Hopp til innhold

Brann i kystvaktskip ved Vard i Tomrefjord

Fredag formiddag var det brann i kystvaktskipet «Hopen» som ligg ved skipsverftet Vard i Tomrefjord i Romsdal. Skipet er under bygging.

Brann i eit kystvaktskip som ligg til kai ved Vard sitt verft i Tomrefjord.

Fredag formiddag velta røyken ut av kystvaktskipet.

Foto: Tipsar

Ved skipsverftet Vard velta røyken ut av kystvaktskipet «Hopen». Etter eit par timar fekk brannvesenet kontroll på brannen.

– Det har vore røykutvikling på eitt av nybygga våre. Dette er det som skal bli til kystvaktskipet «Hopen», seier kommunikasjonssjef Anne-Bente Skjellum til NRK.

Like før klokka 11.00 fredag melde brannvesenet at dei har fått kontroll på situasjonen.

Foto: Tipsar

Foto: Tipsar

Brannvesenet i Helland og Tomrefjord reiste til verftet etter at meldinga kom inn til 110-sentralen.

Sjølv om brannvesenet driv ettersløkking er omfanget av brannen framleis uklart. Vard har heller ikkje informasjon så langt om kor store skadane er eller kva følgjer det som har skjedd får for ferdigstillinga av skipet.

– Brannen har starta i batterirommet. Kva som er årsaka til at brannen har starta veit vi ikkje endå, seier Tonny Åsen, ved 110-sentralen i Møre og Romsdal.

Evakuert

Han seier at sløkkingsarbeidet var utfordrande.

– Brannvesenet har tatt ned brannen, men sleit med at nye batteri som er ved sidan av kvarandre byrja å brenne, seier Åsen.

Skipet blei evakuert.

– Dei tilsette om bord i skipet blei evakuert i samband med brannen, seier operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt Arild Reite.

To personar blei sjekka av helsepersonell fordi dei hadde fått i seg røyk.

Brann Langsten Vard Tomrefjord

Det var full brannutrykking til Vard Langsten i Tomrefjord då det byrja å brenne i kystvaktskipet «Hopen».

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kjøler ned

Fredag formiddag er brannvesenet er i gang med å kjøle ned batteriet som starta å brenne om bord i kystvaktskipet «Hopen».

– Det er ikkje fare for at brannen skal utvikle seg vidare, brannvesenet har rimeleg god kontroll og held på å kjøle ned batteripakken, seier Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Brannårsaka er så langt ukjent. Politiet har ei patrulje på staden som skal gjere sine undersøkingar.

Brann i Kystvakt-skip som ligg til kai ved Vard Tomrefjord i Vestnes.

Røyken var godt synleg frå fleire stader i Tomrefjord.

Foto: Tipsar

Stor investering i Kystvakta

KV «Hopen» blir søsterskip til dei to kystvaktskipa «Jan Mayen» og «Bjørnøya». Skroget er bygd i Romania og kom til verftet i Tomrefjord i februar. Bygginga av desse tre skipa er eit av dei største innkjøpa det norske forsvaret har gjort nokon gong i maritim sektor.

Verftsdirektør på Vard Langset, Ronny Langset, seier brannen har gjort ein del skadar.

Ronny Opsjøn Langset

Verftsdirektør Ronny Langset seier dei framleis kjem til å klare å levere skipet i tide.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Det er litt tidleg å seie, men batterirommet har nok gått med. Så det er klart at her er ein del materielle verdiar som må bli erstatta.

Langset seier skipet etter planen skal bli levert første kvartal neste år. Og han trur dei framleis kjem til å klare dette.

– Det er framleis tid nok til å kunne håndtere ei slik hending. Så eg ser ikkje føre meg at vi skal vere forseinka i leveringa av fartøyet.

Vard Langsten ligg i Tomrefjord i Vestnes.