Oppdatering 13.06: Emil Meek trekker seg frå Mesternes mester på grunn av sjukdom i familien. Mesterskyttar Ole-Kristian Bryhn går inn som deltakar.
Innspelinga av «Mesternes mester» startar i midten av juni, og går føre seg i Lindesnes og Farsund på Sørlandet.
Ti konkurranselystne idrettsstjerner skal kjempe om den gjeve tittelen.
Blant dei er MMA-utøvaren Emil Meek. Sidan 2016 har han konkurrert i Ultimate Fighting Championship, men har nyleg bestemt seg for å tre ut av ringen.
Emil Meek under innveging før kamp i Ultimate Fighting Championship i 2018. Han trur dei andre deltakarane kjem til å bli overraska over at han eigentleg er veldig roleg og snill.
Foto: Tom Szczerbowski / ReutersHan ser fram til å vise fram sporten sin.
– Da eg begynte med MMA var det heilt ukjent, men eg har fått det stuereint. Eg har respekt for alle idrettar, men eg vil vise kor råe vi MMA-utøvarar er, for vi er faktisk veldig komplette utøvarar, seier han.
Gjennom idretten har han tileigna seg uthaldenheit, psykisk styrke og ikkje minst lite frykt for det som kjem.
Men han føler seg ikkje uovervinneleg av den grunn.
– Det er to personar eg trur blir seige å slå, og det er Terje Håkonsen og Anders Aukland. Det er fordi dei har så annleis fysikk og andre type ferdigheiter enn det eg har, innrømmer Meek.
Sjå kven som er med i «Mesternes mester» i bildesveipen under:
Tidlegare fotballspelar Pål André Helland.
Tidlegare langrennsløper Astrid Uhrenholdt Jacobsen.
Tidlegare fotball-, ishockey- og innebandyspelar Birgitte Lersbryggen.
Tidlegare MMA-utøvar Emil Meek.
Tidlegare kunstløpar Camilla Gjersem.
Tidlegare handballspelar Marit Malm Frafjord.
Tidlegare snøbrettkøyrar Stian Sivertzen.
Tidlegare skiskyttar Tiril Eckhoff.
Tidlegare snøbrettkøyrar Terje Haakonsen.
Tidlegare langrennsløper Anders Aukland.
– Eg er ein luring
Ein annan utfordrar i neste sesong er Pål André Helland. Han la fotballskorne på hylla i haust etter å ha spelt dei siste to sesongane av karrieren sin i Lillestrøm.
– Eg har sakna å konkurrere, så det er noko av grunnen til at eg sa ja til å vere med, seier Helland.
– I tillegg ser eg fram til å høyre korleis andre har tilnærma seg trening, noko som igjen kan vere lærerikt innafor fotballen, legg han til.
På spørsmål om kva han meiner dei andre bør frykte i møte med han, svarer trønderen kontant:
– Det er at eg er ein luring. Eg er taktisk smart.
Pål André Helland i Rosenborg-drakta. Han spelte for Trondheimsklubben fyrst i 2009-2011, deretter 2013-2021.
Foto: Ned Alley / NTB scanpixHåpar på å ha det artig
Også Tiril Eckhoff, som annonserte karriereslutt i mars, gler seg til å bli kjent med dei andre og idrettskarrierane deira.
– Eg håpar vi kan ha det artig saman, seier ho.
Eckhoff innrømmer at også ho ser på Aukland som ein av dei sterkaste konkurrentane.
– Eg trur alle er gode konkurrentar. Men eg ser for meg at Aukland kan vere hvass. Det same gjeld Emil Meek.
Dette er deltakarane (oppdatert liste):
- Anders Aukland (50), langrenn
Merittlista er lang og består av blant anna OL-gull i stafett, VM-sølv i klassisk og seks verdscupsigrar. Han har også vunne Vasaloppet og langløpet Marcialonga.
- Astrid Uhrenholdt Jacobsen (36), langrenn
Jacobsen tok OL-gull i stafett i Pyeongchang 2018. Ho har i tillegg ti VM-medaljar, 41 pallplassar i verdscupen, og 34 NM-medaljer, derav 14 gull.
- Birgitte Lersbryggen (48), ishockey, fotball og innebandy
Lersbryggen har vore på landslaget i alle tre idrettane. I 20-åra via ho tida si til innebandy, og flytta til Sverige for å satse. Ho vann fire seriemeisterskap med klubben Ballrog, og vart i denne perioden ranka som verdas beste innebandyspelar.
- Camilla Gjersem (29), kunstløp
Gjersem vart innrulla på landslaget som 11-åring. Ho deltok i EM i 2012 og i 2015, og har i tillegg fem NM-gull. Gjersem la opp i 2019.
- Ole Kristian Bryhn (34), skyttar
Bryhn er ein av dei mestvinnande skyttarane i Noreg gjennom tidene. I VM har han ni gull, sju sølv og fem bronse 2010-2018.
- Marit Malm Frafjord (37), handball
Frafjord er ein av Noregs mesr meritterte handballspelarar både på landslaget og klubblaget. Ho har to OL-gull, eitt VM-gull og fem EM-titlar med landslaget.
- Pål André Helland (33), fotball
Helland har spelt for Rosenborg, Byåsen, Hødd og Lillestrøm. Han vann cupen med Hødd i 2012 og har fire seriegull og tre cupgull med Rosenborg i åra 2015–2018. Han har også seks kampar for landslaget.
- Stian Sivertzen (34), snowboard
Sivertzen vart juniorverdsmeister i 2007 i greina snowboardcross, og tok andreplass i verdscupen i greina boardercross året etter. Han deltok i OL i Vancouver i 2010.
- Terje Håkonsen (48), snowboard
Håkonsen har vunne VM i halfpipe tre gongar. Han har også fem EM-gull i halfpipe. Han har også vunne US Open tre gongar. I 2007 sette han verdsrekord for «Highest Air» da han nådde 9,8 meter frå toppen frå halfpipen.
- Tiril Eckhoff (33), skiskyting
Eckhoff vann verdscupen samanlagt i 2020/21. Til saman har ho 29 individuelle verdenscupsigrar og er dermed tidenes mestvinnande norske kvinne i verdscupen i skiskyting. Ho har også ti VM-gull, derav tre individuelle. Frå OL har ho to gull, to sølv og fire bronse.
For meir info om deltakarane og neste sesong av «Mesternes mester» les her.