Kontorkonsert med Gammalgrass

Trioen Gammalgrass har gammaldans og bluegrass som fundament, men deira nyaste låt under kontorkonserten tysdag var ein slått inspirert av indisk og irsk musikk.

Kontorkonsert med Gammalgrass i Eidsvoll rådhus tirsdag 23. oktober. Gammalgrass består av Stian Carstensen (trekkspill/banjo), Ola Kvernberg (fiolin/bratsj) og Ole Morten Waagan (kontrabass).

Gammalgrass under kontorkonserten på Eidsvoll tysdag ettermiddag. (Foto: Fred-Olav Vatne/NRK)

Det var stinn brakke i resepsjonen på Eidsvoll rådhus då trioen Gammalgrass med Ola Kvernberg (fiolin), Stian Carstensen (trekkspel/banjo) og Ole Morten Waagan (kontrabass) heldt kontorkonsert tysdag.

– Leika meg med moglegheitene

Etter særeigne versjonar av Green Day-hiten «Basket Case» og Jules Massenets «Meditation» avslutta Gammalgrass med ein heilt ny komposisjon av fiolinist – og i denne låta bratsjist – Ola Kvernberg:

– Låta er eit resultat av jamming i studio under arbeidet med den nye plata vår, i Ocean Sound på Giske, fortel Ola Kvernberg til NRK – og kan dermed avkrefte Stian Carstensens spøkjefulle påstand under konserten om at «Ola skreiv'n i søvne».

– Eg kjøpte bratsj for ikkje så lenge sidan, og leika meg med moglegheitene. Eg prøvde også å kombinere indisk-inspirerte linjer med bluegrass, irske element og slåttemusikk. Den er så ny at vi ikkje er heilt sikre på kva vi skal kalle den enno.

Kontorkonserten vert arrangert av NRK i samarbeid med MIC Norsk Musikkinformasjon.

Ola Kvernberg

Ola Kvernberg.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Hadde dei ei fele under sofaen, drog vi den fram og spelte

Trekkspelaren Stian Carstensen (41) er oppvaksen på Eidsvoll, bur framleis i bygda og har vore ein aktiv del av bygdas musikkmiljø sidan han lærte å spele av faren Finn Harald i gutedagane:

– Far min hadde ein del spelekameratar som han hadde spelt i lag med i alle år, fortel Stian Carstensen til NRK.no.

– Dei spelte eg mykje i lag med på festar og andre tilstellingar – felespelarar og trekkspelarar som stort sett var 60 år eldre enn meg.

Frå dette miljøet fekk Carstensen med seg ei innstilling om at musikk kan brukast i alle slags samanhengar:

– Var vi heime hos nokon og dei hadde ei fele under sofaen, drog vi den fram og spelte. Eg fekk brus, og så drakk karane bokkøl og bayer og den slags.

– Denne bruksmusikalske måten å framføre musikken på har forma meg sterkt: Spel når som helst og kvar som helst. Eg likar å spele heime hos folk og på nachspiel, på andre stader enn i konsertsalar.

Stian Carstensen

Stian Carstensen.

Foto: Fred Olav Vatne / NRK

– Eksotisk og spennande å henge med dei karane

Stian Carstensen hugsar oppveksten med tidas gamle garde av spelemenn som ei flott tid:

– Det var eksotisk og spennande å henge med dei karane der, eg var meir saman med folk som var 50–60 år eldre enn meg, enn med jamaldringar. Eg spelte jo trekkspel, og det var det ikkje så mange på min alder som gjorde. For meg var det veldig stas, og eg saknar det litt no.

Han oppfatta aldri alkoholforbruket rundt seg som noko skremmande:

– Spelemennene var jo glade i å ta seg ein dram, men det var aldri problem, det var blide og hyggelege folk. Eg opplevde det aldri som skummelt, det var berre slik tradisjonen var.

– Dei vart sett på som nokre raringar

Spelemennene vart sett på både med beundring og undring av bygdefolket:

– Dette var ei blanding av bygdeoriginalar og musikarar, fortel Carstensen.

– Dei vart sett på som nokre raringar av befolkninga elles, men dei var avhengige av dei for å få underhaldning på festar.

Sidan folk før i tida ikkje hadde råd til å leige inn band utanfrå, var det gjerne ein trekkspelar som spelte akustisk ved festlege tilstellingar.

– Folk samla inn nokre øre, og viss dei ville han skulle spele lenger, måtte han enten få skjenk eller nokre kroner. Det var ikkje så mykje underhaldning den gongen som no, så det var naudsynt for eit lokalsamfunn å ha ein spellemann.

– Folk hadde med seg spennande ting i kofferten

Austeuropeisk musikk har hatt avgjerande innverknad på Stian Carstensens musikk – særleg frå Romania og Bulgaria. Interessa vart vekt tidleg:

– Farfar var svært glad i sigøynarmusikk, og viss det kom noko på radio, skrudde han opp, og alle måtte vere stille og høyre på.

Carstensen er kanskje mest kjend som jazzmusikar, og jazzinteressa fekk han frå ein av trekkspelarane som vanka i heimen:

– Trekkspelaren Jon Fjellbu var mykje heime hos oss på Eidsvoll, og frå eg var om lag ti år, sat vi mykje heime og spelte jazzlåtar. Han spelte på Amerikabåten og hadde høyrt jazz i New York på femtitalet. Vi reiste ikkje så mykje sjølve, men det var folk innom som hadde med seg spennande ting i kofferten.

Kulturstrøm