Hopp til innhold

Startar opp igjen onsdag

Rettssaka er no avslutta for dagen, men startar opp igjen i morgon klokka 09.00.

Reidar Andresen, forsvararen til den tiltalte kvinna i 20-åra, seier ho erkjenner straffskuld på grunn av bevisa i saka. Dette sjølv om ho i retten forklarte at ho ikkje hugsar sjølve ulykka. Kvinna har vore sjukmeldt sidan hendinga.

– Bevisa peiker på at ho har hatt for høg fart og ho vedgår difor straffskuld. Ho synest saka er svært vanskeleg og har stor empati med tanke på dei pårørande og kva ho har påført dei, seier han.

Politiadvokat Magne Baltzer Grimstvedt Kvalvik seier at saka er alvorleg.

– Først og fremst på grunn av skadeomfanget. Her er det tre døde og mange etterlatne, seier han til NRK på slutten av dagen.

I morgon blir det lagt fram data frå airbagen i bilen som tiltalte køyrde. Politiet meiner denne kan gi viktig data om kva som skjedde.

Bistandsadvokaten til sju av dei pårørande, Mette Ekroll Nyland, seier at den første dagen i retten har vore krevjande for dei pårørande.

Kvinna i 20-åra har også sagt at ho også aksepterer å betale eventuelle erstatningskrav i saka.

– Oppreisingserstatning skal dekke tort og svie for dei råka i ei slik hending. Nivået er fastsett gjennom rettspraksis og ligg normalt på 170.000 per pårørande i slike saker, seier Nyland (bildet).

Bistandsadvokat er Mette Ekroll Nyland under rettssaka etter dødsulykka i Blindheimstunnelen.
Foto: Remi Sagen / NRK