Bishop Henry killed by Lalli
Foto: Albert Edelfelt / Wikimedia Commons

Ikkje min Luther

Dette er historia om Noregs kamp mot den lutherske kyrkja.

I høve 500-årsjubileumet for reformasjonen blir Martin Luther feira over heile verda, men då læra hans først kom til Noreg, vart han hata som pesten.

Gjennom heile mellomalderen låg Heilag-Olav til pynt i Nidarosdomen. Men då danskekongen, Christian III, knuste det katolske imperiet i Noreg i 1537, vart dyrkinga av Olav og andre helgenar ulovleg.

Liket av den store kongen måtte gøymast, og pilegrimane, som tidlegare hadde valfarta i hopetal til Trondheim, forsvann.

På papiret vart Noreg luthersk, men innbyggjarane i Heilag-Olavs rike ville ikkje gje seg utan kamp.

Olav den Helliges død

LANDSFADER: Heilag-Olav var konge av Noreg mellom 1015 og 1028 og døde under slaget på Stiklestad i 1030. Eitt år seinare erklærte kyrkja han heilag og kalla han Rex Perpetuus Norvegiae – Noregs evige konge. Bildet er måla av Peter Nicolai Arbo i 1859 og har tittelen «Olav den Helliges død».

Foto: Peter Nicolai Arbo

Boikott av kyrkja

I fleire tiår etter reformasjonen var folket rasande på den nye trua som vart prakka på dei, og mange nordmenn slutta å gå i kyrkja. Dette gjaldt ikkje berre søndagsmessa, men også dei større hendingane i livet.

Dei nyfødde vart ikkje døypte, unge unnlét å gifte seg, og når sjuke låg for døden, løfta ingen ein finger for å tilkalle den nye presten. Folket nekta å gje gåver, og kyrkjene begynte å forfalle.

I Eidfjord i Hardanger gjekk bygdefolket saman og tilsette sin eigen prest av den gamle skulen for å halde messe etter den katolske tradisjonen. Dette var noko fleire andre bygder let seg inspirere av.

Situasjonen var annleis i dei større byane. Der måtte katolske aktivitetar skje i det skjulte, og forsamlinga drog ut i skogen eller opp på fjellet for å halde andakt. I smug valfarta dei til gamle helgenstadar eller til skjulestadar for heilage gjenstandar som det nye presteskapet ikkje tolererte.

Propaganda-kongregasjonen (misjonsavdelinga i den katolske kyrkja) sitt arkiv i Roma kan melde om mange norske menn og kvinner som rodde over Nordsjøen, allereie før vinterstormane hadde lagt seg, til dei katolske Nederlanda for å oppfylle sine religiøse plikter i samband med påska.

Rudern in rauer See

BERSERK: Pilegrimsreiser var ein viktig del av den katolske trua. Fleire nordmenn trassa både vêr og kongar og rodde opp til 400 nautiske mil for å oppfylle dei religiøse pliktene sine. Bildet er måla av tyskaren Andreas Achenbach i 1903 og har tittelen «Rudern in rauer See».

Foto: Andreas Achenbach / Wikimedia Commons

Prestemord

Men protesten mot den nye religionen skulle også kome til syne i meir valdelege former.

Folket gjekk til aksjon mot fjerning av kultbilde og heilage gjenstandar frå kyrkjene og katedralane. I ei rekke tilfelle drap dei også dei lutherske prestane. I alt er det tydelege spor etter til saman 18 slike prestemord, sannsynlegvis har det vore enda fleire.

Hatet mot den nye trua kom tidleg – lenge før reformasjonen vart formelt innført i 1537. Allereie i 1519 vart ei heimelaga bombe funne i kjellaren under eit av husa der nokre av dei første lutherske predikantane budde.

Myndigheitene slo hardt ned på alt som minna om helgendyrkinga frå den katolsk trua. I 1555 vart to gamle bønder brent levande på bålet i Vestfold fordi dei hadde oppfordra sambygdingar om å tene både Gud og Maria.

I 1573 vart Ingeborg Kjeldsdatter frå ei av bygdene i Østfold, dømt til hudflenging (altså at ho vart piska gjentekne gongar til huda losna) fordi ho forkynte om den heilage Jomfru Maria.

Die Gattenmörderin von Pressburg

FORFØLGING: Myndigheitene brukte valdelege metodar i forsøk på å sløkke «den gamle trua». Religionsfridom var framleis ein fjern røyndom. Bildet er eit koparstikk av austerrikaren Vinzenz Katzler i 1868 og har tittelen «Die Gattenmörderin von Pressburg».

Foto: Wikimedia Commons

Dei katolske kreftene skulle knekkast med makt.

Heldigvis var det ikkje berre det norske folket som var misnøgd med Luther. I Roma begynte nemleg paven å klekke ut ein plan for å vinne tilbake Noreg for katolisismen – med hjelp av jesuitt-agentar, forkledd som lutherske prestar.

Kloster-Lasse

Jesuitt-ordenen var ein katolsk misjonsorden der medlemane ofte vart sendt ut på oppdrag frå paven.

I Noreg hadde dei ingen enkel oppgåve. Det dei gjorde var strengt ulovleg, og dei måtte trå varsamt for ikkje å bli avslørt. Men ein mann prøvde verkeleg å sparke frå seg:

Laurits Nielssøn frå Tønsberg – betre kjent som Kloster-Lasse.

Han utdanna seg som jesuitt i Belgia, og vart sendt ut på eit stort og hemmeleg oppdrag av pave Gregor XIII. Om oppdraget lukkast, ville, ikkje berre Noreg, men heile Norden bli katolsk igjen.

Planen gjekk ut på å smugle Kloster-Lasse inn i Sverige, plassere han ved det kongelege hoffet, og påverke kong Johan III til å gå over til katolisismen. Svenskekongen var nemleg gift med ein polsk katolikk, og var dermed ikkje utelukkande negativ til «den gamle trua».

Om Kloster-Lasse kunne få Johan til å konvertere, kunne han blitt ei viktig brikke i spelet om det andelege og politiske hegemoniet over Nord-Europa.

Stockholm

Kloster-Lasse kom til Stockholm i 1576, og utgav seg for å vere ein svensk teolog frå grensetraktene mot Noreg. (Slike ting var mykje enklare å kome unna med før internett.) Han imponerte dei svenske prestane med stor kjennskap til kyrkjefedrane og Luther sine skrifter, og vart raskt anbefalt til hoffet.

Kongen let seg også imponere, og oppretta ein teologisk høgskule i det gamle fransiskanarklosteret på Gråmunkeholmen, og gjorde Kloster-Lasse til rektor og hovudprofessor. (Det var her han fekk namnet Kloster-Lasse.) I praksis betydde dette at den hemmelege norske jesuitt-agenten plutseleg vart leiar for heile det svenske utdaningsvesenet.

Gråmunkeholmen ca 1570

GRÅMUNKEHOLMEN I STOCKHOLM: Bildet viser eit koparstikk av kunstnaren Frans Hogenberg, frå same tid som Kloster-Lasse underviste i klosteret til venstre i bildet.

Foto: Frans Hogenberg / Wikimedia Commons

Til å begynne med forelas han om dei grunnleggjande fellestrekka katolikkane faktisk hadde til protestantane, men etter kvart leia han forsiktig tilhøyrarane over i tankebanene som var typisk katolske, samtidig som han trakk inn eit sitat frå Luther i ny og ne.

I smug klarte Kloster-Lasse å få fleire svenskar til å konvertere til katolisismen, som han sende til vidare utdanning i Roma.

Men etter kvart vart det meir og meir innlysande for mange at Kloster-Lasse slett ikkje var nokon luthersk prest. Det hadde også med at pavekyrkja ønska ei tydelegare og meir radikal stemme for katolisismen. Forholdet til kongen kjølna, og i 1580 vart han utvist frå hovudstaden.

Men pavekyrkja hadde fleire strengar å spele på – også i Noreg.

Fleire agentar

Oppdraget i Stockholm såg veldig lovande ut ei stund, men det heile enda med at kongen av Danmark berre vart enda strengare mot forsøk på å forkynne den katolske trua.

Vi kjenner likevel til mange jesuittar i Noreg utover 1600-talet.

I 1613 vart fleire lutherske prestar avslørt som jesuittar, blant anna brørne Jacob og Christoffer Hjort, som var høvesvis sokneprest på Onsøy og slottsprest på Akershus festning. Dette vart sjølvsagt veldig pinleg for det lutherske kyrkjestyret då Hjort-brørne var to av dei dyktigaste og mest respekterte prestane i Noreg.

Dei siste jesuitt-agentane vi kjenner til i Noreg var Andreas Joostens og Mattheus Goesman som kom til Bergen i 1646. Håpet deira var å lokke til seg utanlandske forretningsmenn og handverkarar til å skape ei katolsk forsamling. Dei feira messe kvar dag med nokre få «gammaltruande» i byen, men måtte reise igjen etter berre seks veker med tanke på deira eiga tryggleik.

Slaget tapt?

Avskjeden med Bergen markerte slutten på den katolske kyrkja si misjonsverksemd i Noreg. Då hadde det allereie vore dødsstraff for katolske munkar sidan 1624, og innreiseforbodet mot jesuittar i Noreg skulle ikkje bli oppheva før i 1956.

Sjølv om slaget om den norske kyrkja var endeleg tapt på 1600-talet, betydde ikkje det at folket gav slipp på sine katolske skikkar.

Dei krossa seg, falt på kne og framførte bønner og songar til Maria og Heilag-Olav. Dei bar ut helgenbilde for å få signing til åker og eng, og valfarta til kyrkjer med lækjande helgenbilde for å få hjelp mot plagene sine.

Mot slutten av 1700-talet let den lutherske kyrkja i Danmark seg prege av opplysningstida, og ein meir rasjonalistisk teologi vart gjeldande. Dette reagerte den norske presten og salmediktaren Johan Nordahl Brun på.

Han lovpriste i staden dei norske bøndene som hadde tatt vare på skikkane frå katolsk tid, som til dømes å krosse seg og blotte hovudet når kyrkjeklokkene ringde. Dei gamle skikkane var heimlege, og derfor heldt det norske folket fast på dei, meinte Nordahl Brun.

Johan Nordahl Brun

NOSTALGIKAR: Johan Nordahl Brun var luthersk prest, men lovpriste likevel dei norske bøndene som hadde tatt vare på skikkane frå katolsk tid. Bildet er eit litografi frå 1853 av Em. Bærentzen & Co. Lith. Inst. i Kiøbenhavn.

Foto: "Em. Bærentzen & Co. Lith. Inst. i Kiøbenhavn / Wikimedia Commons

Samfunns- og kulturforskaren Eilert Sundt meinte også på midten av 1800-talet at «bøndene sin gjerningskristendom framleis hadde eit katolsk preg».

Paven på besøk

Då Pave Johannes Paul II var på turné i Norden i 1989, var Noreg først ut. Dette skulle vise seg å bli eit av dei mest symboltunge statsbesøka i norsk historie. Aldri før hadde ein pave besøkt Noreg, verken før eller etter reformasjonen.

Han vart mottatt av kong Olav på slottet, som personleg tok initiativ til at hoffet skulle stille i gallauniform, og at dei to saman skulle helse på dei frammøtte frå slottsbalkongen – ein heilt uvanleg praksis.

Same dagen hadde paven messe med 18 000 deltakarar på festplassen ved Akershus. Han reiste vidare til Trondheim for å besøke Nidarosdomen og avslutta Noregsbesøket med å halde kveldsgudsteneste for 4000 menneske i Tromsø.

Paven vart tatt imot som ein helt i Noreg, medan mottakinga i til dømes Danmark var langt kjøligare.

Pave Johannes Paul II er norgeshistoriens første pavebesøk i Norge.

HISTORISK: Dåverande statsminister Gro Harlem Brundtland tok imot Pave Johannes Pauls II på Fornebu, 6. juni 1989.

Foto: Bjørn-Owe Holmberg / NTB scanpix

2017

I dag er det fire gongar så mange praktiserande katolikkar i Noreg som i Danmark. Ja, mykje av dette skuldast ei stor arbeidsinnvandring frå Polen til Noreg, men det er ingen tvil om at arven etter Heilag-Olav framleis er synleg.

Norske lutherske prestar arrangerer lysmesser og pilegrimsvandringar. Olavsfestdagane i Trondheim vert feira med pomp og prakt i skuggen av Nidarosdomen, som sjølv etter fleire tiår med oljerikdom, framleis blir sett på som Noregs mest praktfulle byggverk.

Og under jorda ein eller annan stad i Trondheim, ligg det ein langhåra og langnagla Heilag-Olav, og osar katolisisme inn i den norske folkesjela.

PS: Denne saka vart utarbeidt i samarbeid med historikar Øystein Rian.

Anbefalt vidare lesing:

Reformasjonen 6
Foto: Krister Kanck

Lykkejegeren som forandra Noreg. Med hjelp av ein dansk sjarlatan gjekk Noreg frå å vere katolsk til luthersk over natta. Les saka

Reformasjonen 2
Foto: Krister Kanck

Slik lagar du ein religion. Desse ti historiske dokumenta forma den kristne trua i Noreg. Les saka