Ved Svartløken, eit populært friluftområde på Sunnmøre, er Naturvernforbundet og Skogselskapet i Møre og Romsdal på veg ned til eit vatn.
Men vegen dei går på finst ikkje på kartet. Den skulle aldri vore der.
– Det er ein sak vi helst skulle vore forutan, seier dagleg leiar i Skogselskapet i Møre og Romsdal, Andreas Furnes Fjærli.
Andreas Furnes Fjærli i Skogselskapet synest ikkje noko om at folk tar seg til rette på deira eigedom.
Foto: Øyvind Sandnes/NRKVurderte ikkje naturen
For to år sidan oppdaga Skogselskapet at nokon hadde bygd ein ulovleg veg til ei hytte på deira eigedom, utan å spørje om lov.
I staden for å anmelde saka, valte Skogselskapet å søkje om å få den 100 meter lange vegen godkjent.
– Skaden hadde allereie skjedd. Det å tilbakeføre er også eit tiltak, så vi rekna totalsummen til å bli større enn å la vegen ligge, seier Fjærli.
Ålesund kommune godkjente vegen, i strid med lova.
I strid med lova
Det er strenge reglar for å bygge ned natur i Noreg. Særleg i område med naturtypar vi har sagt vi vil ha, må du ha gode grunnar for å bygge.
Denne vegen er bygd like ved eit verna vassdrag. Det betyr at det i utgangspunktet ikkje er lov å bygge noko innan hundre meter frå vassdraget.
I tillegg er han delvis bygd i myra som er viktig for vassdraget. I verste fall kan slike tiltak øydelegge verneverdiane i vassdraget.
I og rundt vatnet er det mange artar som er avhengige av at området rundt ikkje blir forstyrra, blant anna den freda elvemuslingen.
Men dette vurderte ikkje Ålesund kommune då dei godkjente vegen.
– Det vedtaket dei gjorde, er fagleg sett dårleg i forhold til naturmangfaldlova, seier Øystein Folden, fylkessekretær i Naturvernforbundet Møre og Romsdal.
Naturvernforbundet klaga inn vedtaket til kommunen til Statsforvaltaren. Dei bestemte at vedtaket ikkje var godt nok. Vegen var ulovleg.
Skjer mange lovbrot
NRK har tidlegare vist at kommunane gjer fleire lovbrot og feil når dei vurderer saker om å bygge ned natur.
Dersom kommunane må vurdere inngrep i naturen som allereie er bygd, må dei ta utgangspunkt i at dei ikkje finst. I mange av sakene blir ikkje naturen vurdert.
– Kommunane gir ofte desse løyva ut ifrå uriktig forståing av lova, seier jusekspert i plan- og bygningsrett, Nikolai Winge.
Det finst ikkje tal på kor mange små eller store ulovlege inngrep får ettergodkjenning på feil grunnlag. Dei fleste løyva blir ikkje påklaga, og Statsforvaltar har ikkje ressursar til å ta tak i alt, meiner Winge.
Ein veg på hundre meter tett på eit verna vassdrag kan verke lite i seg sjølv.
– Summen av mange små vegar som dette vil medføre store inngrep utan at nokon har oversikt og kontroll over kva som skjer, seier Winge.
Nikolai Winge er ekspert innan plan- og byggesak i Holth og Winge.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKManglande vurdering
Ålesund kommune innrømmer at dei gjorde ein slett jobb då dei først vurderte vegen.
Dei vurderte vegen som om han var bygd på landbrukseigedom, og gløymte å vurdere opp mot naturmangfaldlova. Naturverdiane er ikkje nevnt.
– Enkelte gongar gjer vi dessverre nokre manglande vurderingar. Då tar vi sjølvsagt å ser om vi må vurdere annleis, seier avdelingsleiar i byggesak, Krister Omenås.
No må kommunen vurdere vegen på nytt. Denne gongen må dei vurdere konsekvensane for naturen i området opp mot kor stor nytte samfunnet får for vegen.
Avdelingsleiar i byggesak i Ålesund kommune, Krister Omenås.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKStille i båten
Blir vegen ulovleg er det Skogselskapet som blir ståande som ansvarleg. Andreas Furnes Fjærli seier at det kanskje ikkje var så lurt av dei å ta tiltaksrolla i saka.
– Vi sitt berre i ro i båten, og ventar på vedtaket frå kommunen. Så må vi ta ei vurdering på kva vi gjer vidare i saka når vedtaket kjem, seier Fjærli.
NRK har fleire gongar prøvd å kome i kontakt med mannen som bygde vegen, utan å lukkast.