Hopp til innhold

E-bøker til fleire folkebibliotek

Kulturrådet utvidar prøveprosjektet for innkjøp av e-bøker til folkebiblioteka. Men det tekniske må på plass før folk får låne dei.

Ebok.

E-BOK: Fleire bibliotek kjem med i prøveordning på e-bokutlån.

Foto: BRIAN SNYDER / Reuters

– Biblioteka har sjølve ansvar for å skaffe dei tekniske systema for utlån, så i praksis kjem dei fleste nok fyrst for alvor i gang til hausten, seier seniorrådgjevar i Kulturrådet, Arne Vestbø, til NTB.

Biblioteka som er nye i ordninga er Troms fylkesbibliotek, Akershus fylkesbibliotek, Bergen offentlege bibliotek og Trondheim folkebibliotek.

Prøveprosjektet vart innført frå nyttår og omfatta Ryfylkebiblioteka, Buskerud fylkesbibliotek og Deichmanske bibliotek i Oslo.

Då kom e-bøkene med i innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for vaksne. Av dei 1000 eksemplar av ein tittel som blir kjøpte inn, vil 970 vere papirbøker og 30 e-bøker. Prøveordninga skal vare ut juni neste år.

Må ta seg tid

Trondheim Folkebibliotek

TRONDHEIM: Folkebiblioteket i Trondheim er eit av biblioteka som kjem med i prøveordninga.

Foto: Tor Beisvåg

Av dei tre biblioteka som kom med i prøveordninga i fyrste omgang, er det berre Buskerud fylkesbibliotek som er i gang med utlån av e-bøker.

Biblioteka må bestemme seg for kva system for utlån dei skal bruke.

– Me skjønar at biblioteka må bruke litt tid på å velje system. Det er snakk om ganske mange hundre tusen potensielle lånarar, så det er viktig at systema fungerer når dei blir lansert, seier Vesbø.

– Ved å vente til hausten vil biblioteka også kunne tilby eit utval bøker frå vårkatalogen, legg han til.

Halvparten e-bøker

Vestbø håpar prøveordninga vil vere med på å stimulere forlaga til å gje ut nye titlar også som e-bøker.

– Forlaga må melde inn titlane som skal med i innkjøpsordninga, og for fyrste halvår av 2012 er litt under halvparten av nye titlar meldt inn som både e-bok og papirbok. E-bokkatalogen i vår vil vere på rundt 115 titlar, seier Vestbø.

Kulturstrøm

  • BT: Frode Øverli legg Pondus på hylla

    Etter 30 år sluttar Frode Øverli å teikne Pondus-striper regelmessig, melder BT.

    Framover skal Pondus-teiknaren fokusere på barnebøker, rett nok med ein karakter som Pondus-lesarane kjenner godt til, nemleg Frida, eller «Sneipen».

    Pondus-bladet kjem til å halde fram ei stund til, og teiknaren seier han har nok nytt materiale til å fylle opp Pondus-bok nummer 25.

    – Men det kjem ikkje lenger noko nytt i blad eller aviser, seier han til avisa.

    Rett nok nektar han ikkje for at det kan kome nye Pondus-striper ein gong, men det blir eventuelt om og når han sjølv vil.

    Frode Øverli
    Foto: Sølve Rydland / NRK
  • Brad Paisley til Norge neste år

    Countryartisten Brad Paisley vil opptre 11. juni i Ålesund og 13. juni på Hamar neste år.

    Konsertene er en del av Paisleys verdensturné «Truck is Still Working», melder Live Nation.

    Paisley har gjestet Norge flere ganger tidligere.

    Brad Paisley spiller gitar
    Foto: Rob Grabowski / AP / NTB