Kvart år puttar Ola Nordmann i seg omkring 80 kilo grønsaker, syner tal frå Helsedirektoratet. Men sjølv om vi blir stadig flinkare til å fylle opp middagstallerken med grønt, så er det berre ein av fem som får i seg så mykje som helsestyremaktene tilrår.
– Hovudgrunnen til å ete grønsaker er at det er veldig førebyggande mot sjukdom, seier Henriette Øien, avdelingsdirektør i Helsedirektoratet.
Grønsaker er førebyggande mot sjukdom, spesielt sjukdommar som kreft, hjarte- og karsjukdommar og diabetes. I tillegg inneheld dei vitamin og fiber. Men kva for grønsaker er dei aller sunnaste?
Det har NRK Forbrukerinspektørene utfordra nokre av våre aller fremste spesialistar innan ernæring til å svare på.
Her er dei fem grønsaker som dei er samde om at utmerker seg.
I tillegg får du fleire gode tips på Forbrukerinspektørane si siste super-sending i kveld. Sjå han i NRK TV.
Kål
Grønkål har høgt innhald av antioksidantar.
Foto: Anette Skafjeld / NRKKål er noko av det sunnaste vi kan ete, og kvar og ein av dei har ulike eigenskapar.
– Grønkål peiker seg kanskje ut som den aller sunnaste kålen. Den er mest næringstett og har høgast innhald av vitamin og mineral, seier ernæringsfysiolog Lise Von Krogh.
Det er fleire kåltypar i kålfamilien som utmerker seg som ekstra sunne.
– Grønkål er den grønsaka med høgst innhald av antioksidantar. Kålrot er den som har rikast innhald av c-vitamin, fortel Wold.
I tillegg trekker ekspertane fram kåltypane brokkoli og blomkål.
– Kål er det forska veldig mykje på, og vi veit at den kan forsvare kroppen mot ulike krefttypar. Det seier Anne-Berit Wold ved Norges miljø- og biovitskaplege universitet.
– Mest effekt av kålen har du om du et han som wok, rå, dampa eller lettkokt. Litt mindre utbyte har du nok av den i fårikål som har kokt i mange timar, understrekar ernæringsbiolog Lise von Krogh.
OPPSKRIFT:
Lauk
Kvitlauk peikar seg ut som den sunnaste løken på grunn av den høge konsentrasjonen av helsebringande plantestoffar.
Foto: ColourboxLauken kan få oss til å grine, men det er det nok verdt. Denne grønsaka har nemleg gode førebyggande eigenskapar mot kreft i magesekken. Spesielt gjeld dette kvitlauk. I tillegg syner undersøkingar at regelmessig inntak kan vere førebyggande for kreft i tjukk- og endetarm.
– Kvitlauk peikar seg ut som den sunnaste lauken på grunn av den høge konsentrasjonen av helsebringande plantestoffar, seier Von Krogh.
– Mitt råd er at folk også må ete det grøne på lauken, slik som på purre og vårløk. Det grøne er nemleg ei god kjelde til fiber, vitamin C og K og folat samt mineralet kalium, legger ho til.
- OPPSKRIFT:
Grøn salat
Grønn salat er rik på vitamin, mineraler, plantestoff og antioksidantar.
Foto: Aina Indreiten / NRKHer kan man fråtse i alt ifrå vanlege salatar til spinat, og fordelane er mange. Grøn salat er ei kjelde til vitamin K, C, folat og mineralet kalium, samt sunne plantestoff og antioksidantar.
– Nye studiar syner at den er nyttig i kampen mot mellom anna hjarte- og karsjukdommar og så er det jo også veldig kalorifattig mat, påpeikar von Krogh.
- OPPSKRIFT:
Gulrot
Gulrota veldige rike på betakaroten som er ein viktig antioksidant
Foto: Frank May, P3472 Frank May / NTB scanpix– Den store fordelen til gulrota er at det er noko nesten alle kan like, og det er ei super grønsak for den er sunn både rå, kokt eller steikt, fortel Von Krogh.
Ho peiker i tillegg på at oransje grønsaker er veldig rike på betakaroten som ein viktig antioksidant. I tillegg er den rik på kostfiber og ei kjelde til kalium og vitamin A.
- OPPSKRIFT:
Tomat
Tomaten er ekstra sunn for menn, då den har gode eigenskapar mot prostatakreft.
Foto: liz west (CC BY 2.0)Tomaten er eigentleg definert som eit bær, men er med i denne oversikta då den ofte blir behandla som ein grønsak og ofte er plassert saman med dei andre grønsakene i butikken. Spesielt viktig er tomaten for menn, då den kan førebyggje prostatakreft.
– Stoffet lykopen som gir den flotte raudfargen er viktig, og studiar viser at du kan få nytte av dette også gjennom å ete ketchup, fortel Wold.
- INTERESSERT I Å LESE MEIR OM GRØNSAKER? Slik gjekk det da grønsakene ikkje vart pakka inn i plast