / NRK (Montasje)

Statsbudsjettet vart lagt fram onsdag, og Rasmussen kunne gjerne tenkt seg at der låg fleire punkt om bygging av nye ferjer.

– Det skulle vi gjerne gjort. Vi har sagt før at desse er alt for gamle, og vi meiner at dette sambandet treng noko nytt. Mange verft kan bygge dei, seier han.

Køyrer rundt

Solveig Solvang

Solveig Solvang unngår sambandet.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Solveig Solvang pendlar ein gong i veka, og skulle gjerne brukt ferja oftare. Men den vel ho vekk.

– Eg vel å køyre til Volda i staden fordi eg ofte blir ståande i kø som igjen fører til at eg ikkje rekk det eg skal. For oss som jobbar blir dagane lange når vi må vente unødvendig, seier Solvang.

I kø fleire gonger i veka

Reijo Lohela

Reijo Lohela er lei lange køar.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Reijo Lohela reiser over fjorden fem dagar i veka. Han syns tilbodet har betra seg etter at det vart tre ferjer i sambandet.

– Men eg syns ikkje det er spesielt kjekt å måtte vente i lange køar så ofte, seier han.

Problemfritt – hittil

Roger Brudevoll

Roger Brudevoll har ikkje opplevd problem, og trur kanskje god karma er grunnen.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Roger Brudevoll brukar sambandet eit par gongar i veka, og det utan problem. Men han syns synd på dei som blir ramma når det er trøbbel i sambandet.

– Det er på tide å bygge nye ferjer. Verfta i regionen kan dette godt, og det er nok mykje trøbbel på grunn av gammalt materiell, seier Brudevoll.

Men hittil har han heldigvis ikkje opplevd problema sjølv.

– Det er vel karma då, seier han nøgd og meiner at lukka står den kjekke bi.

Kan ta lang tid å reparere

Inge Andre Utåker er regionsjef i Norled

Regionsjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker, seier at Ullensvang blir nok verande ei stund til.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Regionsjef for ferjer i Norled, Inge Andre Utåker, fortel at ferja Ullensvang ikkje blir i orden med det same.

– Båten må på verkstad, og det vil nok ta lenger tid å reparere den enn vi først trudde. Vi har ikkje funne feilen som gjorde at ferja small i kaia enno. Men vi har sett at stålet fekk ein del skadar, seier han.

Når det gjeld kritikken om mykje venting og lange køar seier Utåker at det har vorte betre etter at dei i slutten av august fekk inn ei tredje ferje.

Kø Hareid - Sulesund

Passasjerane klagar på køar på sambandet Hareid-Sulesund.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

– Det har vore veldig få problem med å halde ruta etter det, seier han.

Og dei som etterlyser ei ny ferje må nok ha is i magen.

– Norled har tre år igjen med dette sambandet, og ferjene blir nok ikkje bytta ut med det same. Ullensvang fyller dei krava som er stilt i kontrakten, så den blir nok verande, seier Utåker.

Onsdag ettermiddag er eine ruta i sambandet framleis innstilt etter smellen.

Kioskvarer velta utover golvet

Ferja small så kraftig i lemman at kioskvarer ramla utover golvet. Dei som jobba på ferja stengde kjøkkenet like etterpå, og fortalte at det ikkje såg ut etter krasjen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL