Hopp til innhold

Weinstein må betale 400 millionar kroner i forlik

Harvey Weinstein har gått med på å betale nesten 400 millionar kroner til kvinner som har skulda han for seksuell trakassering og til sitt tidlegare filmstudio. Men forliket gjeld berre dei sivile sakene, ikkje straffesakene.

Harvey Weinstein

Weinstein må betale 400 millionar kroner i forlik, men framleis ventar straffesakene mot han.

Foto: LOIC VENANCE / AFP

Avtalen, som ikkje er endeleg signert av partane, omfattar derimot ikkje straffesakene som er reiste mot Harvey Weinstein.

Fleire kvinner stod fram hausten 2017 og fortalde om valdtekter, overgrep og seksuell trakassering over fleire år. Skuldingane mot Weinstein vart starten på metoo-kampanjen, der kvinner og menn frå land over heile verda stod fram med historier om seksuelle krenkingar.

Den amerikanske filmprodusenten står i lag med broren Bob bak ei rekkje filmsuksessar. Dei har vunne dei prestisjetunge prisane Oscar og BAFTA, og har vore nominerte til Emmy mange gonger.

Harvey Weinstein i retten

Harvey Weinstein vart skildra som ein av dei mektigaste i Hollywood.

Foto: Mark Lennihan / AP

Forliket dekker berre dei sivile krava

Forslaget til forlik på 44 millionar dollar, drygt 385 millionar kroner, skal dekke alle sivile krav mot Weinstein og omfattar kvinner som har skulda han for seksuell trakassering, styremedlemmar i hans eige filmselskap og statsadvokaten i New York, melder Wall Street Journal. Pengane kjem blant anna frå forsikringsordningar som finst i konkursbuet etter Weinsteins filmstudio.

– For første gang har vi komme til ein økonomisk avtale som alle partar er samde om, sa advokat Adam Harris til dommar Mary Walrath i skifteretten i Wilmington i Delaware.

Harris representerer broren Bob Weinstein, som Harvey Weinstein starta filmstudioet sitt saman med.

Av summen på 385 millionar kroner vil 260 millionar bli fordelt mellom påståtte offer, tidlegare tilsette i filmselskapet og advokatane deira.

Om lag 120 millionar vil gå til å dekke advokatutgiftene for Harvey Weinstein sine partnarar. Dei er av fleire offer blitt skulda for å ha lagt til rette for at filmmogulen kunne halde på med sin kritikkverdige oppførsel gjennom mange år.

Tiltalt for valdtekt

Weinstein vart skulda for valdtekt av to kvinner i New York, den eine på eit hotellrom i 2013, den andre i Weinstein si eiga leilegheit i 2006.

Påtalemakta meiner å ha nok bevis for å stikke Weinstein for retten. 67-åringen nektar straffskuld, og forsvararne skuldar politiet for å ha påverka vitner og krev at tiltalen vert fjerna.

Straffesaka er venta å starte i New York den 3. juni.

AKTUELT NÅ