Hopp til innhold

Denne klokka overlevde atombomba, men stoppa på bombetidspunktet

Fredsprisutstillinga «Ban the Bomb» på Nobels Fredssenter viser skadane atombomber kan gjere.

Klokke som har overlevd bomben i Nagasaki. Utstilles på fredsprisutstillingen
Foto: Lars Thomas Nordby

– Klokka er to over elleve, det tidspunktet da atombomba fall over Nagasaki. Ingen fann eigaren i etterkant, fortel utstillingssjef ved utstillinga «Ban the Bomb» Liv Astrid Sverdrup.

Klokka blei funne i ruinane, 600 meter frå der atombomba slo ned i Nagasaki.

For å få slutt på krigen mot Japan i 1945, sleppte dei allierte ei atombombe over byen Hiroshima 6. august.

Tre dagar seinare blei ei enda større bombe sleppt over byen Nagasaki. Berre i Hiroshima blei om lag 200.000 menneske drepne, om lag 100.000 skadde, og opp mot 90 prosent av byen blei øydelagt i angrepet.

utstillingssjef Liv Astrid Sverdrup ved fredsprisutstillingen på Nobels fredssenter
Foto: Lars Thomas Nordby/NRK

Eigendelar stilt ut for fyrste gong

I fredsprisutstillinga «Ban the Bomb» står eigedelar til bombeoffera i dei to japanske byane sentralt. Gjenstandane er lånt ut frå museum i Hiroshima, Nagasaki og Kyoto.

Utstillingssjef Liv Astrid Sverdrup seier at det er fyrste gong personlege eigendelar frå offer for atombomber blir stilt ut i Noreg.

– Vi trur denne utstillinga er viktig for å forstå historia om atomvåpen, og den krafta og øydelegginga som ligg i våpena. Kanskje ein byrjar å tenkje og reflektere over om det er på tide å kvitte seg med våpena, slik ICAN vil, seier Sverdrup.

Fredsprisutstillinga skal heidre årets fredsprisvinnar organisasjonen ICAN, som jobbar for å forby atomvåpen.

Veske og hette

En veske som overlevde bomben i Hiroshima. Utstilles på fredsprisutstillingen.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Skuleveska høyrde til ein 13 år gamal gut som nettopp hadde byrja som elev ved ein skipsbyggarskule i Hiroshima. Veska var ei gåve frå mora for å feire at han hadde starta på den nye skulen, og var laga av stoff frå kimono-beltet hennar.

Guten arbeidde på ei rivingstomt då atombomba trefte. Foreldra leita etter sonen, men det einaste sporet etter han var skuleveska, som ein nabo hadde funne og levert til familien. Dei visste at det var hans veske fordi den var merka med namn, skulenamn og blodtype.

Bentoboks (matboks)

En matboks tilhørte en student i Hiroshima. Utstilles på Nobels fredssenter.
Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Matboksen høyrde til ein elev ved yrkesskulen i Hiroshima. Han var saman med 180 andre elevar ute for å rydde eit område der husa skulle rivast. Det var vanskelege å identifisere dei omkomne.

Foreldra leita etter sonen, men fann berre matboksen med dei brente restane etter maten som mora hadde laga same morgonen.

Bilde frå USA og Nord-Korea

Sverdrup meiner at alle desse tinga fortel noko, sjølv om dei berre er stille objekt.

– Ein høyre for seg ein stemme når ein ser desse tinga. Sjølv om ein må bruke litt fantasi, er det mykje meir konkret, enn eit bilde på ein vegg, seier ho.

På utstillinga er det også bilde tekne av dokumentarfotografen Sim Chi Yin. Ho har arbeidd for blant anna The New York Times Magazine, Time og Harpers.

Panelkontroll for oppskyting av raketter

Kontrollpanel for oppskyting av rakettar i Nord-Dakota.

Foto: Sim Chi Yin / Nobels Fredssenter

I samband med fredsprisutstillinga har ho reist langs grensa til Nord-Korea og til seks statar i USA for å dokumentere erfaringar menneske har gjort med kjernevåpen, både i dag og i tidlegare tider.

rakett i oppskytningssilo

Ei Titan II rakett i ein rakettoppskytingssilo i Arizona.

Foto: Sim Chi Yin / Nobel Fredssenter

Fredsprisutstillinga blir offisielt opna av fredsprisvinnaren ICAN dagen etter prisutdelinga, 11. desember. Utstillinga er open for publikum frå 12. desember.

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB