Hopp til innhold

Ålesund kommune: Er einige om eit budsjettforslag

I Ålesund kommune har Frp, Høgre og Ålesundlista blitt einige om eit budsjettforslag for 2026. Det melder partia i ei pressemelding.

Der er dei mellom anna einige om å sette av midlar til å etablere ei utekontakt. Denne skal vere til stades der ungdomen er og målet er å bygge tillit, førebygge utanforskap og bidra til tidleg hjelp for unge som treng det.

– Vi ser dessverre ei negativ utvikling innanfor rus og kriminalitet hos unge, også i Ålesund. Derfor er det avgjerande at vi styrkar det førebyggande arbeidet, seier ordførar Håkon Lykkebø Strand (Frp)

I tillegg er det fleirtal for at Fontenehuset blir bevart. Dette er eit dagtilbod for menneske som står utanfor arbeidslivet, ofte på grunn av psykiske helseutfordringar.

Partia vil også oppretthalde erfaringskonsulentar og helsesjukepleiarar ved dei vidaregåande skulane i kommunen.

Ålesund sentrum med rådhuset midt i bildet. Sommer og sol på bildet.
Foto: Øyvind Sandnes/NRK