Askeskyer frå utbrotet har stengt luftrommet over heile Vestlandet, Nord-Noreg og delar av austlandet.Skyene er farlege for flytrafikken.
Det er nesten heilt tomt for folk i avgangshallen på Vigra torsdag morgon.
Foto: Kathrine TørlenBerre eit fåtal passasjerar er no på flyplassen på Vigra. Dei som kjem dit vert bedne om å reise heim.
Foto: Kathrine TørlenPå Vigra har ei rekkje passasjerar sett seg ned for å vente på beskjed om kva dei skal gjere.
Foto: Torild Øvrelid / NRKHer kjem aska med vindar frå vest. Satellittbilete frå Meteorologisk institutt.
Foto: Met.no- Askeskyen frå Island har gjort det umogleg å opne luftrommet. Det er difor stengt og kjem til å vere det til verforholda tilseier at situasjonen blir endra, seier John Offenberg i Avinor ved Molde lufthamn Årø.
•
Stengt fleire timar
Offenberg seier til NRK at det kan gå fleire timar før flyplassane blir opna att.
- Det er tvilsamt at dei opnar i formiddag. No må alle som skal reise forhalde seg til flyselskapa sine. Det fins også informasjon på
, seier Offenberg.Avinor opplyser at seinare i dag kan heile den norske og nord-europeiske flytrafikken stoppe opp.
•
•
•
Heile luftromet kan bli stengt
Det er askeskyen etter vulkanutbrotet på Island som er årsaka til at luftrommet er stengt. utbrotet sende ei sky med aske 11 kilometer opp i lufta. Skyen med aske har skapt store vanskar for flytrafikken både i Noreg og i andre land i Europa.
Luftrommet over Austlandet og frå Trondheim til Austlandet er framleis ope, ifølgje Avinor.
– Slik situasjonen ser ut no vurderer vi å stengje resten avluftroma, noko som i praksis betyr at all flytrafikk blir stansa, seier pressesjef i Avinor, Sindre Ånonsen til NRK.
Aske frå dette vulkanutbrotet stengjer no dei fleste flyplassane i Noreg.
Vet du noe mer om situasjonen ? Send e-post til
eller tips oss her: