– Vi gler oss stort til å spele inn neste års sesong på sørspissen av Noreg.
Det seier produsent av Mesternes mester Eirik Hamre i Nordisk Banijay.
Dei kan no avsløre at Agder-kommunane Lindesnes og Farsund blir vertskap for sesong 15 av det populære programmet på NRK.
Innspelinga startar i juni i år og har premiere på nyåret 2024.
– Området byr på vill og vakker natur med store kontrastar, frå kritkvite strendar til grøne åsar. Dette er spektakulære omgivnader som er midt i blinken for Mesternes mester, seier Hamre.
Aksel Lund Svindal held fram som programleiar neste sesong. Også han er svært fornøgd med valet.
– Eg er skikkeleg spent på å bli betre kjent med Lindesnes og Farsund. Bileta frå researchen til produksjonsselskapet ser heilt fantastiske ut, så eg så eg har store forventningar, seier Lund Svindal.



Lista i Farsund er kjent for sine langstrakte strender med gode surfemuligheter.
Foto: Per Kåre Sandbakk / NRKAvslører få detaljar
Før pandemien vart Mesternes mester spelt inn i ulike land sør i Europa. Sidan 2021 har det gått føre seg i Noreg.
Finalen av sesong 14 vart nyleg sende på NRK. Der gjekk olympisk meister i roing, Olaf Tufte av med sigeren.
Sesongen vart spelt inn i Sandefjord og Larvik.
Dei to tidlegare sesongane fann stad på Sørlandet.
I Arendal og Grimstad i 2021, og i Kristiansand og Lillesand i 2022.
Produksjonsselskapet er no i gang med å finne område for innspeling i Lindesnes og Farsund.
Men dei vil ikkje avsløre nøyaktig kvar det skal filmast før opptaka blir avslutta i juni i år.
Over all forventning
Mesternes mester er blant NRKs mest populære program og har vorte sendt kvart år sidan 2009, med unntak av 2013.
Serien har i snitt trekt 1,3 millionar nordmenn til skjermen per episode denne sesongen. På det meste hadde dei totalt 1,5 millionar sjåarar.
I fjor vart serien nominert til Gullruten for beste konkurransedrivne reality for sjette gong.
– Særleg gledeleg er det at straummetalla i NRK TV i år er over all forventning, seier NRKs prosjektredaktør for Mesternes mester, Pia Basberg.
Vinnar av sesongen i 2021 og alpinlegende Aksel Lund Svindal held fram som programleiar.
Jerngrep er ei kjend øving som har gått igjen i dei aller fleste sesongane av Mesternes meister. Her frå sesongen i år som hadde finale på NRK på fredag.
Foto: Heidi Marie GøperødLokal stoltheit
Ordførarane av Lindesnes og Farsund gler seg til å vere vertskap og har store forventningar.
– Sjåarane kan gle seg til veldig mykje fin natur, strendar og spennande landskap, seier ordførar i Farsund Arnt Abrahamsen.
– Vi er kjempeglade for å kunne gjere dette saman med Farsund og å få vise fram sørspissen på ein fantastisk måte, seier Lindesnes-ordførar Even Tronstad Sagebakken.
27. februar 1656 ble Norges første fyrlys tent på Lindesnes fyr.
Strendene på Lista er et yndet sted for surfing.
Restauranten «Under» på Båly i Lindesnes.
Farsund sentrum.
Sagebakken trur det vil bety mykje for lokalbefolkninga at innspelinga kjem til dei.
– Dette kjem til å gjere folk stolte. Vi skal vere med å bidra til at dette blir ein historisk sesong.
Kommunen får uvurderleg reklame, meiner ordførarkollega Abrahamsen.
– No får vi vist fram kommunen for omtrent halvannan million sjåarar i ei tid på året då mange kanskje planlegg ein ferie. Verkar vi skikkelege her er det vanvitig god PR for kommunen.



Sesong 15 av Mesternes mester vil foregå i områder i Lindesnes og Farsund.
Foto: Per Kåre Sandbakk / NRKKva stader i Farsund og Lindesnes bør Mesternes Mester spelast inn?
Hei!
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge
inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett
Velkommen til dialog hos NRK. Siden du er pålogget andre NRK-tjenester så slipper du å logge inn på nytt her, men vi trenger ditt samtykke på våre brukervilkår for dialog på nett