Hopp til innhold

Høgre-lovnad om skipstunnel

Høgre lovar fortgang i arbeidet med Stad Skipstunnel dersom partiet kjem i regjeringsposisjon etter valet.

Stad skipstunnel skal gå gjennom dette fjellet, mellom Kjødepollen og Moldefjorden.
Foto: Stig Silden

Samferdslepolitisk talsmann Øyvind Halleraker seier det blir byggjestart på tunnelen innan 2013 med Høgre i regjering.

– Må skje tidlegare

Det raudgrøne fleirtalet på Stortinget har vedteke å sette av pengar til Stad skipstunnel i siste halvdelen av planperioden 2010-2019. Høgre meiner det må skje langt tidlegare.

Øyvind Halleraker
Foto: Tomas Moss

– Det er viktig å få fullført planane snarast slik at vi kan sette i gang utbygginga i komande stortingsperiode, seier Halleraker.

OPS = dobbelt så raskt

Han tek til orde for at bygginga av Stad Skipstunnel bør bli eit såkalla OPS-prosjekt. OPS står for offentleg privat samarbeid, og det inneber at det er ein privat utbyggar med offentleg bistand. Til no har dette berre vore i bruk på veg og bane.

– Slike prosjekt går dobbelt så raskt som andre prosjekt i Noreg, og dessutan blir kostnaden fordelt over 25 år. Og dette blir det einaste OPS-prosjektet vi lanserer til sjøs, medan det er 23 på veg.

– Realistisk

Halleraker meiner skipsulukka med oljesøl på Telemark-kysten har aktualisert behovet for skipstunnel. Han meiner det er realistisk med byggjestart i 2013.

– Ja, det trur eg. Vi i transportkomiteen var og såg på området, og vi har og vore i simulatoren i Ålesund og har forstått at planane har kome ganske langt. Når vi seier at vi vil byggje Stad Skipstunnel dei neste fire åra, så meiner vi alvor. Vi har ikkje for vane å love ting vi ikkje held.