Hopp til innhold

4000 på konsert i regnet

Stemninga var god, og veret varierande, då Patti Smith og Ane Brun underheldt 4000 på Romsdalsmuseet onsdag kveld.

Ane Brun på Romsdalsmuseet
Foto: Roar Strøm

Konserten starta dårleg, då arrangørane fekk problem med straumen når Ane Brun tok til å spele. Etter ei kort pause tok det seg likevel opp att, og kvelden gjekk utan problem.

Rockeveteran

Patti Smith var hovudrolleinnehavaren onsdag kveld, og etter at den lokale artisten var ferdig med oppvarminga, var det rockelegenda som tok over.

Patti Smith på Romsdalsmuseet
Foto: Roar Strøm / NRK

61-åringen er ein av dei store veteranane i rockeverda, og underheldt dei frammøtte i regnbyger i Molde.

Fyrste i rekkja

Konserten onsdag var den fyrste i rekkja av utekonsertar under årets Moldejazz. Torsdag er det Mary J. Blige som er trekkplasteret, med Stephanie McKay som oppvarming.

Fredag står Kent på scena, på ein kveld då også The Margarets og Beady Belle opptrer på Romsdalsmuseet.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL