Hopp til innhold

Ambulansearbeidarar føler seg oversett i vaksineringsforslag

Dei som ofte veit minst om pasientane dei møter, står ikkje på FHIs utkast til vaksinering av helsepersonell. Det reagerer ambulansearbeidarar på.

Ambulansearbeidere i Oslo

RYKKER UT: Ambulansearbeidarar har ofte avgrensa informasjon om pasientane dei møter. Dei veit ikkje alltid om pasienten har covid-19 eller ikkje.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Når alarmen går har ambulansepersonell som regel liten informasjon om kva som ventar dei. Det har vore spesielt vanskeleg gjennom pandemien.

– AMK prøver å få tak i så mykje informasjon som råd og om dei har symptom på korona. Det er ikkje alltid det er like lett og viktig informasjon kan fort gleppe, seier hovudtillitsvald i Ambulanseforbundet i Delta i Møre og Romsdal, Vegard Øvstegård Bergquist.

Vegard Øvstegård Bergquist, hovedtillitsvalgt Ambulanseforbundet i Delta Møre og Romsdal

REAGERER: Vegard Øvstegård Bergquist reagerer på at ambulansearbeidarar ikkje er nemnt når helsearbeidarar no skal få vaksinen.

Foto: PRIVAT

Rett før nyttår blei det opna opp for at helsepersonell skal vere høgt prioritert over kven som skal få den nye koronavaksinen først. FHI har laga eit forslag til kva helsepersonell som kan bli prioritert, men blant personell i spesialisthelsetenesta er ikkje ambulansearbeidarar nemnt.

Folkehelseinstituttet har sett av dosar til å vaksinere 15.000 tilsette i spesialisthelsetenesta i Noreg.

– Fleire av mine kollegaer og dei eg representerer reagerer at vi ikkje er nemnt i listene til FHI, seier Bergquist.

For smitterisikoen er stor om pasienten ambulansen hentar har covid-19.

– Vi er prisgitt den informasjonane AMK klarer å få tak i, men vi sit i tronge bilar med stilleståande luft. Vi sit nærmare enn ein meter til pasienten, då er smitterisikoen stor, seier han.

Ikkje ei komplett liste

Folkehelseinstituttet peiker på at lista over helsepersonell som bør få vaksinen tidleg ikkje er ei komplett liste.

– Dette er eit skjema med døme på helsepersonell som kan bli vurdert høgt. Sjukehus og kommunar er sjølv bedt om å gjere eigne vurderingar, seier smitteverndirektør i FHI, Geir Bukholm.

Geir Bukholm, FHI

SMITTEVERNDIREKTØR: Geir Bukholm i FHI seier listene berre er eit døme på dei som bør få vaksine først. Kven som faktisk får det må bli bestemt lokalt.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Dei viser til at slike vurderingar må bli gjort lokalt, men han er samd i at det kan vere betydeleg smitterisiko knytt til det arbeidet ambulansepersonell utfører.

– Ein må vurdere ambulansepersonell opp mot anna helsepersonell. Smitterisiko kan variere frå område til området. Det er også andre kriterium som ligg til grunn i tillegg til smitterisiko, seier Bukholm.

Kan verte prioritert lokalt

Helse Møre og Romsdal (HMR) og Helse Midt-Norge jobbar framleis med sin lokale prioriteringsliste, som dei trur tidlegast er klar mot slutten av veka. Fagdirektør Torstein Hole seier at ambulansepersonell er ei av gruppene dei vurderer å prioritere.

– Ambulansepersonell er med i den lista vi sende FHI over prioritert personell i gruppe éin frå HMR, og dei er med i lista over aktuelt personell som kan verte prioritert i vår første vaksineringsrunde. Men kven som til slutt vert med i første runde ikkje avklart enno, og det vil også vere avhengig av kor mange dosar med vaksine vi får den første tida, seier Hole.

Smittevern er ei utfordring

Ambulansen har eit strengt smittevernregime. Så lenge dei ikkje veit, så må dei ta utgangspunkt i at pasienten har korona, og då er det på med fullt smittevernutstyr.

– Det er ei utfordring å ha på alt at smittevernutstyr. Men vi må bruke det utstyret for å hindre smittespreiing, det er heilt klart, seier Vegard Bergquist.

Ambulanse innsiden

LITEN PLASS: Ein må sitte tett bak i eit ambulansekøyretøy.

Foto: Vegard Øvstegård Bergquist

Bergquist føler at ambulansepersonell ofte kjem langt bak i rekka, men han vil ikkje svare på kven blant helsepersonell han synest skal bli prioritert først.

– Det er vanskeleg å seie om vi skal vere først eller sist, men det er på sin plass at vi er med i vurderingane, og er på prioriteringslistene, seier han.

– Vi føler vi står på og gjer så godt vi kan. Men det er i liten grad at vi i ambulansen blir nemnt som ein førstelinjeinstans i dette. Vi føler vi også er med og bidrar og står på.