21. desember 2012 er frykta av mange. Det er datoen då kalendaren til mayaene, eit urfolk i Mexico, endar. Filmen ved namn «2012» viser korleis scenarioet kan bli: Brennande fjell, styrtande fly, tsunamiar og meteorittar i eit stort kaos.
Les:
Det er ikkje berre Hollywood som vil tene seg rike på dommedag. No lanserer meksikanske myndigheiter ei stor turistkampanje med utgangspunkt i denne dommedagen.
Les:
Vil lage tidenes folkefest
Det ambisiøse prosjektet skal redde turistnæringa i landet og målet er å trekkje 52 millionar turistar i løpet av dei 18 månadane før endedatoen.
Meksikanarane ser ei unik moglegheit til å lage tidenes folkefest.
– Ei heil verd skal få oppdage magien til mayaene. Verda ser mot mayaene og det bør vi utnytte, sa president i Mexico, Felipe Calderón, på ei pressekonferanse der han presenterte prosjektet «Mundo maya».
Sjå promovideoen frå meksikanske myndigheiter:
Det vil bli arrangert internasjonale utstillingar, festivalar og konferansar. Arkeologiske områder skal bli restaurert, samtidig som nye delar av mayariket, som ein gong strakk seg mellom Mexico, Guatemala, Honduras og Belize, blir opna. Alle landa vil bli inkludert i feiringa.
Les:
Byrjinga på ein ny æra
PR-ekspert Elizabeth Hartmann syns påfunnet er originalt.
– I den harde kampen om turistar er det viktig at ein finn noko som er særeige, noko som er truverdig i forhold til sin eigen kultur, og det har dei definitivt gjort her, seier ho til NRK.
Les:
Også mytolog Terje Nordby er imponert over kampanjen og trur den er svar på ei enorm interesse rundt endedatoen.
– Det er ikkje første gong at religiøse hendingar er utnytta kommersielt. Både Jesus fødsel og død er tungt kommersialisert i heile den vestlege kultur. Eg syns prosjektet er storarta, her er det ei storstilt restaurering av kulturminner på gang, seier Nordby til NRK.
Høyr reportasje i Kulturnytt:
– Mayaene trur ikkje på dommedag
21. desember 2012 endar ein syklus på 5125 år, ifølgje mayakalendaren. Dette har blitt tolka både som starten på ein ny æra og slutten på alt, dommedag.
Teoriane er mange: Jordkloda skal kræsje med eit svart hol eller den passerande planeten Nibiru. Heller ikkje desse teoriane er langt frå filmverda, i «Melancholia» av Lars von Trier kjem ein passerande planet inn i bana til jordkloda og treff den.
Mexico promoterer «Mundo maya» med fokus på den første teorien: At dette er starten på ein ny æra. Men i promoteringsvideoen er det mørke skyer i horisonten og eit lag med mystikk, så eit hint av dommedag ligg det bak videoen.
Terje Nordby kan berolige oss med at sjølv ikkje mayaene trudde på dommedag.
– Dei har delt inn tida i syklusar, og det som skal skje denne dagen er at ein går inn i ein ny syklus, seier han.
Slik kan alt ende - trailer frå «2012»: