Hopp til innhold

Millionen som deler musikk-Noreg

Mandag kveld vart nok ein million Statoil-kroner delt ut – til kammerorkesteret Ensemble Allegria. Les historia om korleis Statoil-stipendet endra norsk musikkliv – og kjellaren til ein ung norsk pianist.

Mottakarar av Statoil-stipendet 2007-2011

Klassiske stipendmottakarar dei siste åra, frå oppe til venstre med klokka: Vilde Frang (2010), Mari Eriksmoen (2011), Tine Thing Helseth (2006), Elbjørg Hemsing (2008), Silvia Moi (2007), Christian Ihle Hadland (2009).

Foto: S. Eide (Frang)/S. Bjelland (Eriksmoen)/H. Hage (Helseth), DNO&B (Moi), T. A. Isaksen (Hadland)

Det var like over midtsommar i 2009, og i eit feststemt konsertlokale i Valdres var ein av Noregs beste pianistar i ferd med å finne seg ein ny besteven.

Bestevenen heitte Bechstein, og var lånt som konsertflygel til konserten der Christian Ihle Hadland spelte César Francks sonate for fiolin og klaver, i tospann med Henning Kraggerud.

Les: Statoil-stipendet til Ensemble Allegria

Fekk stipend – og eit brev i posten

Hadland forstod med ein gong at det var noko særskilt med flygelet. Det gav han høve til å synge musikken, gav unike moglegheiter til å lime frasane saman. Han fekk ut av det noko han aldri hadde fått ut av noko instrument tidlegare.

I november same året fekk Hadland årets gladmelding: Han var vald ut som årets mottakar av Statoils talentstipend for klassiske musikarar, på ein million kroner.

Kort tid etter fekk Hadland eit brev i posten frå flygelforhandlar Trond Hellstrøm. Han gratulerte med stipendet, og ville med det same høfleg minne Hadland om at flygelet han likte så godt, stod i butikken hans – det var berre å kome innom og ta ein titt.

– Ei økonomisk gullgruve

– Å ta imot stipendet var først og fremst ei økonomisk gullgruve for meg, seier Christian Ihle Hadland i dag.

– Og så var det ei stor ære å vite at eg hadde vorte plukka ut av ein jury som er så høgt på strå.

Og kven var juryleiaren for stipendjuryen, som omtalte Hadland som« heilt fantastisk å spele saman med» i samband med utdelinga? Jau, Leif Ove Andsnes, Noregs mest suksessrike pianist internasjonalt til dags dato.

Les: Stavangerpianist fikk talentpris

Les: Operasanger Mari (28) vinner omstridt Statoil-million

– Berre ein økonomisk garanti

19 år tidlegare, i 1990, var Andsnes ein av dei første musikarane som vart valt ut til å få støtte av Statoil, saman med cellisten Truls Mørk, trompetar Ole Edvard Antonsen og fiolinisten Marianne Thorsen.

Sponsoravtale vart også inngått med Stavanger Symfoniorkester – eit samarbeid som har vart heilt fram til i dag. Spørsmål om artistane sin kunstnariske integritet vart reist allereie i den første artikkelen om støtta:

– Eg ville aldri gått med på ein slik avtale dersom den avgrensa repertoaret mitt eller avgrensar konsertverksemda mi, seier Andsnes til NTB i ein artikkel frå 13. mars 1990.

– Slik kontrakten med Statoil er utforma, er den berre ein økonomisk garanti.

– Usikre på kor populært det ville vere

På slutten av 1980-talet hadde Statoil meisla ut ein ny sponsorstrategi: Dei ville støtte unge talent innan musikk og idrett. Ideen om å sponse klassiske solistar kom frå Terje Bogen i Sponsor Service.

Sjølv om Norsk Hydro nyleg hadde inngått sponsoravtale med Oslo-Filharmonien, vart det heftig debatt internt før Statoil landa på å prioritere klassisk musikk:

– Vi var usikre på kor populært det ville vere internt i bedrifta å sponse klassisk musikk, seier Marit Spilde Erikstein, Statoils marknadssjef frå 1990 til 2001.

– Men all vår tvil vart gjort til skamme. Alle interne konsertar var fullteikna, og folk var svært stolte over at vi sponsa desse artistane – det vart meir og meir populært etter kvart som dei såg korleis det gjekk med dei.

Høg kvalitet og klassiske verdiar

Anne Britt Gran

Anne-Britt Gran.

Foto: annebrittgran.com

Utover 1990- og 2000-talet heldt Statoil fram med si økonomiske støtte til klassiske musikarar – stort sett utan andre reaksjonar enn glede og takksemd frå musikarane som tok imot støtta.

Slik sett levde det klassiske musikkfeltet opp til sitt rykte som eit trygt investeringsobjekt for sponsorar som vil støtte musikklivet:

– Klassisk er det føretrekte sponsorobjektet innan musikk, forklarar Anne-Britt Gran, professor ved BI og forfattar av boka Kultursponsing (saman med Sophie Hofplass).

– Det har noko med sjangerens tidløyse å gjere. Den er trygg og ufarleg, og musikken støyter ingen. Ein kan alltid argumentere for høg kvalitet og klassiske verdiar, som ein del bedrifter gjerne vil assosiere seg med.

– Eit brot med den tradisjonelle sponsinga

I 2008 byrja ei ny tid, då «StatoilHydro-stipendet» for pop og rock vart etablert i samarbeid med Bylarm-festivalen. (Statoil skifta namn til StatoilHydro etter fusjonen med Norsk Hydro i 2007, men bedrifta og stipendet skifta namn igjen i 2009. journ. anm.)

– Det innebar eit taktskifte frå den tradisjonelle sponsinga av klassisk musikk til å støtte meir uføreseielege pop- og rockartistar, seier Gran.

Ida Maria vart utropt til den første mottakaren av dei 800.000 kronene som seinare vart auka til 1 million. Heile ti artistar og band var nominert – berre eitt trakk seg, nemleg Ungdomskulen frå Bergen.

Les: Statoil-stipendet til Ingrid Olava

Les: Kvelertak fikk Statoil-stipendet

Les: Statoilstipendet til Bernhoft

– Det er ganske skitne pengar

Sidan 2008 har nesten 50 band og artistar vore nominerte til stipendet. Berre nokre få har trekt seg – Erlend Øye og bandet Whitest Boy Alive i 2009 og Kråkesølv i 2010. Synne Øverland Knudsen gjekk ut av Team Me i 2012 då bandet takka ja til nominasjonen.

– Det har med kvar dei pengane kjem frå å gjere, sa Petter Unstad i Kråkesølv til NRK då dei trakk nominasjonen.

– Ein kan seie at det er ganske skitne pengar. Oljetilsmussa pengar. Det er ikkje pengar vi vil ha.

Les: Takker nei til oljepenger

– Tydeleggjer posisjonar

Debatten er på ingen måte over – og Anne-Britt Gran meiner stipendet har gitt ein ny generasjon artistar høve til å posisjonere seg politisk:

– Alle meiner noko om stipendet, og det er høg temperatur på debatten – folk er veldig for og imot, seier ho.

– Stipendet tydeleggjer ulike posisjonar i pop- og rockfeltet – på eine sida dei som ikkje vil la seg sponse av eit oljeselskap, på andre sida dei meir pragmatiske som seier «det er det same kvar pengane kjem frå, vi berre gjer jobben vår».

Les:

Har flygelet i kjellarhola

Ein kald vintermorgon i 2010 gjekk Christian Ihle Hadland av t-banen på Karlsrud med kurs for Hellstrøm Flygel & Piano i Sandstuveien. Han trong ikkje lang tid ved flygelet for å ta avgjerda – den første magekjensla hadde vore påliteleg, og det var ikkje meir å lure på. Prislappen var på snautt ein halv million – «eit svært generøst tilbod» ifølgje pianisten.

Pianisten Christian Ihle Hadland er ny kunstnerisk leder i Stavanger

Christian Ihle Hadland.

Foto: Anders Bergersen

Hadland kjøpte flygelet den morgonen, og fekk det levert til tomannsbustaden på Kolbotn nokre veker seinare. Føtene kunne heldigvis takast av, så det var ei smal sak å få flygelet inn i Hadlands kjellarrom – for fire sterke karar, vel å merke.

Ei veke før flygelleveransen skjedde det ein viktigare leveranse i familien – Hadland hadde vorte far for første gong. Dermed grodde ikkje pianisten fast i kjellaren dei første vekene – men i ledige stunder etablerte han musikkrommet som si eiga hole, med brasiliansk iskaffi og Mozart-notar som einaste selskap.

– Har ingen problem med det

I løpet av eit år som Statoil-musikar er Christian Ihle Hadland med på seks Statoil-arrangement, der han speler, småpratar litt, drikk eit glas vin og dreg heim.

– Det er bra at ein må gi noko igjen for pengane, elles hadde det nesten vore i overkant, seier Hadland om oppdraga.

Bechstein-flygelet er bygd for å kunne vare i hundre år. Så lenge varer neppe karrieren til Hadland, men Statoil-namnet kan kome til å stå i biografien hans på tallause konsertprogram verda over i fleire tiår framover.

– Det har eg ingen problem med. Eg kjem jo frå Stavanger, ein by der vi har sett oppsvinget oljen og oljeindustrien har gitt byen. Eg har sett kor utruleg bra det har vore for svært mange menneske. Eg forstår innvendingane mot stipendet, men først og fremst er dette ein fantastisk ting for unge musikarar.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.