NRK Meny
Normal

Stressa ned med intens kontorkonsert

Paal Nilssen-Love Trio stod for haustens første kontorkonsert i TV-aksjonens kontor tirsdag ettermiddag. – No har eg mykje mindre stress i kroppen, sa Haddy N'jie etter trioens korte, men intense konsert.

Video Kontorkonsert med Paal Nilssen-Love Trio

Paal Nilssen-Love i aksjon under tirsdagens kontorkonsert. (Stillfoto: Fred Olav Vatne)

I lokala til TV-aksjonen i NRK-huset på Marienlyst arbeider ti-tolv medarbeidarar på spreng med å førebu maratonsendinga 23. oktober. Programleiarduoen Erik Thorstvedt og Haddy N'jie var til stades tirsdag, og særleg sistnemnde hadde utbytte av konserten:

– Før konserten tenkte eg at «dette har eg ikkje tid til», men då dei byrja å spele, kjendest det som ei reinsing, sa Haddy etterpå.

– No har eg mykje mindre stress i kroppen, det var veldig deilig!

– Eg må innrømme at det ikkje akkurat er denne musikken eg høyrer på heime, sa Erik Thorstvedt.

– Men dette er kanskje musikk som kan frigjere kreativitet, og hjelpe oss til å tenkje utanfor boksa.

Ken Vandemark, Ab Baars og Paal Nilssen-Love

Ken Vandemark, Ab Baars og Paal Nilssen-Love.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

Vaks opp på jazzklubb

Trommeslagaren og perkusjonisten Paal Nilssen-Love sleit ut sine barndoms trommestikker i Stavanger, der han ifølgje artisten si eiga heimeside «vaks opp på jazzklubben som foreldra dreiv».

Frå det nyskapande og eksperimentelle jazzmiljøet i heimbyen gjekk vegen vidare til jazzlinja i Trondheim, og han har sidan oppnådd å bli internasjonalt anerkjend som ein av dei aller beste på sitt felt.

Kom rett frå USA-turné

36-årige Nilssen-Love er kjend for å spele mange konsertar og å ha mange jarn i elden samtidig, og denne hausten er ikkje noko unntak:

– Vi kom heim frå USA-turné i går, med elleve konsertar mellom anna i Texas, New Orleans og Detroit, sa Nilssen-Love til NRK.no før tirsdagens konsert.

Paal Nilssen-Love er sentral i ei rekkje band, og to av dei gir ut nye album i haust, The Thing i oktober og Atomic i november. Det er likevel berre toppen av isfjellet:

– Det finst 15 innspelingar som skal kome ut etter kvart, dei fleste på cd og nokre på vinyl, seier han.

Tirsdag hadde han med seg saksofonist Ken Vandemark, som Paal Nilssen-Love har spelt med i om lag ti år, og klarinettisten Ab Baars.

Sjå vårens kontorkonsertar

I vår arrangerte NRK totalt ni kontorkonsertar i samarbeid med MIC Norsk Musikkinformasjon. Susanne Sundfør, Håkon Kornstad og Mathias Eick var mellom artistane som krydra dagen for kontorarbeidarar og mange andre gjennom våren.

Sjå: Kontorkonsert med Håkon Kornstad

Sjå: Sjå Mathias Eick blåse liv i kontoret