Hopp til innhold

– Ålesund har største utfordringa med å skaffe nok bøsseberarar

Stadig fleire opplever at nokon i familien får demens. I Noreg er no 70.000 menneske råka av sjukdomen. Talet blir dobbelt så høgt i løpet av dei komande ti åra.

Morten Oksavik

Morten Oksavik er fylkesleiar i TV-aksjonen. I år går pengane til Nasjonalforening for folkehelsen sitt arbeid med demens.

Foto: Terje Reite / NRK

I år går TV-aksjonen på NRK til Nasjonalforeningen for folkehelsen sitt arbeid med demens. Organisasjonen vil medverke til å gjere kvardagen betre for alle som er råka av sjukdomen på eitt eller anna vis. Forskinga skal styrkast og behandlingsmetodane skal utviklast.

Aksjonen er 20. oktober. Og no er tida inne til å melde seg som bøsseberar.

Årets aksjon er svært viktig. Vi skal hjelpe folk som treng det, og vi ser at mange vil vere med og gjere ein innsats. Og vi er takknemlege for alle som stiller opp, seier fylkesleiar for aksjonen, Morten Oksavik.

– Mange har meldt seg

For å bli bøsseberar kan du melde deg til eitt av lokallaga til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Eller du kan fylle ut eit skjema på nettsidene til organisasjonen.

– Folk har allereie begynt å melde seg til å vere bøsseberarar. Dei melder seg på nettet og over telefon. Eg såg at 10 hadde meldt seg her i Møre og Romsdal berre i løpet av det siste døgnet, seier Oksavik.

Varierande engasjement

Men engasjementet varierer. Nokre stader er det fullt opp av bøsseberarar og bygder og grendelag har sterke tradisjonar med å vere med på denne aksjonen. Men andre stader sit engasjementet lenger inne. Og Morten Oksavik peikar på Ålesund som den staden i fylket som har lengst veg å gå.

– Uff. Eg håpte nesten at eg ikkje skulle få akkurat det spørsmålet. For eg er sjølv frå Ålesund. Og eg ser at vi i Ålesund har tendensar til å ikkje vere like flinke som mange andre. Så no treng vi hjelp til å skaffe nok bøsseberarar, og spesielt i Ålesund trengst det ein ekstra innsats.

– Kan bruke kort

Den 20. oktober kjem altså bøsseberarane på døra di. Då gjeld det å ha sedlane klar. Alle som driv med innsamling og loddsal merkar at det er mindre kontantar i omløp. Folk brukar betalingskort, og det har gjort slike innsamlingsaksjonar vanskelegare å gjennomføre.

– Det vil også vere mogleg å gje pengar via mobiltelefon og via nettbank. Men vi kjem også til å gå ut med ein kampanje for å få folk til å ta ut kontantar. Vi merkar godt at det er mindre setlar hos folk. Men dette med å få kontantar i bøssa er ein viktig tradisjon å ta vare på

– De vil ikkje bytte ut den tradisjonelle bøssa med kortlesarar då?

– Nei, det er nok for tidleg. Og framleis vil det bli for dyrt. Og sjølv om alle bøsseberarar skal vere over 18 år, er det ein viktig tradisjon at barn er med på aksjonen og går saman med vaksne. Så det skal ikkje vere for vanskeleg dette.

Men det er ei utfordring at det blir stadig mindre kontantar i omløp?

– Ja, og vi ser utfordringa rundt endringane i banknæringa også. Det er stadig færre bankavdelingar som handterer kontantar. Så enkelte stader må vi ta nattsafe til hjelp, og få frakta pengane inn til avdelingskontor som har utstyr til å handtere kontantar.