Hopp til innhold

Krig er igjen populært i ikkje-politiske Eurovision – Israel toppar oddsliste

Israel toppar oddsliste samstundes som fleire tusen krev at landet skal utestengast frå Eurovision.

Britain Eurovision Song Contest Grand Final

ISRAEL I EUROVISION: Fleire tusen nordmenn har signert eit opprop som krev at Israel blitt utestengt frå Eurovision Song Contest. Samstundes toppar dei oddslistene. Noa Kirel (bildet) var Israels deltakar i 2023.

Foto: Martin Meissner / AP

Eurovision Song Contest hevdar å vere ein ikkje-politisk konkurranse.

– Forgjeves, meiner Linda Eide.

– Det at det alltid har vore politikk er heilt sikkert.

Norsk Litteraturfestival 2021 ep01

Eurovision Song Contest oppstod i tida etter 2. verdskrig med mål om å foreine land gjennom ein uhøgtideleg songkonkurranse. – Så heile utgangspunktet for Eurovision Song Contest er på ein måte politisk, meiner Linda Eide.

Ho er journalist og programleiar i NRK, men også over snittet Grand Prix-historisk interessert.

Vossingen har for utanom å ha gått mykje i raud joggedress, «forska litt» på Eurovision Song Contest (ESC).

Eide har halde eit ekstra godt auge med dei politiske skandalane som har funne stad i den ikkje-politiske konkurransen opp gjennom åra.

Difor blir ho ikkje sjokkert av å høyre at det er akkurat Israel som er førehandsfavorittar per desember 2023.

– Har du fått med deg at Israel no toppar oddslistene til neste års ESC?

– No har eg det. Og det er jo ganske sprøtt sidan ingen har høyrt songane enno!

Les også Israel deltek i Eurovision – fleire krev boikott

Britain Eurovision Song Contest Grand Final

Israel øvst på oddsen

Det er framleis eit halvt år til Eurovision Song Contest 2024 går av stabelen i Malmö, men fansen spekulerer allereie i neste års resultat.

Gjennom ei oddsliste på ein nettstad tilknytt songkonkurransen kan publikum sette pengar på kven dei trur vil vinne i Malmö.

Mange har reagert på at Israel skal få lov til å delta, og berre her i Noreg har fleire tusen stilt seg bak eit opprop som krev at Israel ikkje skal få delta i konkurransen.

Samstundes er det Israel som toppar oddslista.

Skjermdump av oddslister tilEurovision Song Contest 2024 der Israel ligg øvst

Dei fleste deltakarlanda gjer som Noreg og peikar ut kven som skal representere sin nasjon på våren. Oddslista er no derfor ikkje basert på låtane, men på sympati og tidlegare resultat ifølge president i den norske MGP-klubben.

Foto: Skjermbilde tatt 21.12.2024

– Umogleg å unngå politikk i ESC

Morten Thomassen er president i den norske MGP-klubben.

Han trur Israel toppar lista no fordi mange har teke side med dei i den pågåande krigføringa deira mot Hamas.

– Ein kan tenke seg at Israel kan få sympati av dei som støttar dei via Eurovision, seier Thomassen.

Morten Thomassen, president i den norske Grand Prix-klubben

President i den norske MGP-klubben, Morten Thomassen har også fått med seg oddslista, men seier at det ikkje er så viktig å tolke det som kjem fram i oddslistene heilt enno. – Det er lenge til Eurovision og dei fleste nasjonane har ikkje valt sine representantar enno.

Foto: Ksenia Novikova

Ifølge Den europeiske kringkastingsunionen, EBU, er ein av hjørnesteinane i Eurovision Song Contest «dens apolitiske karakter».

Det er også EBU som bestemmer kven som får delta og ikkje. Dei bestemte at Russland ikkje fekk delta i fjor, og dei skal eller ikkje vere med i 2024.

Men EBU understreka likevel til NRK tidlegare i desember at konkurransen er ei ikkje-politisk kulturell hending.

Det var i samband med spørsmålet om Israel skulle få delta.

– Det er umogleg å unngå politikk i kultur. Ein ser det over alt, seier Thomassen.

Synest du Eurovision Song Contest er politisk?

Ja! Openbart. 91%

Nei, eg synest konkurransen greier å halde seg nøytral. 9%

Avstemningen er lukket. 10418 stemmer totalt

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Les også Bøtelagt for palestinsk flagg under ESC

Det islandske bidraget viste det palestinske flagget under finalen i Tel Aviv

Ukraina-siger tre månadar etter invasjonen

Ukraina har gjort det veldig bra i konkurransen etter at Russland gjekk til fullskalakrig mot dei februar 2022.

Tre månadar seinare gjekk dei til topps i Eurovision Song Contest med rekordmange poeng.

– Då var ein god del sympati som var ute og gjekk. Det er ikkje mange som hadde trudd at dei hadde vunne i eit normalt år, seier presidenten i den norske MGP-klubben om sigeren.

Ukrainske Kalush Orchestra under innmarsjen Eurovision-finalen.

Den Ukrainske gruppa Kaluch Orchestra vann Eurovision Song Contest 2022. Dei var tydelege på at ein seier betydde alt for det krigsråka landet.

Foto: Heiko Junge / NTB

Det er heller ikkje lenge sidan Ukraina, representert av artisten Jamala, vann konkurransen med «1944». Mange meinte låten var eit stikk mot den russiske annekteringa av Krym-halvøya som fann stad to år tidlegare.

Nok av politiske skandalar å velje mellom

Linda Eide har samla mykje kunnskap gjennom si hobbybaserte Grand Prix-forsking.

Kompetansen er spesielt god når det gjeld politiske skandalar og trekk fram eit døme frå då hennar favorittsong «La La La» med Massiel vann for Spania i 1968:

– Det var ein oppsiktsvekkande siger som vart rekna som tvilsam og eit mogleg resultat av diktatoren Franco sine sleipe triks.

Hvorfor stoppet ett land TV-sendingen midt i og erstattet den med et pausebilde av et blomsterbed? Og sa at vinneren var et helt annet land enn det faktisk var?

Kvifor stoppet eitt land TV-sendinga midt i og erstatta den med et pausebilde av et blomsterbed? Og sa at vinnaren var et helt anna land enn det faktisk var?

Men det finst også døme på bidrag har hatt så openbart politisk bodskap at EBU har stoppa dei.

I 2009 stilte Georgia opp, som på den tida hadde ekstra dårleg relasjon med Russland, med låten «We Don't Wanna Put In».

Finalen gjekk føre seg i Moskva og det enda med at dei ikkje fullførte fordi dei nekta å endre på teksten.

Les om fleire politiske markeringar i Eurovision-historia:

Kulturstrøm

  • Ingen nordmenn har klart det etter dem

    Lørdag 19.oktober 1985 ringte telefonen i leiligheten der Morten, Magne og Pål bodde i London. Det var med beskjeden om at låta deres Take On Me hadde nådd 1.plass på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Nå hadde a-ha den singelen som var mest spilt på radioer og mest kjøpt av folk i hele USA. Etter det har ingen nordmenn hatt musikk på toppen av den listen!

    -Vi startet på toppen sier Magne Furuholmen i intervjuet du kan høre i Musikklivet, og denne endret alt.

    Take On Me startet som "The Juicy Fruit Song", med bare melodien og riffet til Magne og Pål i deres første band Bridges. Mortens sang på refrenget er inpirert av Richard Strauss «Also sprach Zarathustra». Tempoet er like raskt som en moderne technolåt. Og videoen med tegneseriesekvensen var banebrytende, og ofte etterlignet siden.

    40 år senere listes Take On Me fortsatt opp blandt popens beste låter. Riffet gjør sangen gjenkjennlig på få sekunder. Og fortsatt er det nesten umulig å synge som Morten på refrenget, som går over 2 1/2 oktav.
    - Den var ikke laget for å være noen sing-a-long, forteller Magne i Musikklivet.

    Morten Harket, Magne Furuholmen og Paul Waaktaar-Savoy
    Foto: Michael Ochs Archives / Getty Images
  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB