Andri Snær og Hulda
Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Andri vil redde dottera si framtid

ISLAND (NRK): Forfattaren fryktar komande generasjonar kjem til å sjå tilbake på oss som dumme. No vil han gjere oss smartare.

Andri Snær Magnason har seld millionar av bøker over heile verda, og har vunne ei rekke prisar. No er han ute med sitt mest ambisiøse bokprosjekt nokosinne.

I boka «Om tiden og vannet» prøvar 47-åringen å forklare klimakrisa slik at folk forstår. Ikkje berre med hovudet, men også med hjartet, kjenslene og heile kroppen. Det er nettopp difor Andri har tatt meg med til Dettifoss, nordaust på Island.

Vassdampen står som ei sky rundt han. Små dropar festar seg til hår, klede og brilleglas. Fossen er ikkje berre Europas kraftigaste vassfall, men også ein metafor i boka.

– Sjå for deg at denne fossen er olje, seier Andri. Og at alt vatnet brenn.

Andri Snær Magnason / Dettifoss

Kvart sekund blir 185.000 liter smeltevatn frå isbreen Vatnajökull kasta over bergkanten i Dettifoss.

Dettifoss

Det er ganske nøyaktig like mykje olje som blir pumpa opp til jorda si overflate, kvart einaste sekund.

Offshore oil platforms are seen at the Bouri Oil Field off the coast of Libya

Dag og natt, veke etter veke, år etter år, fløymer ein seig kolsvart foss gjennom verda. Han fløymer inn i bilar, båtar, bussar, fly og bygningar. Ifølge FNs klimarapport er det store målet å unngå at jorda blir meir enn 1,5 grad varmare. Då må krana til denne fossen stoppast heilt før 2050.

– Det er overveldande, men å sjå fossen slik er også klargjerande. Om alle menneska på jorda tar vekk nokre dropar kvar, så kan vi stoppe han.

Trur du verkeleg det kan skje?

– Det må skje, svarar Andri. Det finst ingen andre alternativ.

Andri for president

På den korte spaserturen frå Dettifoss til parkeringsplassen blir Andri stoppa åtte gongar.

– Tenk at eg går her og tenkjer på naturen, og så møter eg deg! seier ei eldre kvinne med vandrestavar.

I 2016 vart Andri for alvor rikskjendis på Island. Då stilte han som presidentkandidat, med klima som fanesak.

– Eg håpte eg kunne få fortgang i prosessen. Som president kan du få ulike folk til å snakke saman, og høve til å tale for universitet og skular, forklarar han.

Andri vart ikkje Islands neste president. Han enda på tredjeplass i valkampen, men evna likevel å setje spor i den islandske folkesjela.

På parkeringsplassen kjem to ungdommar springande etter han.

– Andri Snær, ropar dei med stjerner i auga.

Andri Snær Magnason

TURIST I EIGE LAND: Islendingane måtte også leggje ferieturen til heimlandet i år. Mange nytta høvet til å besøke Dettifoss. Fossen ligg ca. sju timar med bil frå Reykjavík.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Det viser seg at dei verken er ute etter autograf eller sjølfi. Ungdommane jobbar nemleg som turistguidar, og vil spørje Andri om løyve til å bruke boka hans når dei snakkar med turistane.

– Sjølvsagt. De treng ikkje løyve for å fortelje sanninga, seier Andri.

Boka «Om tiden og vannet» har allereie blitt ein bestseljar i heimlandet, og er seld til 22 land. 1. oktober 2020 kjem ho også ut på norsk. Ho har fleire glimt av håp, men teiknar likevel eit dystert bilde av framtida.

Om tiden og vannet

Sidan du starta å lese denne saka har det runne fleire millionar liter smeltevatn gjennom Dettifoss. Tida begynner å bli knapp. I fjor var Andri i si første gravferd for ein isbre.

«Vi veit»

18. august 2019 stod Andri framfor 400 menneske med tekniske friluftsklede. Dei hadde samla seg ved isbreen Ok nordaust for Reykjavík. Det vil seie: No var Ok borte. Isbreen hadde smelta. Det var tid for gravferd.

Ok
Ok

– Ok var ein av dei ikoniske isbreane vi lærte om på barneskulen. Det var heilt absurd at han skulle forsvinne i løpet av mi levetid.

Til gravferda vart Andri oppfordra til å skrive eit minneord. Han prøvde seg på fleire ulike versjonar, men enda til slutt opp med ein enkel informativ tekst:

Ok er den første islandske isbreen som mistar statusen sin som isbre. I løpet av dei neste 200 åra er det forventa at alle våre største brear kjem til å lide same lagnad. Dette minnesmerket blir sett opp for å vitne om at vi veit kva som skjer, og kva som må gjerast. Berre du veit om vi gjorde det.

Brev til framtida / Andri Snær Magnason
Avskjedsplakett for Okjökull

ANDRIS MEST LESTE TEKST: Andri trudde brevet til framtida kom til å bli hans minst leste tekst. Det skulle jo berre vere på ein stein, langt ute i øydemarka. Men etter gravferda vart brevet plukka opp av mediehus over heile verda.

Andri Snær Magnason

Andri talar for forsamlinga ved staden der isbreen Ok brukte å ligge.

Ok Jökull

Rundt 400 personar møtte opp for å ta farvel med isbreen Ok.

– Eg bruker same perspektiv i diktet som i boka. Framtida ser tilbake på vår tid og stiller seg spørsmålet: Tok vi ansvar?

«Samtida si viktigaste sak»

Vi sit i bilen til Andri, ein grå Mitsubishi Pajero med firehjulstrekk. Vi har forlate Dettifoss og er på veg nordover på humpete grusvegar.

Han vil ta meg med til Islands nordlegaste hus, på halvøya Melrakkaslétta. Ytst i havgapet ligg barndomsheimen til bestefaren hans, og Andris barndomsparadis.

Det var her miljøengasjementet starta.

Andri Snær Magnason

NORD: Andri vedgår at ikkje Island er det mest miljøvennlege landet å bu i. Det er tungvint å forlate landet utan fly, og mange stadar er du avhengig av bil med firehjulstrekk.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

– Då eg var 16, foreslo ein ingeniør å demme opp Dettifoss. Han brukte usanne argument, og det såra rettferdssansen min. Så då skreiv eg min første kronikk i avisa.

Sidan den gongen har det blitt fleire kronikkar og bøker. Mot oppdemming av elvar, uttørking av myrområde og bygging av aluminiumsfabrikkar. Den globale oppvarming derimot kvidde Andri seg for å skrive om.

Vendepunktet kom på ein paneldebatt i München i 2014. Der møtte han ein tysk forskar som hadde nokre alvorsord å seie til forfattaren. Han lurte på kvifor Andri skreiv om fossar og hemmelege dalar oppe i fjella, men ikkje om samtida si viktigaste sak.

– Eg følte ikkje at eg hadde autoritet til å skrive om det. Eg kunne ikkje nok. Det var opp til ekspertane å uttale seg om dette. Sjølv var eg redd for å seie noko feil, forklarar Andri.

Men då svarte forskaren strengt tilbake:

«Dersom du er forfattar og ikkje føler behov for å skrive om denne saka, så skjønar du ikkje vitskapen eller kor alvorleg denne saka er. Mennesket forstår ikkje tal og diagram, men det forstår historier. Du må rett og slett fortelje historier.»

– Forskaren sa: 'Kom til oss. Eg kan fortelje deg alt eg veit. Vi treng nokon som kan fortelje dette med ord slik at folk forstår.'

Andri Snær Magnason Melrakkaslétta

MILJØFORFATTAR: Andri har levd tett på naturen heile livet. I desse fjæresteinane har han mellom anna funne ein fotball frå Sørvær i Finnmark, og ein flaskepost frå ein mann med namn Andrew frå Owestry i England. I dag er Andri og Andrew gode vennar.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Så Andri reiste nordover, til eit område så langt nord at det stundom får besøk av isbjørnar, til Islands nordlegaste hus. Så sat han seg ned for å skrive.

Verdas største bål

Boka «Om tiden og vannet» handlar primært om to ting. Ja, du gjetta riktig: Tida og vatnet. Vatnet bør vere greitt å skjøne seg på:

Isbreane smeltar.
Havet stig.
Permafrosten tinar.
Havet blir surare.

Kvifor skjer alt dette?

Fordi menneska elskar å tenne bål.

I boka fortel Andri om titanen Prometheus frå den greske mytologien, som gav elden til menneska då han henta han frå toppen av fjellet Olympia. Han meinte sikkert berre godt, men gudane vart veldig sinte. Dei gav han difor ei fæl straff. Han vart bunden til ei klippe der ei ørn kom og hakka ut levera hans.

Torture of Prometheus

SMERTE: Prometheus og ørna som hakkar ut levra hans er eit kjent motiv i biletkunsten. Mange har lurt på kvifor gudane vart så sinte på Prometheus, berre fordi han henta litt eld på eit fjell, men Andri skjønar godt kvifor.

Illustrasjon: Salvator Rosa ca 1646

I 1765 tok den britiske oppfinnaren James Watt over fakkelen frå Prometheus og stakk han inn i ei dampmaskin. Slik lærte menneska å temme elden, og gøyme han under luftavkjølte panser. Slik slepp vi å sjå elden, og kan late som om han ikkje finst.

Sanninga er at elden som Watt tente har blitt til mange millionar bål, som til saman er mykje større enn nokon skogbrann som har brent på jorda.

ZIMXE_465uE

HUNDREVIS AV BÅL: Andri skulle ønske alle fly, bilar og båtar var gjennomsiktige, slik at vi kunne sjå alle båla vi lagar.

Foto: MLADEN ANTONOV / AFP

I 2010 skapte den islandske vulkanen Eyjafjallajökull fullstendig kaos då han stoppa store delar av flytrafikken over Europa i fleire dagar.

På verdsbasis slepp menneskeskapte brannar ut like mykje CO₂ som om 600 Eyafjallajökullar hadde hatt utbrot kvar dag og natt, gjennom år etter år.

Vulkansky

EYAFJALLAJÖKULL: Vulkanar slepp ut veldig mykje CO₂ i atmosfæren. Nærmare bestemt ca. 200 millionar tonn i året. Menneska slepp likevel ut ekstremt mykje meir: ca. 35 milliardar tonn årleg.

Foto: NRK

Men skjønar vi eigentleg kva alt dette betyr? Kva det har å seie for oss? Andri er skeptisk.

– Alt forsvinn i den kvite støyen, seier han.

Forfattaren meiner omgrep som «issmelting» og «forsuring av havet» har lite kraft og meining for folk flest i 2020. Vi slit med å ta inn over oss alvoret. Han fryktar framtida kjem til å sjå tilbake på oss som latterlege og dumme.

Andri trur hovudproblemet er at vi ikkje skjønar oss på tida, nærmare bestemt framtida.

– Eg vaks opp med år 2000 som den store utopien. No er vi 20 år forbi framtida, utan ein ny kulturell dato å sjå fram til. Det er heilt avgjerande at vi klarer å knyte oss tett til ei tid som framleis er langt unna, seier Andri.

For å gjere framtida meir handgripeleg for seg sjølv, laga han eit enkelt reknestykke. Så enkelt at sjølv tiåringen hans klarte å rekne det ut.

I boka tar Andri oss med tilbake til ein vårdag i 2018.

Pannekaker hos bestemor

Andri var på besøk hos bestemora si Hulda i Reykjavík. Han hadde med seg dottera, som også heiter Hulda. Dei sat på kjøkkenet og åt pannekaker. Radioen summa i bakgrunnen. Utanfor vindauget såg dei blomar, snødekte fjell og sveitte joggarar.

Bestemora til Andri var født i 1924, og dermed 94 år gammal. Han utfordra difor dottera til å rekne ut når ho kom til å bli 94. Ti år gamle Hulda tok fram penn og papir og såg skeptisk på kva ho hadde rekna ut. Ho viste fram arket, som om det måtte vere ein feil.

«År 2102», sa dottera.

Ifølge FNs klimapanel har verda allereie blitt 1 grad varmare enn kva ho var for 150 år sidan. Om CO₂-utsleppa held fram i same tempo som i dag, vil verda vere 3 grader varmare i 2100. Då har havet stige med over ein meter. Heimane til 10 prosent av menneska står i vatn. Nesten halvparten av alle plante- og dyreartar vil vere trua.

Andri gav Hulda eit nytt tankeeksperiment. Kva om ho sat på akkurat den same stolen, på akkurat det same kjøkkenet, og åt pannekaker med sitt ti år gamle oldebarn i 2102. Når kom hennar oldebarn til å bli 94? Igjen tok Hulda fram penn og papir. Ho rekna seg fram til årstalet 2186.

«Ja, tenk på det, sa Andri. Du kjem til å elske nokon som framleis er i live i 2186.»

Tilbake i bilen til Andri, den grå Mitsubishi Pajeroen: Vi har køyrt i halvannan time frå Dettifoss, og nærmar oss Islands nordlegaste hus.

Vi har prata om jorda si framtid, og samtalen har til no vore ganske dyster. Det følast difor naturleg å spørje:

Har du eigentleg håp for ungane dine si framtid?

– Det var nok ein av hovudgrunnane til at eg brukte så lang tid på å fullføre boka. Fordi det gav inga meining å skrive ho, om eg ikkje hadde håp. Kva var då vitsen? Og la meg berre seie: At eg har håp betyr ikkje nødvendigvis at det er håp. Men eg har håp.

Kvifor?

Andri rekk ikkje å svare. For på grusvegen framfor oss ser vi fire ungar kome gåande på rekke og rad. Det er Hulda og søskenbarna hennar.

– Crazy kids, seier Andri og ler.

Og det med rette. Ungane har traska over 20 km langs den støvete landevegen. Målet for turen deira er å nå den nærmaste landsbyen Kópasker, som framleis er 10 km unna. Andri gir dei vatn og godteri frå bilen. Hulda viser stolt fram nokre små fiskar ho har fiska på vegen. Så går dei vidare.

Andri Snær Magnason

CRAZY KIDS: Hulda (nr. 3 frå venstre) og søskenbarna hennar på gåtur.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

– Om dei ønskjer å gå enda lenger, så kan eg vel ikkje gjere noko anna enn å seie ja, seier Andri med eit smil og trekkjer på skuldrene.

Ein halvtime seinare rullar vi inn ved Islands nordlegaste hus. Her myldrar det av enda fleire ungar. Dei spring fram og tilbake på tunet, badar i innsjøen og leikar med trillebåra.

– Det vanlege med slike familiehus er vel at ein fordeler ulike veker til dei forskjellige familiane. Men vi gjer det motsette, og samlar heile storfamilien kvar gong. Ungane elskar det.

Melrakkasletta

BARNDOMSPARADIS: Slekta til Andri trivst godt i sommarhuset på Melrakkaslétta, nordaust på Island. Halvøya er også ein viktig hekkeplass for sjøfugl.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Ein skulle tru at nokon som tenkjer så dystert om kloden si framtid, ville vegre seg for å setje avkom til verda. Men dette er ikkje tilfelle med Andri. Han har sjølv fire ungar. Likevel legg han ikkje skjul på at det tidvis har vore tøft.

Hausten 2018 heldt han ei forelesing om havet. Han skulle vise ein film om skjelpaddene utanfor Tobago som var i ferd med å forsvinne, på grunn av døde korallrev. Like før han skulle vise filmen, såg han ansiktet til dottera Hulda i salen. Andri vart plutseleg ubeskriveleg trist. Han vart redd for å sløkke gnisten i auga hennar, og klarte ikkje å fullføre forelesinga.

– Når alt kjem til alt kokar det ned til to spørsmål: Kva er vi? Vi er menneske. Kva vil vi vere? Vi vil vere menneske. Vi vil ha barn og bestemødrer, og halde fram med å vere menneske, seier Andri.

Hulda og resten av vandrefølgjet vart til slutt henta. Då hadde dei gått 25 km, og var inne i ein dal utan mobildekning. Foreldra tok ikkje sjansen på å la dei fullføre eventyret. Ungane verka ikkje spesielt prega av turen. Etter nokre få minutt bada dei saman med resten av flokken i vatnet framfor huset.

Melrakkasletta

KVELDSBAD: Melrakkaslétta ligg like under polarsirkelen, og har lyse netter gjennom heile sommaren.

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

Ut på kvelden spør eg 12 år gamle Hulda om ho også vil snakke litt med meg. Eg er nysgjerrig på kva ho sjølv tenkjer om framtida.

Hulda

Korleis trur du verda kjem til å sjå ut når du blir bestemor?

– Eg veit ikkje, men eg håpar ho ikkje blir heilt ubrukeleg, svarar Hulda.

Like etter eg stiller spørsmålet, blir eg usikker på om dette er riktig samtale å ha med ein 12-åring. Eg vil nødig vere han fyren som sløkte gnisten i auga hennar. Men om eg ikkje tek heilt feil, så gnistrar dei framleis.

Trur du det er mogleg å stoppe den globale oppvarminga?

– Ja, men det kjem til å bli veldig vanskeleg.

Kva må vi gjere?

– Vi må i alle fall gjere noko. Det verkar ikkje som at folk gjer noko, i alle fall ikkje seriøst. Vi må bli smartare, seier Hulda.

Andri Snær Magnason

HULDA & ANDRI: Boka til Andri sluttar heime hos dottera Hulda i år 2102. Då har ho blitt 94 år gammal, og lagar vaflar til barnebarna sine, eit tvillingpar på 12 år. Hulda får dei til å rekne seg fram til årstalet då deira barnebarn blir 94 år. På eit ark skriv dei ned eit tal. «Ja, tenk på det, seier Hulda. Det mennesket de kjem til å elske mest i verda, vil framleis vere i live i år 2260!»

Foto: Þórdís Björt Sigþórsdóttir / NRK

PS: Er du nysgjerrig på forskinga som saka og boka er basert på? Då vil eg anbefale denne saka:

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!