Dette er dei største Amanda-blemmene

– To av dei største forbigåingane i Amandaprisen si historie skjedde faktisk same år, meiner NRK sin filmkritikar Birger Vestmo.

Video Oslo 31. august

FORBIGÅTT: Anders Danielsen Lie speler ein nyleg rehabilitert mann i «Oslo, 31. august» av Joachim Trier. Til fleire si overrasking blei ikkje filmen ein gong nominert i kategorien for beste film i 2012.

Foto: Nyhetsspiller

Laurdag blir Amandaprisen delt ut for 37. gong i eit show som sendes på NRK. Det blir ofte kontroversar når Noregs største filmpris blir delt ut. Vi har fått filmkjennarar til å peike på det dei meiner er dei største juryblemmene i Amanda-historia.

«Oslo, 31. august» 2012

Oslo, 31. august

INTERNASJONAL MERKSEMD: Skodespelarane Anders Danielsen Lie og Hans Olav Brenner i «Oslo 31. august», den andre i Joachim Trier sin Oslo-trilogi.

Foto: Jakob Ihre / Norsk Filminstitutt

I 2012 var det to filmar som glimra med sitt fråvær i kategorien for beste norske film. Dei to var «Hodejegerne» av Morten Tyldum og Joachim Trier sin «Oslo, 31. august».

Terje Eidsvåg i Adresseavisen

Terje Eidsvåg er kulturkommentator i Adresseavisen. Han meinte det var ein skandale då «Oslo, 31. august» ikkje blei nominert i kategorien for beste film.

Foto: Rune Petter Ness / Adresseavisen

Den andre filmen i Joachim Trier sin Oslo-trilogi hadde verdspremiere i sideprogrammet Un certain regard på filmfestivalen i Cannes i 2011.

Året etter fekk filmen heile sju nominasjonar under Amandaprisen, men i kategorien for beste film er ikkje filmen nemnt med eitt ord.

Det meiner kulturkommentator i Adresseavisen, Terje Eidsvåg, er den klart største forbigåinga i Amandaprisen si historie

– Det året var dette den klart beste norske filmen, som også blei bekrefta av eit større internasjonalt gjennombrot, seier Eidsvåg.

«Hodejegerne» 2012

Aksel Hennie i Hodejegerne

BILLETT TIL HOLLYWOOD: Aksel Henie speler hovudrolla I «Hodejegerne», som truleg sendte regissør Morten Tyldum til Hollywood. Filmen er basert på Jo Nesbø sin bestselgerroman med same navn.

Foto: Filmweb

NRKs filmkritikar, Birger Vestmo er samstemt. Trass glitrande kritikkar, høge besøkstal og stor internasjonal merksemd fekk verken Trier sin film eller Tyldum sin «Hodejegerne» den anerkjenninga dei fortener, ifølgje han.

Vestmo meiner «Hodejegerne» var den direkte årsaka til at Morten Tyldum blei snappa opp av Hollywood og fekk regissere den Oscar-vinnande filmen «The Imitation Game» med Benedict Cumberbatch i hovudrolla.

Under Amandaprisen i 2012 vann Joachim Trier regiprisen, medan «Hodejegerne» berre tok imot Folkets Amanda.

– Sett i ettertid burde nok desse filmane fått endå større utteljing, seier Vestmo.

«Elling» 2001

Elling (Per Christian Ellefsen) og Kjell-Bjarne (Sven Nordin).

PUBLIKUMSSUKSESS: Per Christian Ellefsen og Sven Nordin sjarmerte publikum i rollene som Elling og Kjell Bjarne i filmen «Elling» basert på bøkene av Ingvar Ambjørnsen. Amanda-juryen blei ikkje særleg sjarmert.

Foto: Filmweb

Berre ei handfull gonger har Noreg blitt nominert i kategorien «årets beste utanlandske film» under Oscar-utdelinga. Ein av desse er «Elling», Peter Næss sin adapsjon av Ingvar Ambjørnsen sin romankarakter med same namn.

Ina Sletten - ansvarlig redaktør, Radio Nova

Ina Sletten, tidlegare redaksjonssjef for Nova Noir på Radio Nova skulle gjerne sett Maria Bonnevie med ein Amanda-statuett i 2010.

Foto: Radio Nova /

Då nominasjonslista til Amandaprisen i 2001 var klar var «Elling» berre nominert i ein kategori, og det var for beste mannlege skodespelar for Per Christian Ellefsen sin prestasjon som tittelfiguren, som han ikkje vann.

– Det at ein av Noregs største filmskattar skulle få passere utan i det minste å bli nemnt i kategorien for beste norske spelefilm er ei lei blemme for Amandaprisen, meiner Ina Sletten, tidlegare redaksjonsleiar i filmprogrammet Nova Noir, og nå ansvarleg redaktør i studentradioen Radio Nova.

«De usynlige» 2009

Orgelmusikken fra deUSYNLIGE

FORBIGÅTT: Pål Sverre Hagen speler hovudrolla i Erik Poppe sin film «De usynlige». Filmen fekk ikkje den anerkjenninga under Amandaprisen, som nokon meiner den hadde fortent.

Erik Poppe sin tredje spelefilm begeistra publikummarar både nasjonalt og internasjonalt. Og det var nok mange som forventa at filmen ville stå igjen som den mest minneverdige kinoopplevinga det året. Men Poppe sin orgelfylte film hamna i skuggen av kinosuksessen «Max Manus».

Det følgjande året sette «Max Manus» sigersrekord under Amandaprisen med sju prisar av elleve nominasjonar. «De usynlige» vann to prisar for beste klipp og beste musikk etter totalt sju nominasjonar. Men den var ikkje nominert i kategorien for beste norske spelefilm.

– Ein så djuptpløyande og vakker film skulle unekteleg fått fleire anerkjenningar for både måten den utfordrar publikum på og korleis den festar seg til minnet i fleire veker etter visning, meiner Ina Sletten.

«De nærmeste» 2015

Mann og kvinne tett sammen i dusjen

HALVSYSKEN: Ine Wilmann og Simon Berger speler halvsyskena Charlotte og Henrik i «De nærmeste» av Anne Sewitsky.

Foto: Erik Aavatsmark/Maipo

Anne Sewitsky skreiv både manus og regisserte filmen «De nærmeste», som fekk sin verdspremiere på prestisjetunge Sundance-festivalen i USA.

Filmen er også ein av tre som blei vurdert som Noregs Oscar-kandidat i 2016. Men under Amandaprisen i 2015 fekk filmen berre to nominasjonar.

Ine Marie Wilmann blei løna med Amanda for beste kvinnelege hovudrolle for sin spelefilm-debut. Medan Silje Storstein blei nominert i kategorien for beste kvinnelege birolle.

Øyvor Dalan Vik - filmkritiker i DN

Øyvor Dalan Vik, filmkritikar i Dagens Næringsliv, sat sjølve i Amanda-juryen på byrjinga av 2000-talet.

Foto: Privat

Sewitsky derimot var ikkje nemnt blant dei nominerte for beste regi. At både hovudrolle og birolle i filmen er nominert til pris, men ikkje regissøren forundrar filmkritikar i Dagens Næringsliv Øyvor Dalan Vik.

– Det er underleg at juryen ikkje lønar den personen som har gjort skodespelarane så gode og den som har tenkt ut universet desse skodespelarane er i, seier Dalan Vik.

Ho meiner «De nærmeste» var den sterkaste norske filmen det året, og at den blei forbigått også i kategorien for beste norske film.

«Hokus Pokus Albert Åberg» 2013

Bilde fra filmen "Hokus pokus Albert Åberg"

KJÆR FIGUR: Albert og Skybert i djup samtale i «Hokus pokus Albert Åberg».

Foto: Maipo Film / Nordisk Film Distribusjon AS

6 år etter at ho vann Oscar for den animerte kortfilmen «Den danske dikteren» debuterte regissør Torill Kove med spelefilm. Og den var både solid og overbevisande, meinte NRK sin filmmeldar.

Men under Amandaprisen i 2014 var filmen berre nominert i kategorien for beste musikk.

– At Torill Kove sin «Hokus Pokus Albert Åberg» ikkje blei nominert til beste barnefilm i 2014 er uforståeleg, seier Terje Eidsvåg i Adresseavisen.

«Engelen» 2010

Maria Bonnevie i «Engelen»

«BLEMME» – Maria Bonnevie sin innsats i «Engelen» frå 2010 blei ikkje lagt merke til i kategorien for beste kvinnelege hovudrolle under Amanda-prisen.

Foto: NFI

I 2010 gjorde skodespelar Maria Bonnevie og hennar tolking av heroinisten Lea i «Engelen» av Margreth Olin eit usletteleg inntrykk på Ina Sletten i Radio Nova.

Det gjeldande året var det Sara Johnsen sin «Upperdog» som regjerte på Amandaprisen si nominasjonsliste. Filmen stakk av med fem prisar, inkludert prisen for beste kvinnelege hovudrolle.

– «Engelen» vant rett nok prisen for beste kvinnelege birolle og Folkets Amanda, men det er framleis skuffande at Bonnevie ikkje blei heidra med pris for si skjellsettande framføring det året, seier Sletten.

«Gunda» 2021

Dette er hovedpersonen i dokumentarfilmen «Gunda».
Foto: Egil Håskjold Larsen / Sant & Usant/V. Kossakovsky/Egil H. Larsen/Arthaus

Ein av det siste årets aller mest fascinerande filmar, ifølgje Birger Vestmo, er grisedokumentaren «Gunda».

Tidlegare i år var filmen nær ved å bli nominert til Oscar, då den hamna på den celebre kortlista for «best documentary feature», i skarp konkurranse med 100 andre bidrag frå heile verda.

Birger Vestmo, filmkritiker i NRK.

NRK sin filmkritikar, Birger Vestmo meiner det har vore fleire oppsiktsvekkande forbigåingar under Amandaprisen i åras løp.

Foto: HENRIETTE DÆHLI / NRK / Henriette Dæhli

Den norske Amanda-juryen fann den likevel ikkje god nok til ein nominasjon i dokumentar-kategorien, trass i at den faktisk er nominert for beste foto og lyd.

– Det synest eg er litt rart, og ei klar forbigåing av ein av dei aller beste norske filmane som har gått på kino det siste året, seier Vestmo.

«Tyven tyven» 2002

I 2002 gjorde Jørgen Langhelle, det Øyvor Dalan Vik meiner er det årets openbert beste skodespelarprestasjon i filmen «Tyven, tyven» av Trygve Allister Diesen.

Under Amanda blei Langhelle nominert i kategorien for beste mannlege skodespelar for sin innsats både i «Tyven, tyven» og «Jeg er Dina». Men det var Robert Stoltenberg som vann prisen i den kategorien for «Borettslaget». Det meiner Dalan Vik er oppsiktsvekkande.

– I «Tyven, tyven», gjer Langhelle ei sterk rolle som ein far som mister foreldreretten. Langhelle har ein ambivalens i filmen, der ein aldri kan vere sikker på kor ein har han. Og samspelet med den unge skodespelaren er sterkt. Det er noko anna enn å ta på seg parykk og leike morosame aksentar, seier Dalan Vik.

– Ikkje ønskeleg å finne vinnarar som alle er einige i

Leiar i Amanda-komiteen, Tonje Hardersen seier ein må rekne med at det i Amandaprisen si nær 40 år lange historie er tilfeller der filmkritikarar er ueinige med juryen.

Dessutan er det ikkje unaturleg at Amanda-juryen av og til kjem fram til eit anna resultat enn dei som plukkar ut filmar til internasjonale festivalar, seier Hardersen.

– Korleis kan ein unngå at juryen gjer vurderingar som blir kritiserte?

Tonje Hardersen

Leiar i Amanda-komiteen, Tonje Hardersen set pris på engasjementet rundt Amandaprisen.

Foto: Helge Hansen / Den norske filmfestivalen

– Som komiteleiar er eg oppteken av juryen skal vere autonom. Så vi legg oss ikkje opp i korleis juryen kjem fram til resultatet.

– Amanda-komiteen utnemner ein ny jury kvart år, kunne det vore ein ide å ha litt meir kontinuitet i juryen?

– Vi har hatt ulike jury-løysningar opp igjennom åra. Alle fagfunksjonar er nå representert i juryen. Og det er ei avstemming til slutt i prosessen, der ikkje ein gong jurymedlemmane kjenner den endelege vinnaren. Vi er opptekne av å finne jurymedlemmar som er kvalifiserte, men ikkje inhabile, då kan ein ikkje la juryen vere statisk, seier Hardersen.

– Kva gjer det med omdømme til Amandaprisen at det etter fleire si meining har blitt gjort nokre feilsteg opp igjennom åra?

– Trass i usemja som har vore opp igjennom, så har ikkje det gjort noko med anseeinga. Amandaprisen står kjempehøgt, og vinnarane blir oppriktig glade for ein slik pris. Vi er glade for at det er eit så stort engasjement rundt prisen. Det er ikkje mogleg å finne vinnarar som alle er einige i, det er nok heller ikkje ønskeleg, ifølgje Hardersen.

Kulturstrøm