Hopp til innhold
Anmeldelse

Oppvekst i skuggen av ei mor alle elskar

Det forsømte barnet er ein kjend figur i samtidslitteraturen. Toril Brekke er av dei som greier å skildre slike frå innsida, noko ho viser på ny i romanen «Alle elsket moren din».

Forfatter Toril Brekke

Forfattar Toril Brekke «tek liding og absurditetar på djupaste alvor», skriv litteraturkritikar Marta Norheim.

Foto: Tine Poppe / Aschehoug

  • TITTEL: Alle elsket moren din
  • FORFATTAR: Toril Brekke
  • FORLAG: Aschehoug

På omslaget ser vi denne delen av historia i konsentrat: Ei lita jente stirer alvorleg på oss. I ei eiga bilderamme, i fargar, ser vi ryggen på ei ung kvinne i fotsid, raud kjole. Den raudkledde var 19 år og lovande pianist då ho fekk eit barn med ein mann ingen veit kven er: Alle elska mora og kanskje elska også mor opptil fleire, så seier i alle fall ryktet om ein skal tru på slike. Pianistkarrieren hanglar vidare, også etter at mor gifter seg og får eit barn til. Den vakre unge mora hamnar i klem mellom det vesle livet som tobarnsmor i eit rekkjehus på Valle Hovin aust i Oslo, og dei store draumane om internasjonal karriere. Dette ingenmannslandet er ingen bra plass.

Når foreldra stikk av

Hovudpersonen i denne romanen er dottera Agathe, som ikkje er det einaste barnet i nabolaget med foreldre utan særleg omsorgsevne. Her er alkoholiserte fedrar og mødrer som har gitt opp, her er barn som bur aleine fordi foreldra rett og slett har stukke av. Her er den cerebral parese-ramma naboguten som blir hata av far sin. Heime hjå besteforeldra ber den trygge bestemora på draumar som aldri blei noko av, og onkelen til Agathe stikk frå farens ambisjonar – han dreg til sjøs og blir borte. Han er kanskje den einaste som greier å realisere draumane sine, kven veit.

Barna klarer brasane

Toril Brekke, Alle elsket moren din

Vesle Agathe er hovudpersonen i romanen.

Toril Brekke er ikkje redd for å vere tydeleg, og ho understrekar tematikken med sterke fargar og dramatiske hendingar. Slikt kan bli glorete og utanpåklistra, men Brekke er langt unna slike fallgruver av fleire grunnar. Ein ting er at hendingane er tydeleg plasserte i tid og rom. Vi er i ein Oslo-bydel som tek form på 50- og 60-talet. Nye familiar flyttar inn, nye skular blir bygd. Barna aktiviserer seg sjølve, dei leikar gøymsel og streifar rundt i store sirklar. Dei passar småsøsken og stel pengar heime når dei treng noko: Mat og klede, etter kvart børst og røyk. Dei lever innanfor tidstypiske rammer, men dei er spesifikke individ og ikkje nødvendigvis representative. Og her kjem den andre grunnen til at dette fungerer til syne. Personane er samansette og utviklar seg gjennom erfaringane dei gjer.

Brekke tek liding og absurditetar på djupaste alvor

Som i romanen «Marmor» frå 2014 er Brekke også denne gongen ute etter å vise fram eit dobbelt bilde. Her er barn som trass i sakn og frykt er tapre og handlekraftige, og foreldre som av ulike grunnar ikkje er til stades for barna sine. Desse vaksne har også sitt, som det heiter, utan at det hjelper barna noko særleg. Kva som gjer det så vanskeleg, får lesaren vere med på å gruble over.

Der det i «Marmor» kravde sin lesar å halde styr på alle personane og dei innfløkte familiekonstellasjonane, er «Alle elsket moren din» tettare knytt rundt færre generasjonar og ei mindre gruppe av personar. Det gjer at denne boka er lettare å trenge gjennom, på godt og vondt. «Marmor» var både tyngre og rikare lesnad. Begge er medrivande og høgst lesverdige forteljingar frå Oslo på 1900-talet. Brekke er ein forfattar som tek heile livet, med lengt og liding, begjær og draumar, absurditetar og komikk på djupaste alvor.

  • Flere anmeldelser fra NRK:
David Lagercrantz: Mannen som jaget sin egen skygge

«Mannen som jaget sin egen skygge» av David Lagercrantz: Med Lisbeth Salander – langt på vei – henvist til listen over viktige bipersoner, er det få gode grunner igjen til å fortsette Millennium-serien. Bortsett fra pengene.

Glasshjerte omslag

«Glasshjerte» av Torkil Damhaug: Torkil Damhaug er god på ungdomspsykologi. Det har han vist før og gjør det igjen med «Glasshjerte», hans sjette kriminalroman.

Nesten menneste

«Nesten menneske. Biografien om Julius» av Alfred Fidjestøl: Alfred Fidjestøls biografi om Julius er et stykke ekte virkelighetslitteratur fortalt etter alle kunstens regler.

Kulturstrøm

  • – Bare så vidt han er en artist

    Flo Rida (46) er for mange unge studenter selve lyden av barndommen deres, og torsdag kveld opptrådte han i Norge.

    Han byr på nostalgi – ikke ulikt nylig norgesaktuelle Pitbull, en annen 2010-tallshelt innen partymusikk fra Florida.

    Og nostalgi selger tydeligvis: Amerikanerens konsert på studentfestivalen Uka – Norges største kulturfestival – ble fullstendig utsolgt.

    Men var det kveldens forestilling verdt de 800 kronene som hver student punget ut med? Overhode ikke, mener NRK P3s anmelder Even Samir Kaushik.

    Flo Rida på UKA 2025 i Dødens dal, Trondheim
    Terningkast 2 Konsert

    «Minimal innsats og gigantisk gevinst»

    ANMELDELSE: Flo Rida på Uka

  • Tidligere Kiss-gitarist er død

    Familien bekrefter til Variety at Ace Frehley er død, 74 år gammel. Litt tidligere meldte TMZ at han lå i respirator etter hjerneblødning.

    Frehley fikk en hjerneblødning etter at han falt i studio for et par uker siden.

    Frehley var med å starte Kiss i 1973, sammen med Gene Simmons, Paul Stanley og Peter Criss, Bandet som er kjent for pyro, ansiktssminke og kostymer.

    Kiss fikk ordentlig suksess da de ga ut konsertalbumet Alive! i 1975. Ace Frehley forlot bandet i 1982, men ble gjenforent med bandet i en periode på midten av 90-tallet.

    Han har holdt flere solokonserter i Norge, blant annet på Rockefeller i Oslo i 2015.

    En gruppe mennesker med masker som spiller instrumenter på en scene
    Foto: PAUL WARNER / AP / NTB
  • – Meir nedtona, meir angst

    Kor roleg, tilslørt og plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre nedstemt og trist?

    På «How Did I Wind Up Here?» tøyar Spellemannprisen-vinnande Jouska (30) grensene for kor mykje skjør angst sjangeren toler, og lagar eit nydeleg album i prosessen, skriv NRK P3s kritikar Sofie Martesdatter Granberg.

    Albumet blir gitt ut 17. oktober.

    en person som sitter på gulvet ved siden av en gitar
    Terningkast 5 Musikk

    «Kor plaga kan popmusikk eigentleg verte før han vert berre trist?»

    ANMELDELSE: «How Did I Wind Up Here?» av Jouska