En tallerken med salat, skiver av hjortekjøtt, sesamfrø og stekte kantareller.

Hjortekjøt i fine skiver på ei seng av grøne grønsaker.

Foto: Johan Trygve Solheim / Kvalstad gard

Biffsalat med hjort med inspir­asjon frå Asia

Denne biffsalaten har syrlege og friske smakar, og er rask å lage. Ver likevel forsiktig med dressingen slik at du ikkje overdøyver den milde hjortesmaken.

Slik gjør du

Start med å ha salt på begge sider av kjøtstykket, for så å steike det til «medium-rare» i ei panne med nøytral olje. Ha i litt smør og eit knust kvitløkfedd på slutten av steiketida. Pakk kjøtet i aluminiumsfolie og la det kvile i minimum 15 minutt.

Rens og del opp stangselleri i bitar. Forvell stangselleri og aspargesbønner i salta vatn i 1 minutt. Ha dei deretter over i kaldt vatn og kjøl dei ned for å behalde den grøne og friske fargen.

Skrell agurk og del han i to på langs. Skrap ut det meste av frøa og del i halvmånar.

Finsnitt vårløk og klipp persilleblad av planten.

Fres kantarell i smør til den begynner å få litt farge.

Dressing

Bland saman sitronsaft, riseddik, soyasaus, honning og kajennepepar. Ha deretter i finraspa kvitløk og ingefær. Visp inn olivenolje og sesamolje etter smak. Juster med ekstra sitronsaft, soyasaus og honning.

Salaten

Sett saman salaten med rucola, stangselleri, aspargesbønner, agurk, vårløk og persilleblad i botnen, fordel dressingen over. Skjær tynne skiver av kjøtet og fordel oppå salaten. Til slutt har du på kantarell og sesamfrø.

Kilde: Jørgen Henden i «God ettermiddag» frå Sogn og Fjordane på NRK P1