Hopp til innhold

Ras frå Veslemannen

Fleire steinras har gått frå Veslemannen i Rauma torsdag kveld. Geolog Lars Harald Blikra seier det er venta at det vil kome fleire småras etter det store raset i fjor, då halvparten av steimassene forsvann. – Det har vore aktivt i mange veker. og der er ein del lausmasser i renna. Området blir framleis overvåka og der er ein del rørsle. Det er ikkje auka farenivå, men vi følgjer med, seier Blikra til NRK.