Hopp til innhold

Søkte om erstatning

To av dei som bur under Veslemannen i Rauma søkte til fylkesmannen i Møre og Romsdal om erstatning, det skriv Sunnmørsposten. Dei søkte om 470 000 kroner for tap som dei har hatt i forbindelse med evakueringar når Veslemannen har vore på raudt farenivå. Men fylkesmannen og Kommunal- og moderniseringsdepartementet seier nei, fordi søknaden ikkje fylte dei krava fylket og staten har.