Hopp til innhold

Dommedagsfilm skremmer barn

Filmen «2012» skremmer barn og unge. Dei oppsøkjer hjelpetenester på nett og telefon fordi dei er livredde for dommedag.

Filmen 2012 fly
Foto: Filmweb

Hei, eg har slite med angst sidan eg gjekk i andre klasse, no går eg i tiande klasse. Eg tenkjer utruleg mykje på døden, og er redd heile tida. Eg veit ikkje kva eg skal gjere, og etter alt snakket om at verda går under, har eg vorte veldig redd. Kjem verkeleg verda til å gå under i 2012?

Jente (15) / frå ung.no

Dette er eitt av spørsmåla Ellen Voke og andre psykologar ved nettstaden ung.no har motteke. Også hjelpetelefonen til Røde Kors har merka at profetiane om dommedag skremmer barn og unge. I tida før premieren på filmen 2012 har interessa rundt dommedagstemaet til filmen eksplodert.

Les også: Tjener seg søkkrik på menneskers frykt

Kan vinne overlevingssjanse

I filmen går profetiar om naturkatastrofe og dommedag henta frå den gamle Maya-kalenderen oppfylling. Og at dei store verdsleiarane har heile tida har visst om at dette ville skje, utan å gå ut med det.

- Det har byrja å kome spørsmål om det, om dette er sant, om det kjem til å skje. Det er lagt opp i ein kontekst at dette er ikkje underhaldning, dette er faktisk kanskje sant, seier Ellen Voke.

Filmen 2012 plakat

Filmen 2012 hevdar at verda vi går under i 2012.

Foto: Filmweb

«Finn sanninga» er bodskapen frå produsenten i traileren til filmen «2012». Nettsida til filmen får barne-, og ungdoms- og familiedirektoratet, som driv nettstaden ung.no, til å reagere.

På den offisielle nettstaden til filmen "whowillsurvive2012" kan ein mellom anna stemme på kven av dei overlevande etter 2012 som bør verte verdsleiar. Ein kan delta i meningsmålingar om kva ein skal bruke sine siste dagar til. I tillegg kan ein vere med på eit eige lotteri der man kan vinne ein sjanse til å overleve katastrofen.

Vurderte berre filmen

Owe Watne i Medietilsynet visste ikkje korleis filmen vart marknadsført då dei vurderte at forsvarleg aldersgrense for filmen var 11 år.

- Eg har ikkje gått inn i dette. Når vi får ein film til vurdering er det filmen vi vurderer, seier Owe Watne.

(Artikkelen held fram under biletet)

Film 2012 John Cusack

John Cusack spelar ei av hovudrollene i filmen 2012.

Foto: Filmweb

- Kanskje dei bør setje seg ned å sjå på heile konseptet «2012», ikkje berre filmen åtskilt, er Ellen Voke sitt svar til Medietilsynet si vurdering.

Dersom Medietilsynet på førehand veit at ein film vil verte sett i ein bestemt samanheng, og dette er veldig framtredande, tek dei det med i vurderinga, men det var altså ikkje tilfelle her, fortel Owe Watne.

- Snakk med barna

I morgen har filmen premiere med 11 års- grense. Familiepsykolog Ellen Voke råder foreldra å snakke med barna sine om filmen «2012».

- Spør om dei har høyrt om den, spør om dei er opptekne av det, spør kva dei tenkjer. Ver i verste fall bli med dei på filmen, og delta i det dei er opptekne av.

  • Kva aldersgrense synest du denne filmen burde ha?

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters