Hopp til innhold

Frp får ikkje fylkesordføraren: – Det hadde vore svært å bli historisk

Sjølv om Frp fekk flest stemmer, er det Høgre som stikk av med fylkesordføraren i Møre og Romsdal, det bekreftar Anders Riise (H) i dag.

Geir Stenseth Tapte kampen om å bli ny fylkesordførar, men seier han ikkje har seld seg billeg.

MOGLEG VARAORDFØRAR: Geir Stenseth tapte kampen om å bli ny fylkesordførar, men seier han ikkje har seld seg billeg. Han kan framleis bli varafylkesordførar.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Etter eit historisk godt val for Framstegspartiet i Møre og Romsdal, såg det lenge ut for at dei kunne få sin første fylkesordførar i landet.

Men etter knallharde forhandlingar, vart det tysdag morgon stadfesta at det var Anders Riise frå Høgre som stakk av med den gjeve tittelen.

– Eg skal vere ordføraren. Så har vi fordelt Frp som varaordførar, og sikra Venstre og KrF plass i fylkesutvalet, seier Anders Riise til NRK.

Anders Riise er Høgre sin kandidat til fylkesordførervervet i Møre og Romsdal

Anders Riise (H) blir ny fylkesordførar.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

I tillegg skal Frp leie samferdselsutvalet, der Høgre får nestleiaren.

– Det er viktig for oss å seie at vi er valets vinnarar, tre av oss har stor framgang, og den andre har status quo. Vi hadde som intensjon før vi starta at vi skulle ha eit borgarleg samarbeid, det har vi fått til no, seier han.

– Det er noko eg har jobba for knallhardt i mange månader. Ikkje berre eg personleg, men også heile Høgre. Eg har veldig stor takksemd for alle som har stått på i partiorganisasjonen, seier Riise.

Forhandler om makta

Fleire av fylkespolitikarane var med i forhandlingar til langt på natt i går.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vart ikkje historisk

Geir Stenseth i Frp får dermed ikkje skrive seg inn i historiebøkene som den første fylkesordføraren frå Frp.

– Det hadde vore stort å bli historisk. Men slik er dette, det er fire som skal vere einige, så då vart det dette.

Men han er klar på at dei ikkje har seld seg billeg.

– Hadde folket fått bestemt så hadde eg vore fylkesordførar. Men så var vi fire parti som skulle bli einige. Vi har seld oss dyrt, vi har fått leiarverva i dei viktigaste politiske utvala. Så dei som har stemt på oss skal vere sikre på at det kjem til å vere ein god del Frp-politikk framover, seier Stenseth.

Bytter side

Også leiaren for KrF i Møre og Romsdal, Randi Frisvoll, er godt nøgd med avtalen dei har forhandla fram i natt.

– Eg trur det blir bra. No hoppar KrF og Venstre frå venstresida til høgresida. Men det er nettopp det at vi vel å lytte til folket. Det er viktig for oss. Eg tenker det blir eit godt samarbeid med Høgre, Venstre og Frp framover.

– Vi kjem til å ville vise igjen på politikkområda også, seier leiaren for Venstre i Møre og Romsdal, Pål Farstad.