Hopp til innhold

Markerte 22. juli i Kristiansund

Det var mange som møtte opp for å legge på roser og vere med på 22. juli-markeringa i Kristiansund. Artisten Øivind Elgenes song om å vere der for kvarandre, mens Utøya-overlevande Line Hoem talte om ikkje la minnane bleikne etter terroråtaket for 14 år sidan. – Det er veldig fint at så mange møter opp og viser omtanke, sånn av vi kan stå ved løftet vårt om å aldri tie og aldri gløyme. Det er ein vanskeleg dag, men det blir litt lettare når fleire står saman, seier Line Hoem.

Line Hoem taler på 22. juli-markeringa i Kristiansund i 2025.
Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK