Hopp til innhold

Vil bremse smugling: – Raserer næringa

– Dei raserer ei heil næring, rasar både artist-fiskar og turistvert. I bakgrunnen spøker ein gamal konflikt.

Heidi Heggdal som driver i turistfiskenæringen på Midsund framfor flytebrygger og båthus. Sint med briller og ullgenser.

Heidi Heggdal på Otrøya i Romsdal lever av turistfiske.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

2024 var eit toppår for smugling av fisk – i alle fall i beslag. Tollarane tok heile 13 tonn fisk i fjor, nesten ei dobling frå året før.

No vil regjeringa nesten halvere kor mykje fisk utlendingar skal kunne ta med seg heim.

Det er dårleg nytt for dei over 2100 registrerte turistfiskebedriftene langs kysten av Noreg.

Heidi Heggdal på flytebrygge ved daycruiser, flotte naust og gardar i bakgrunnen.

Hundrevis av turistar kjem kvart år hit for å fiske.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Raserer livsverk

Turistfisket står for rundt ein prosent av all den fiska fisken i Noreg.

No vil regjeringa minke kvotane frå 18 til 10 kilo fisk ut av landet, maks to gonger i året. Det skal også bli forbod mot innfrysing av fisk.

– Dette er livsverket vårt, bygd opp gjennom 30 år, med støtte frå Innovasjon Noreg i si tid, seier Heidi Heggdal på Otrøya.

Ho meiner at fiskeriministeren no raserer ei heil næring, og er overtydd om at mange av dei rundt 1500 tilsette i turistfisket vil gi seg.

Heidi Heggdal står framfor ei mengde møblar ho har kjøpt inn til turistfiskeværet sitt.

Heidi Heggdal har nett investert i ein haug med møblar og senger til feriehusa som fisketuristar leiger.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

– Kvifor vil det få så store konsekvensar å gå frå 18 til 10 kilo?

– Fiskeriministeren snakkar om at dei må komme på grunn av opplevinga. Men det å ta med fisken og nyte den heime i Tyskland, Tsjekkia og Polen, og planlegge neste års tur tilbake til Noreg – er jo ein del av opplevinga. Det verkar som heilt fjernt for myndigheitene å forstå, seier Heggdal.

Ho viser til ei avstemming på Facebookgruppa «Norwegen Angeln Spezial» med over 37.000 medlemmer. Der seier 1 av 3 at dei vil droppe noregsferien om dei ikkje får ta med seg fisken heim, ifølge Heggdal.

Kjartan Lauritzen og Bilal Saab på havet med fiskestenger i bakgrunnen og ein stor tors, halden av Bilal Saab i forgrunnen.

Bilal Saab er snart meir kjent for fisking enn for synging. Her med artisten kjent som Kjartan Lauritzen og ein stortorsk.

Foto: Frida Marie Flatland

Noregs nest mest berømte fiskar, etter Bård Tufte Johansen, er Bilal Saab. Artisten tener pengar på turistfiske på Sørøya nær Hammerfest, og seier det same:

– Dei tar med fisken tilbake til heimlandet og fortel til venane: «Eg har tatt denne fisken» og kor fint det har vore i Noreg. På den måten er det fantastisk god noregsreklame, sa Bilal Saab nyleg på Dagsnytt 18.

Les også Meningsmåling: Flertall vil at utlendinger skal få ta med seg mindre fisk hjem

Maribell Sjøbuer

Mange tonn fisk

Tolletaten har fortalt NRK at det er vanskeleg å anslå kor mykje fisk som blir ulovleg frakta ut av landet.

Tom Olsen

Tom Olsen er regionleiar i Nord-Norge for Tolletaten.

Foto: Jørn Inge Johansen

– Nokon snakkar om at vi kanskje beslaglegg 3–5 prosent, men dette veit vi ikkje. Det eg er sikker på, er at vi berre tar toppen av isfjellet, sa toll-leiar Tom Olsen til NRK i starten av februar.

13 tonn fiskefilet blei beslaglagd av tollarane i 2024. Dette svarar til rundt 40 tonn heil fisk, det same som torskekvotane til om lag fire kystsjarkar.

Men om dette er 5 prosent av den totale mengda, svarar det til 800 tonn fisk ulovleg ut av landet årleg, eller altså 80 kystsjarkar.

Les også Beslagla eitt tonn smuglarfisk på ei veke – mistenker organisert verksemd

Fisk2

Årelang konflikt

Turistvertinne Heggdal meiner at det i ei årrekke har vore konflikt mellom det ordinære fiskeriet og turistfisket. Og sidan fiskarane no får reduserte kvotar, så går det også utover turistfiskenæringa.

– Det er ei årelang myte at turistane fiskar for mykje og skjer dei beste stykka av fisken, at dei ikkje legg att pengar, men har med alt av mat frå heimlandet. I løpet av dei 30 åra vi har drive her, har vi ein einaste gong sett at nokon har hatt med mat i ein frysar.

To gutar med garn pratar om dagens fangst på ei plastjolle.

Dagens fangst diskuterast på Otrøya.

Foto: Roar Jonny Strøm / NRK

Ho meiner at dei seriøse aktørane no må ta straffa for dette, og at det meste av smuglarbeslaga blir gjort i Nord-Noreg.

– Fiskeridirektoratet har ikkje kontroll på registera sine, så kven som helst kan registrere seg som turistfiskebedrift og drive med smugling.

Ministeren

– Me har sett ein ganske omfattande fiskesmugling, som også har gått føre seg frå registrerte turistfiskeverksemder, seier fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss.

fiskeriminister

Fiskeriminister Marianne Sivertsen Næss (Ap) frå Hammerfest.

Foto: NRK

Ho meiner det er viktig å få betre regulering for å få bukt med fiskesmuglinga.

– Eg vil framheve at den seriøse delen av turistfisket er utruleg viktig for verdiskaping og arbeidsplassar langs heile kysten, og me er opptatt av å legge til rette for ein berekraftig fiskeferie.

Les også Vil ha totalforbud for fisketurister: – Regjeringen bør reagere før folk blir forbanna

portrettintervju Torgeir Knag Fylkesnes

Men du trur at det å gå ned frå 18 til 10 kg vil ha stor innverknad på smugling?

I lag med andre tiltak, så har eg trua på det. Så synast eg og det er heilt på sin plass med eit slik forslag i ei tid kor me har ein ganske stor kvotenedgang og det er mindre fisk å hauste.

Statsråden meiner at to gonger 10 kilo i året er ei betydeleg mengde fisk.

– Om me tenker på kor mykje som blir skåre vekk og filetert er dette framleis mykje norsk fisk ein kan nyte etter ferien her i landet. Så vil eg framheve det som bør vere det aller viktigaste: Å dra ut på tur, kjenne på havet og ikkje minst:

– Å få ein fisk på stanga.

Kva er best?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Helge Storøy står framom det gule huset sitt på Remøyholmen, i bakgrunnen ser ein dagens remøybru.

Helge har budd her i 87 år – no må folk og hus vike for ny bru