Laster Giphy-innhold

Hjerneorgasme

INTERNETT (NRK): Satisfying og ASMR dominerer på nett – kvifor ser vi på desse videoane?

Barndom på 90-talet:

Gong på gong prøver eg å få kabalen på pc-en til gå opp. Men eg kjem ikkje i mål. Er det noko eg gjer feil? Eller er det berre uflaks?

Så utruleg frustrerande.

Så bikkar eg plutseleg over kneika. Det er få kort igjen og eg skjønar at eg kjem til å klare det. Lønninga for strevet er eit visuelt fyrverkeri frå Windows 98.

Kortstokkane sprutar utover skjermen i alle retningar. Til slutt er heile dataskjermen måla med hjarter, ruter, kløver og spar.

Så utruleg tilfredsstillande.

Laster Giphy-innhold

Dei siste åra har internettet flauma over av videoar som er laga for å gi brukarane gode kjensler.

Melonar eksploderer. Sand og såpestykke blir kutta. Slim blir blanda saman. Dominobrikker fell etter kvarandre. Ein mann slår av ein diger snøskavl frå eit hyttetak.

Videoane er ofte merka med emneknaggane #satisfying, #oddlysatisfying eller #asmr.

Så populære har dei blitt – at Instagram kalla fenomenet fjorårets raskast veksande nisjetrend.

Terapi med sand og kniv

Mange opplever ei behageleg kriblande kjensle i hovudet, som spreier seg til ryggen og ut til resten av kroppen, når dei ser slike videoar.

Kriblinga blir kalla ASMR (autonom sensorisk meridiansk respons). Kjensla kan oppstå både gjennom syns- og høyrselsinntrykk.

Det er foreløpig lite forsking på kva som faktisk skjer når vi opplever ASMR. Men at noko skjer er det liten tvil om. I alle fall med nokre av oss.

Kva slags kjensler får du av sand og ein kniv? (Sjå Youtube-video med lyd)

I 2018 samla forskarar ved Universitetet i Sheffield to grupper menneske for å sjå på ASMR-videoar. Den eine gruppa bestod av personar som opplevde asmr. Den andre gruppa bestod av personar som ikkje gjenkjente desse kjenslene.

Resultatet viste at gruppa som opplevde ASMR fekk lågare puls. Dei opplevde også sterkare positive kjensler.

Videoane viser seg å vere så verknadsfulle at psykologspesialist Jan-Ole Hesselberg trur dei fint kunne blitt brukt i terapi.

– Slike videoar kan fint vere eit alternativ til merksemdstrening og «mindfulness». Mange brukar allereie desse til stressreduksjon og som hjelp til å sovne, seier han.

Laster Giphy-innhold

Hesselberg seier det finst fleire likskapar mellom videoane som skapar den gode kriblinga i bakhovudet.

– Dei inneheld ofte sterke fargar, knasande lydar og sakte rørsler. Det er veldig spesifikke ting som utløyser desse kjenslene, seier han.

Men kva med oss som aldri opplever kribling? Korkje i bakhovudet eller resten av kroppen. Desse videoane er jo likevel merkeleg behageleg å sjå på.

Kvifor?

Lengsel etter perfeksjon

I ein artikkel i Discover Magazine blir det poengtert at mange av videoane også skapar «That Goldilocks Feeling» – kjensla ein får når noko går opp, eller passar perfekt.

Laster Giphy-innhold

Kjensla refererer til eventyret om Gullhår (Goldilocks) og dei tre bjørnane. Gullhår får smake tre ulike skåler med graut, og kjem fram til at ho likar den som verken er for varm eller for kald, men som har akkurat passe temperatur.

For mange menneske med OCD (tvangslidingar) er denne kjensla noko ein heile tida søkjer etter.

Dei tolkar ofte ikkje dei sensoriske signala som indikerer at ein jobb er ferdig. Difor er dei på konstant søking etter fullføring eller avslutning. Denne søkinga fører ofte til at ein ryddar og organiserer konstant.

Videoar av ting som passar perfekt saman, kabalen som fyller heile skjermen, to grupper dresskledde japanske menn som marsjerer gjennom kvarandre.

Kanskje har vi alle litt OCD?

– Søking etter symmetri, orden, heilskap og avslutning er vanleg hos alle menneske. Dei fleste opplever likevel ikkje dette som tvang, forklarar psykologspesialist Bjarne Hansen.

Han forklarar vidare at motivasjonen er veldig ulik for menneske med og utan OCD.

– Dei fleste som ser desse videoane jaktar som regel ei positiv kjensle, medan tvangslidingar først og fremst handlar om angst og redselen for konsekvensane om ting ikkje blir gjort riktig.

I ein kaotisk kvardag lengtar vi etter dei perfekte augeblikka som gjer at alle brikkene fell på plass. I kunstverda finst det ei retning som nærmast er skapt for denne lengselen.

Hyperrealisme

Hyperrealistisk kunst står fram som svært realistisk. Ja, faktisk meir realistisk enn verkelegheita sjølv.

Den amerikanske kunst- og filmprofessoren Evan Malone meiner vi kan sjå mykje hyperrealisme i ASMR-videoane på internett.

– Vi får desse filmatiske opplevingane når noko fungerer eller passar perfekt. Noko som sjeldan skjer i våre vanlege klumsete liv. Slike videoar blir ei trøystande flukt. Dei viser noko kjent som likevel er meir ordna og filmatisk enn verkelegheita, seier Malone til Wired.

Den barnlege gleda over ASMR-videoane er kanskje like enkel og vanskeleg å forklare som kvifor vi likar ein god song eller eit vakkert måleri.

Vi må nok berre innsjå at fenomenet er litt merkeleg. Som Youtube sin eigen trendsjef, Kevin Allocca, har sagt:

– I 2018 treng vi ikkje å forklare kvifor vi likar noko for at det skal eksistere. Vi har nok alltid ønska å sjå slike ting, utan at vi har hatt eit språk for det. No har vi det.

I skrivande stund finst det over 20 millionar ASMR-videoar på Youtube og Instagram. Til saman har dei blitt sett fleire milliardar gongar. Lite tydar på at trenden skal gi seg med det første.

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka, eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel!

Tidlegare har eg mellom anna skrive om Totos «Africa», Villa Stenersen og verdas sterkaste mann

Anbefalt vidare sjåing:

Det fins folk som fryder seg over spesielle lyder, som for eksempel lyden av å spise isbiter eller hviske inn i en mikrofon. Vi sjekker hva som er greia med ASMR, og hvorfor det også kalles en "hjerneorgasme".
Programleder: Lydia Gieselmann.

Det fins folk som fryder seg over spesielle lyder, som for eksempel lyden av å spise isbiter eller hviske inn i en mikrofon. Vi sjekker hva som er greia med ASMR, og hvorfor det også kalles en «hjerneorgasme». Programleder: Lydia Gieselmann.