Hopp til innhold

Ayah flykta frå Gaza – fann håp i nål og tråd

Palestinsk broderikunst møter norsk bunadstradisjon. Ayah Rayyiselmina si historie viser korleis eit sting kan bygge bru mellom to kulturar.

I ei lys og heimleg stove i Ålesund sit Ayah på ein stol og broderer. På bordet ved sida av henne ligg ein pakke med ein sunnmørsbunad.

I heimen sin i Ålesund sit Ayah Rayyiselmina og broderer bunad. – Det hjelper meg med å ikkje tenkje så mykje på det som skjer i heimlandet mitt.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

– Mamma, eg vil ikkje tilbake til Palestina. Barna døyr der når dei er så små. Eg vil ikkje døy. Eg vil vekse opp, seier femåringen til palestinske Ayah Rayyiselmina (31).

Rayyiselmina vaks opp i ein stor familie. Då krigen braut ut i 2023, budde ho i Nord-Gaza saman med mannen sin og dei to små barna.

Nokre dagar seinare sleppte Israel flygeblad over området.

Ayah sit saman med Kari på kjøkkenet. Dei har norskopplæring, og den fem år gamle sonen hennar kjem for å be Ayah hjelpe han med å finne eit TV-program.

Ayah Rayyiselmina har mista tre familiemedlemmar. I 2023 mista ho svogeren sin. Etter at ho flytta frå Palestina, mista ho både broren sin og den 15 år gamle nevøen.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

– Papira låg strødd over heile området. På dei stod det: «Du må forlate dette området og flytte til Sør-Gaza. Vi skal angripe.» fortel Rayyiselmina.

Dei hadde berre éin dag på seg til å flytte til Sør-Gaza.

Vi hadde eit vakkert hus. Eg ville ikkje dra. Eg sa til mannen min: Eg kan vere her viss dei bombar. Eg skal døy her i mitt eige hus, seier ho.

Dei flykta til Sør-Gaza og kom seg vidare ut av landet. Tidleg i 2024 kom Ayah Rayyiselmina til Noreg, saman med mannen sin og dei to små barna.

en person som holder en svart og hvit skjorte med et design påen person i et hvitt skjerf

Ho kom til Noreg med ein kjærleik for tradisjonar.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

Språk og venskap

Ayah Rayyiselmina fortalde venen sin, Kari Meling Havnes, ein pensjonert lærar ho blei kjent med gjennom Palestinakomiteen i Ålesund, at ho ønskjer å lære norsk.

– Eg måtte først lære språket, men har ikkje rett til å gå på norskkurs, seier Rayyiselmina.

Ho har ikkje rett til opplæring, fordi behandlinga av opphaldsløyve tek lang tid.

Kari Meling Havnes og Ayah Rayyiselmina sit og pratar saman i ein hyggeleg tone.

– Når vi er ferdige med opplæringa, seier Ayah : «No lagar vi palestinsk kaffi.» Vi legg bort boka og set oss ned for å prate om dagen og det ho har lært, fortel Kari Meling Havnes.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

– Eg foreslo at eg kunne kome til ho og hjelpe ho med å lære norsk, og det vart starten på eit langt og koseleg venskap, seier Kari Meling Havnes.

Broderi som bru mellom kulturar

Rayyiselmina elskar å brodere bunaden. Det gir henne ro.

Men medan hendene arbeider, vandrar tankane. Ho tenkjer på slektningar i Gaza, og på nyheitene som møter henne kvar dag.

– Eg er åleine heime når barna er på skulen og mannen min er på jobb. Då broderer eg, det hjelper meg å ikkje tenkje så mykje på det som skjer i heimlandet mitt.

Ho har studert økonomi i Gaza og har ein stor lidenskap for broderi.

Tidlegare broderte ho festdrakter. I Noreg broderer ho mellom anna julepynt og klede, men låge inntekter fekk henne til å søkje nye moglegheiter med hjelp frå Havnes.

– Vi snakka om kva ein kan leve av i Noreg dersom ein driv med broderi. Då kom vi inn på bunaden. Noko nesten alle sunnmørsdamer har lyst på, seier Havnes.

Ayah held ein del av sunnmørsbunaden som ho har brodert, og ser på arbeidet sitt.

Rayyiselmina viser fram éin av bunadsstakkane ho har brodert.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

Dei håpte det kunne vere ei ny moglegheit for Rayyiselmina å begynne og brodere bunad. Derfor fann dei ein stad der ho kunne gå på kurs.

– Eg har fått mange gode og varme tilbakemeldingar frå folk som er glade for at eg har begynt å brodere bunad, noko eg set stor pris på, seier Ayah Rayyiselmina.

Et sett med røde og gullsymboler
Ayah Rayyiselmina, opphavleg frå Palestina og no har ho laga ein sunnmørsbunad.

På 17. mai, då vi sat og åt frukost, var det mange som hadde på seg bunad. Ho såg på dei og sa: Det er litt feil brodert, akkurat det er ikkje heilt rett for sunnmørsbunaden. Då hadde ho visst lært seg det, seier Havnes.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

Kari Meling Havnes meiner at det å lage bunad er både eit handverk, ei kunstform og ein del av ein lang tradisjon.

– Det spelar inga rolle kven som sit her i Noreg og broderer, kva hudfarge dei har, kva kultur dei kjem frå, eller kva språk dei snakkar, seier Havnes.

Kari Meling Havnes og Ayah Rayyiselmina sit saman, og Ayah får opplæring i norsk.

– Alle kan brodere, berre dei gjer det rett, og berre dei er innstilte på å utføre kunsthandverket, å lage ein bunad etter dei gamle tradisjonane, seier Havnes.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK

Ho seier ho er stolt av Rayyiselmina.

– Ho har faktisk begynt å ta vare på ein av kulturtradisjonane våre.

Ber på to draumar

Kvinna frå Palestina har to ønskjer.

– At krigen tek slutt, og at eg ein dag får ein jobb der eg kan bruke evnene mine og støtte familien min, seier Rayyiselmina.

Ayah sit i stova og broderer. På høgre sida ligg ein sunnmørsbunad ved bordet. Over stolen heng ein jakke som Ayah har brodert med symbol frå Palestina.

– Eg jobbar raskt og med glede, seier Ayah Rayyiselmina.

Foto: Shiva Ghalvazi / NRK